Listhaug rett i opposisjon – lovar omkamp om straum

Det første Sylvi Listhaug vil gjere når ho forlèt posten som olje- og energiminister, er å fremme eit forslag om å stoppe ein ny straumkabel til utlandet.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug (Frp) fekk litt over ein månad i olje- og energiminister. Når ho no blir ein del av opposisjonen, ønsker ho å kassere ei av sakene ho hadde til behandling i departementet.

Foto: Fredrik Varfjell / Fredrik Varfjell

Avtroppande olje- og energiminister og Frp-nestleiar Sylvi Listhaug varsla tysdag omkamp i tre saker, etter at partiet gjekk ut av regjering måndag. Ei av sakene var ein planlagd kraftkabel mellom Hardanger og Storbritannia.

Konsesjonssøknaden har vore ei av sakene Listhaug hadde til behandling som olje- og energiminister. Men no seier ho at dei så snart som råd vil å prøve å setje ein stoppar for kabelen når dei kjem i opposisjon.

– Vi kjem til å fremme eit forslag om ikkje å bygge ein ny utanlandskabel. Det er fordi vi ikkje ønsker at norske straumkundar skal få auka utgifter, seier ho til NRK.

Friare rolle

I ein rapport frå NVE kjem det fram at den planlagde kabelen vil vere lønnsam for norsk kraftproduksjon. Men han vil truleg også føre til at både straumen og nettleiga blir dyrare.

Motstanden mot kabelen i Framstegspartiet har vore tydeleg, også medan dei har vore i regjering. Når dei no går over til å vere eit opposisjonsparti, står dei friare til å fremme eigen politikk, seier Listhaug.

– Vi ønsker eit konstruktivt samarbeid med regjeringa, men for Frp er det partiprogrammet som er det viktigaste. Og då kjem vi til å søke fleirtal med andre parti når vi ser at vi har felles interesser med dei.

Fleirtal på Stortinget

Fleire av partia på Stortinget er i mot bygginga av den planlagde straumkabelen. Senterpartiet har allereie fremma eit forslag om å stoppe planane, og med Frp på veg ut regjeringskontora, ønsker Raudt ein fortgang i arbeidet, skriv Nationen.

– Etter Frps utgang av regjeringa tyder mykje på at det ikkje er noko stortingsfleirtal som støtter bygginga av straumkabelen, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til avisa.

Han tok difor kontakt med både Frp og Arbeidarpartiet tysdag for å skrinlegge heile prosjektet.

Espen Barth Eide

Energi- og klimapolitisk talsperson Espen Barth Eide (Ap) meiner det har vore fleirtal på Stortinget mot utanlandskabelen sidan mars 2018.

Foto: Cornelius Poppe

Men ifølge energi- og klimapolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Espen Barth Eide, har det vore fleirtal mot kabelen i snart to år allereie. Under behandlinga av Acer-samarbeidet, fekk Ap fleirtal for eit forslag om at det ikkje skulle byggast nye kablar no, og at nye kablar skulle vere eigd og drifta av Statnett.

Forslaget fekk støtte frå Frp, Høgre, Venstre og MDG, seier Eide.

– Det finst allereie ein avtale som har fleirtal. Vi ønsker å få han stadfesta, og at det naturlege utfallet er at denne ikkje blir bygd, seier han.

Håper prosessen får halde fram

Høgres Stefan Heggelund sit også i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Han meiner det er viktig at behandlinga av konsesjonssøknaden må halde fram, og ikkje blir stoppa av stortingsfleirtalet.

– Vi veit at kabelen er samfunnsøkonomisk lønnsam, og vil kunne kutte to millionar tonn CO₂ i året. Han ligg no til behandling i ein vanleg konsesjonsprosess, og då meiner vi det er mest ryddig at Stortinget ikkje bryt av konsesjonsprosessen før han er behandla på vanleg måte, seier han til NRK.

Stefan Heggelund er stortingsrepresentant for Høyre

Stefan Heggelund (H) meiner det er viktig at søknaden om å få bygge straumkabelen til Storbritannia blir ferdigbehandla, og ikkje blir stoppa av Stortinget no.

Foto: David Krekling / NRK

Han meiner også at opposisjonen har avtalar dei må rette seg etter i saka.

– Vi følger avtalen vi gjorde i samband med tredje energimarknadspakke om at eventuelle nye kablar skulle vere samfunnsøkonomisk lønnsame, og at det skulle haustast erfaringar og grundige analysar før nye kablar blei etablert. Og det er nettopp slike grundige analysar som skjer i konsesjonsprosessar. Difor meiner vi det ikkje er rett å avbryte denne prosessen no.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger