Hopp til innhold

SV om det største klimakutt-forslaget: – Urealistisk

Du og eg må endre kosthaldet. Det er enkeltområdet med potensial for mest reduksjon i klimautsleppa, viser Klimakur-rapporten. – Urealistisk, meiner SV og vil heller ha innsats på andre felt.

SLAKT AV STORFE

Klar for middag? Litt mindre kjøt på tallerkenen vil gje store kutt i norske klimautslepp.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Rapporten «Klimakur 2030» peikar på kvar det er mogleg å kutte klimautslepp for at Noreg skal nå klimamåla for 2030.

Matvanane våre og produksjonen av kjøt i landbruket står heilt sentralt i rapporten.

Repporten tek rett nok berre for seg det som blir kalla ikkje-kvotepliktig sektor. Det betyr at store utsleppskjelder som oljeproduksjon og flytrafikk ikkje er ein del av rapport-grunnlaget.

NRK forklarer

Hva betyr «ikke-kvotepliktig sektor»?

Hva betyr «ikke-kvotepliktig sektor»?

Kort fortalt:

Transport, landbruk, sjøfart, fiskeri, avfall, oppvarming, bygg og anlegg. Utslipp fra disse sektorene er ikke med i EUs marked for klimakvoter.

Hva betyr «ikke-kvotepliktig sektor»?

Hva er et marked for klimakvoter?

Den som eier en kvote i EUs kvotemarked, har rett til å slippe ut ett tonn CO2 eller tilsvarende utslipp av andre klimagasser. Det gjør at EU kan sette en grense for hvor mye utslipp som skal være lov. Det gjør også at bedrifter kan kjøpe seg fri hvis de ikke klarer å redusere utslippene sine.

Hva betyr «ikke-kvotepliktig sektor»?

Hva da med utslipp fra den ikke-kvotepliktige sektoren?

Norge har lovet å redusere disse utslippene med minst 50 prosent innen 2030, sammenlignet med utslippene i 1990. I rapporten Klimakur 2030 får regjeringen råd om hvordan den kan overgå målet, og kutte minst 50 prosent.

Hva betyr «ikke-kvotepliktig sektor»?

Kommer de til å nå målene?

Regjeringen sier de skal få det til, men at de ikke er villig til å ofre økonomisk vekst. Derfor lover de ikke å følge alle rådene i rapporten Klimakur 2030. Andre partier mener det ikke er offensivt nok.

Les mer om klima

Enormt potensial i mindre kjøt

I lista over tiltak som skal kunne kutte meir enn 40 millionar tonn utslepp i komande tiårsperiode, er det samla sett mest å hente i transportsektoren.

Men «overgang frå raudt kjøt til plantebasert kost og fisk» er det enkelt-tiltaket som ifølgje Miljødirektoratet kan få størst effekt.

Og det utan at ein kvar kjøtmiddag på 20-talet skal bli avlyst. Klimakur-rapporten nøyer seg med å peike på kva som ville skjedd dersom alle nordmenn hadde følgd kostråda frå Helsedirektoratet.

Effekten ville bli reduksjon i klimagassutslepp som tilsvarar 2,89 millionar tonn CO2-utslepp. For å produsere kjøt gir utslepp av klimagassar.

Det er ein større utsleppsreduksjon enn effekten av at alle nybilar er elektriske innan 2025.

Nordmenn åt meir enn 70 kilo kjøt og biprodukt frå kjøt kvar i fjor, viser den siste kosthaldsrapporten frå Helsedirektoratet. Dette er 20 kilo meir enn på slutten av 70-talet.

– Vanskeleg og urealistisk

Det er altså openbart noko å hente, både helsemessig og for klimaet sin del. SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski tek likevel ikkje bølga for politisk revolusjon på middagstallerkenen. Ho meiner Klimakur-rapporten er full av tiltak som er mogleg å gjennomføre. Biffen er slett ikkje det lettaste.

– Det som er vanskelegare er å få folk til å følgje kosthaldsråda. Vi kan ikkje vedta på Stortinget kva folk skal ha på middagsborda rundt om i det ganske land. Difor må vi heller auke innsatsen på andre område.

SVs landsmøte 2019

SVs Kari Elisabeth Kaski meiner nordmenns kosthaldsvanar ikkje kan vere det viktigaste klimakutt-vedtaket.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ho peikar på at det dermed blir viktigare å fokusere på andre politiske tiltak som får ned utsleppa, for eksempel i transportsektoren, industrien, sjøfarten og havbruksnæringa. Og sjølvsagt i oljebransjen som for så vidt ikkje var tema for dagens rapport.

– Dei totale utsleppskutta her er nok noko urealistiske på landbrukssida, meiner Kaski.

Rapport-mottakar Sveinung Rotevatn (V), som no er klima- og miljøminister, ville i dag ikkje gå inn i enkelttiltaka i rapporten. Han vil ikkje seie om han vil gå inn for politiske tiltak for å få ned kjøtsetinga.

- Det er ingen tvil om at vi må kutte i landbruket, så får vi kome tilbake til korleis vi skal gjere det, seier Rotevatn.

På generelt nivå var han oppteken av å understreke at klimakutta ikkje skal gå utover livskvaliteten til folk.

– Slik eg les rapporten er det mykje vi kan gjere som kan bidra til å kutte utslepp utan at vi kuttar utvikling og velstand i Noreg, seier Rotevatn til NRK.

MDGs nasjonale talsperson Arild Hermstad er derimot overraska over kor stort potensial det er i matendringar. Og han meiner det er mogleg å kome med politiske tiltak utan å gå så langt som til å bestemme kva folk legg på tallerkenen.

– Ein må innrette politikken annleis. Meir støtte til frukt og grønt, mindre til kjøtproduksjon. Lokalpolitikarar over heile landet kan bidra og gjere som i Oslo, vedta 50 prosent kjøtkutt i kommunen i løpet av fire år. Staten kan bidra gjennom sine kantiner og ein må sjå på avgiftene. Pris avgjer kva slags mat folk handlar inn.

Bøndene: – Spis norsk!

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er open for at kosthaldsendringar kan gje utsleppskutt. Men han peikar på at norske husdyr må vere ein del av svaret også framover.

– Husk at to tredelar av landet vårt er grasareal der det er vanskeleg å produsere plantebasert mat for menneske. Då treng vi husdyra.

Moderne landbruk

Problem eller løysing? Produksjon av kjøt gir store utslepp av klimagassar. Endring i norsk kosthald kan gje store utsleppskutt, seier klimalur-rapporten. Men å importere mat til Noreg gir også store utslepp, peikar bøndene på.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Kva meiner du er det viktigaste ein kan gjere på matområdet?

– Forbrukaren må vere bevisst på å ete norsk, ete sesongvarer og ete opp maten, seier Bartnes og peikar på at vi importerer mykje mat til Norge, noko som kan gje høgare utslepp enn å nyte norsk-produsert mat.

AKTUELT NÅ