Hopp til innhold

SV og regjeringa einige om budsjett – Venstre kallar det «juksepengar»

SV og regjeringspartia Sp og Ap er einige om neste års statsbudsjett. Venstre og Høgre meiner pengebruken i budsjettavtalen er uansvarleg.

Sveiniung Rotevatn

REAGERER: Nestleiar i Venstre Sveinung Rotevatn er kritisk til pengebruken til SV, Sp og Ap.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Dette er juksepengar som får like stor effekt på inflasjonen som om Vedum, Brenna og Bergstø skulle tatt dei rett frå oljefondet, seier Venstre-nestleiar og finanspolitisk talsperson Sveinung Rotevatn til NRK.

Han meiner Vedum, Brenna og Bergstø prøver å skjula oljepengebruken sin.

Tina Bru, nestleiar i Høgre og finanspolitisk talsperson.

Tina Bru, Høgre-nestleiar og finanspolitisk talsperson.

Foto: Hanna Johre / NTB

Også Tina Bru i Høgre reagerer.

– Regjeringa og SV aukar i praksis oljepengebruken med 9 milliardar kroner ved å ta nokre oljepengar som har stått på konto sidan pandemien. Dette er ei eingongsinntekt som blir brukt på permanente utgifter.

– Dette er uansvarleg, legg ho til.

SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski seier dette er eit finansieringsforslag som regjeringa kom med og som SV har godkjent.

– Det er ikkje hald i at dette er inflasjonsdrivande på kort eller lang sikt, seier ho.

Sps finanspolitiske talsperson avviser at dette er auka oljepengebruk.

– Dette budsjettforliket er inngått innanfor rammene av eit trygt og ansvarleg budsjett og i samsvar med budsjettreglane, seier Ole André Myhrvold.

VunJEey95So

Tonje Brenna (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Kirsti Bergstø (SV) la fram budsjettet søndag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at dei er opptekne av å ikkje auka oljepengebruken.

– Difor har vi tatt pengar frå Eksportfinansiering, så er det nokre omprioriteringar her og der, seier han til NTB.

Tonje Brenna i Ap seier at dei har vore «opptekne av å halda igjen pengebruken og på oljepengebruken som påverkar renta mest».

– Det har vi lukkast med. Difor er dette eit budsjett som også er økonomisk trygt og bidreg til å halda sysselsettinga høg, seier ho.

Har flytta på 22 milliardar

Måndag skal budsjettet debatterast og vedtakast i stortingssalen.

I budsjettet SV, Ap og Sp blei einige om søndag, er det blitt flytta på over 22 milliardar kroner. SV har stått bak flyttinga av 19,1 milliardar kroner.

Dette er nokre av endringane i budsjettet:

  • Barnetrygda for born over seks år blir auka med 2400 kroner i året
  • Gratis halvdagspass på SFO for tredje trinn blir innført
  • Studiestøtta aukar på 10 prosent frå 1. august 2024
  • Rekrutteringstilskot til Helse Nord på over 200 millionar kroner
  • Auka satsing på grøn omstilling
  • Auka satsing på frivillig skogvern
  • Klima og skogsatsing under UD
  • Auka låneramme i Husbanken på 5 milliardar kroner

Partiet har forhandla med regjeringspartia Sp og Ap sidan måndag 13. november.

DukkG2XJjT4

SV-leiar Kirsti Bergstø.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Barnetrygda for kvart barn over 6 år blir auka med 2400 kroner i året. I tillegg blir det innført gratis halvdagspass på SFO for tredje trinn.

– Vi sikrar auka barnetrygd. Når meir enn kvart tiande barn veks opp i fattigdom, og dyrtida treffer barnefamiliane hardt, var det viktig for oss å sørgja for at vi hjelper endå fleire endå meir, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

I budsjettet kjem det også fram at regjeringa gir 200 millionar i varig tilskot til Helse Nord.

Les også Statsbudsjettet: 240 millioner årlig for å rekruttere helsepersonell i nord

Mona Fagerås

– Det grønaste budsjettet nokosinne

SV gjekk inn i prosessen med krav om auka skattar, meir omfordeling og meir klimapolitikk. Dei har jamleg meldt om stor avstand og vanskelege forhandlingar.

– Eg trur dette kanskje er eit av dei grønaste budsjetta nokosinne. Til saman flyttar vi 10 milliardar kroner til klima, natur og omstilling fordi vi heile tida har vore tydleg på at vi skal kutta utslepp, byggja og bevara industri og fordele meir rettferdig, seier Bergstø.

MxPl2om19vA

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: NTB

Det er finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som har leia forhandlingane.

– I sum er det eit trygt og ansvarleg budsjett der vi klarer å styra Noreg i ei spesiell tid. Vi prioriterer tungt tryggleiken til folk sin kvardagsøkonomi, tryggleiken til landet gjennom forsvar og også at vi har trygge og ansvarlege rammer for vårt næringsliv, seier han.

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) har steppa inn som vikar for statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) som torsdag reiste til klimatoppmøtet i Dubai.

– Vi går inn i 2024 med eit løft for dei universelle velferdsgoda som kjem oss alle til gode, seier ho.

Les også Studiestøtta hoppar 10 prosent: – Ei høveleg auke

Studenter i Kristiansund.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger