Hopp til innhold

SV truar med å sabotere domstolrevers

SV kan spolere regjeringa sitt løfte om å reversere domstolsreformen. Barneombodet håper dei lukkast.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil reversere den forrige regjeringens domstolsreform og gjenopprette alle landets gamle tingretter.

MANGLAR STØTTE: Så langt har ikkje justisminister Emilie Enger Mehl fleirtal for å reversere domstolsreformen.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

SV stemte i mot domstolsreformen til den førre regjeringa og var særleg kritiske til å slå saman talet på tingrettar frå 60 til 23.

– Det er likevel ingen automatikk i at SV vil gje regjeringa fleirtal for deira modellar for endring, seier justispolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland (SV) til NRK.

Andreas Sjalg Unneland, SVs justispolitiske talsperson

INGEN GARANTI: SV's justispolitiske talsperson Andreas Sjalg Unneland vil ikkje gje tommel opp til regjeringa sin domstolrevers allereie no.

Foto: Olav Døvik / NRK

Han utdjupar at SV vil styrke dei mindre rettsstadane, men vil finne andre løysingar enn å gjenopne dei.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner SV konkluderer for tidleg.

Kva tenkjer du om manglande støtte frå SV?

Denne saka er frå mi side ikkje avgjort. Vi skal ta høyringsrunda alvorleg og gjere gode vurderingar etter det. Og så får vi komme tilbake til kva vårt endelege forslag blir. Kva SV vil signalisere no, det får stå for deira eiga rekning, seier Mehl.

Skeptisk til «kommuneveto»

For å unngå reversering, krev regjeringa at både leinga for domstolen, dei tilsette og kommunane innanfor ein rettskrets er einige om å ha det slik dei har det i dag.

Dersom berre éin kommune innanfor ein rettskrets vil tilbake til gamal struktur, vil justisministeren gje den gjennomslag.

– Kva skjer dersom domstolane og dei tilsette vil behalde den nye strukturen, medan kommunane vil tilbake til den gamle?

– I utgangspunktet har kommunane rett til å meine at dei vil ha sin gamle domstol tilbake, og så må vi sjå på heilskapen i dette, sa Mehl til NRK førre veke då ho presenterte reverserings-planen.

Dette likar SV dårleg.

– Vi er på generelt grunnlag skeptisk til å gje enkelte vetorett når det kjem til domstolsstrukturen i Noreg, slår Unneland fast.

Vanskeleg veg til reverseringsfleirtal

For å lukkast med reverseringa, er regjeringa avhengig av støtte frå andre parti. Regjeringa kan ikkje endre domstolsstrukturen på eiga hand, til dømes gjennom ei forskrift.

Så det er til slutt Stortinget som avgjer domstollstrukturen og der må mindretalsregjeringa som kjent finne eit fleirtal. Utan SV på reverseringslaget, kan vegen til eit fleirtal bli vanskeleg.

– No skal vi ta oss tid til å sjå nøye på høyringsinnspela. Nokre har gode erfaringar med reforma, andre signaliserer at dei ynskjer seg tilbake til slik det var før, seier Unneland.

Han vil ikkje seie noko om kva løysing SV vil gå for.

Saman med Raudt og MDG, kan regjeringa danne fleirtal. Raudt som også var mot reforma og er positive til regjeringa sitt forslag:

Der det er ønskje om å bevare dagens struktur meiner vi ein bør lytte til det, seier justispolitisk talsperson Tobias Drevland Lund (R).

Likevel understrekar han at partiet vil følgje høyringsrunden før dei konkluderer endeleg.

MDG har så langt ikkje tatt stilling til om dei vil støtte reverseringsplanen.

Barneombodet: Regjeringa gløymer Grunnlova

Barneombod Inga Bejer Engh er svært kritisk til å gjenopne små, sjølvstendige tingrettar. Ho er overraska over at regjeringa vil vrake ein struktur som, ifølge henne, allereie etter eit knapt år gjer domstolen betre og raskare i handsaminga av saker som involverer born.

Kva vil skje om regjeringa lukkast i å gjenopne dei små tingrettane?

