Hopp til innhold

Studiestøtta hoppar 10 prosent: – Ei høveleg auke

Studentane får ei reel auke av studiestøtta på nesten 14. 000 kroner meir i året i budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV. Studentorganisasjonen jublar.

Studenter i Kristiansund.

Petroleumslogistikk- og økonomistudent Jørgen Fjell Pedersen og marinlogistikk-og økonomistudent Kasper Kvalvik seier auken i studiestøtta vil gå til mat og drikke.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Søndag morgon blei det klart at regjeringspartia og SV er einige om neste års statsbudsjett.

I det kjem det fram at studiestøtta aukar på 10 prosent frå 1. august 2024.

Vi møter studentane Jørgen Fjell Pedersen og Kasper Kvalvik som tar seg ein pause frå eksamenslesinga i sola utfor Høgskolesentret i Kristiansund.

Begge er glade for at dei får meir å rutte med, men meiner at det høver seg at studiestøtta aukar når prisane stig.

– Det er ei høveleg auke. Levekostnadane aukar. Studiestøtta burde stå i stil med kostnadane som aukar, seier Kasper Kvalvik.

– Eg er heilt einig. Det er deilig å få litt meir pengar, vi lev ganske fattig, så det vil hjelpe. Pengane vil gå til mat og drikke for det meste. Dei kunne sikkert auka det meir også. Det er veldig dyrt å handle for oss. Sjølv når vi et fellesmiddagar i kollektivet, så blir det dyrt sjølv om vi deler utgiftene på fire. Eg må jobbe om sommaren for å ikkje måtte leve på nudlar, seier Pedersen.

– Det blir mykje pasta bolognese med kjøttdeig av svin sidan det er det billigaste, seier Kvalvik.

– Med mykje grønsaker for å dekke opp for kjøttet, seier Pedersen.

– De kan unne dykk ein biff no?

– Eg trur ikkje det blir så gjævt, men litt betre blir det, seier Kvalvik.

Oline Sæther
Leder
Norsk studentorganisasjon

NSO-leder Oline Sæther

Foto: Norsk studentorganisasjon / Skjalg Bøhmer Vold

Studentorganisasjonen jublar

Norsk studentorganisasjon er nokre hakk gladare over auken i studiestøtta enn studentane vi møter i Kristiansund. Dei jublar, seier leiar Oline Sæther.

– SV sitt initiativ til å betre studentane sine rammevilkår har fått gehør hos regjeringspartia og saman har dei lytta til våre behov. Norsk studentorganisasjon (NSO) jublar over budsjettforliket, seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Oline Sæther.

Auken i studiestøtta har vore studentorganisasjonen sitt einaste krav til årets statsbudsjett. Studiestøtta vart også auka i fjorårets statsbudsjett,

– Det har vore eit krav for Norsk Studentorganisasjon i lang tid. På grunn av dei galopperande prisane har fjorårets auke i studiestøtte forsvunne. Derfor vart vi veldig glade då SV viste i sitt alternativ budsjett, at dei forstod at auken må takast igjen i år. Her har SV leda veg, og regjeringspartia følgt etter, og studentane har blitt lytta til av budsjettpartnarane på Stortinget. Det gjer oss veldig glade på vegner av alle dei som kan vere på lesesalen, heller enn å bruke tid på deltidsjobben for å redde sin egen økonomi, seier Sæther.

Auken trår i kraft frå august neste år. 40 prosent av den vil vere stipend ein får når graden er fullført, 60 prosent lån. Auken på nesten 14.000 kroner i året svarar til litt meir enn 1200 kroner i månaden for ein fulltidsstudent.

– Kvifor trenger de desse pengane?

– Prisveksten har vore enorm, men studentane sine største utgifter, utleige og matprisar har auka meir enn gjennomsnittleg prisvekst også. Det har gjort at vi ser at studentar jobbar meir ved sida av studia enn før, og derfor er auken i studiestøtte ein tydleg moglegheit for oss til å prioritere studia og betre rammevilkåra for å vere student. Det har mykje å seie for at vi kan prioritere å faktisk opparbeide oss kompetanse medan vi er studentar, i staden for å bruke meir tid enn tenleg på deltidsjobb, seier Sæther.

Les også Statsbudsjettet: 240 millioner årlig for å rekruttere helsepersonell i nord

Mona Fagerås

Meiner støtta bør følgje folketrygda sitt grunnbeløp

Leiar for fagfororganisasjonen Akademikerne sine 35.000 studentar, Lise Randeberg er også veldig glade for at studiestøtta aukar med 10 prosent neste haust.

–Dette er et realt løft. Det er veldig godt å sjå at studentane har fått meir i dette budsjettet, det trenger dei.

Men Akademikerne meiner studiestøtta bør bli festa til folketrygda sitt grunnbeløp slik at den automatisk blir justert slik som andre ytingar.

– Det ville gje studentane føreseielegheit og sikre like moglegheiter til å ta høgare utdanning, seier Randeberg.

Måndag skal budsjettet bli debattert og bli vedtatt i stortingssalen. Les korleis opposisjonen reagerer i artikkelen under.

Les også SV og regjeringa einige om budsjett – Venstre kallar det «juksepengar»

Sveiniung Rotevatn

AKTUELT NÅ