Då er ein tilbake til dei små og sårbare fagmiljøa vi har hatt tidlegare og som ein ønska seg vekk frå nettopp for å styrke rettstryggleiken til born, meiner barneombod Inga Bejer Engh.

Inga Bejer Engh

ÅTVARAR: Barneombod Inga Bejer Engh meiner regjeringa sin reverseringsiver vil gå utover born som må møte i domstolen.

Foto: Sveinung Arnestad

Den tidlegare statsadvokaten og dommaren som no er barneombod har finstudert høyringsnotatet frå regjeringa.

Ho meiner regjeringa hoppar bukk over Grunnlova §104 som slår fast at alle saker som omhandlar born, skal innehalde ei sjølvstendig vurdering av korleis omsynet til «barns beste» skal varetakast.

Eg kan ikkje sjå at dei følgjer føresegna i Grunnlova om at omsynet til det som er det beste for born skal vere eit grunnleggande omsyn. Den vurderinga kan eg ikkje sjå er gjort her, seier Engh.

(...) Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn(...)

Utdrag frå Grunnlova § 104

Heilt konkret betyr dette å forklare korleis det blir betre for born med mindre tingrettar.

Justisministeren meiner små tingrettar kan vere like gode som store.

Eg meiner barneombodet legg feil premiss til grunn når ho antydar at dommarar som jobbar ved mindre domstolar har mindre kompetanse enn andre. Det er ikkje riktig. Det blir stilt dei same krava til dommarar uansett kor du jobbar i landet og det blir stilt dei same krava til kompetanseheving, kontrar Mehl.

Ho legg også til at rettstryggleiken for born og deira interesser skal varetakast i arbeidet med ein ny domstolsstruktur.

Nærleik ikkje berre bra

Ei innvending mot den nye strukturen, har vore at avstanden mellom folk og domstolen står i fare for å auke.

Barneombodet ser motsett på det. Ho meiner det er tryggare for born at ein dommar frå ein større rettsstad kan reise til ein mindre rettsstad og avgjere slike saker.

Det kan vere ein fordel for born som skal vitne mot mor og far som kanskje har utøvd vald mot dei, at dommaren ikkje er faren til ein på fotballaget, seier ho.

No frir barneombodet til alle parti på Stortinget om å stanse reverseringa.

Eg forventar av alle parti, inkludert SV, at dei lyttar til dei faglege råda som kjem fram her no på korleis ein best kan styrke barns rettstryggleik.

Samla fagmiljø vil ha store tingrettar

Barneombodet har støtte for sin reverseringsmotstand frå store delar av aktørane i det norske rettsvesenet.

Både Dommerforeningen, Advokatforeningen, Juristforbundet, Domstolsadministrasjonen og Riksadvokaten er blant dei som har gjeve si støtte til den tingrettsstrukturen vi har i dag.

Også dei 23 sorenskrivarane som i dag leiar tingrettane, gjekk i oktober i fjor ut i Aftenposten og åtvara regjeringa mot reversering.

Fram og tilbake

Saka om kor mange tingrettar vi skal ha her i landet har vore gjennom fleire steg:

  • Solberg-regjeringa slo saman 60 tingrettar til 23 større tingrettar i 2021. Dei tingrettane som ikkje lenger er sjølvstendige heiter no «rettsstadar og blir leia av sorenskrivaren i den største tingretten innanfor ein rettskrets av fleire kommunar.

Til dømes høyrer gamle Hallingdal tingrett til under nye Buskerud tingrett. Rettssaker i Hallingdal går som hovudregel framleis i tingrettssalen på Nesbyen og det jobbar like mange der som før, men sorenskrivaren sit i Drammen.

  • Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet gjekk til val på å reversere reforma.
  • Ap/Sp-regjeringa har no sendt reverseringsplanen ut på høyring. Utgangspunktet er å gjenopne alle tingrettane slik at talet igjen blir 60.
  • Etter høyringa skal regjeringa sende ei sak til Stortinget som til slutt avgjer kor mange tingrettar det skal vere.

AKTUELT NÅ