Stort sprik mellom skulane

Det er framleis eit stort sprik i kor flinke elevane i grunnskulen er til å rekne og lese. Det viser dei nasjonale prøvane for 2008, som Utdanningsdirektoratet og kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell la fram i dag.

Bård Vegar Solhjell
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

I dei nasjonale prøvane er elevane på 5. og 8. årstrinn testa i rekning, lesing på norsk og lesing på engelsk.

I 72 kommunar kjem minst 35 prosent av elevane på det 5. årstrinnet ut på det lågaste meistringsnivået i lesing.

Fleire av kommunane som kjem dårleg ut i år, hadde den same tendensen i 2007.

Til saman hadde 24 kommunar minst 35 prosent av elevane på det lågaste meistringsnivået både i prøvane for 2007 og 2008.

På 8. trinn kjem 69 kommunar i år ut med resultat der minst 35 prosent av elevane er på dei to lågaste meistringsnivåa.

I prøvane er resultata til elevane presenterte med ein skala med tre meistringsnivå på 5. årstrinn. På 8. trinn har skalaen fem meistringsnivå.

Elevane blir fordelte på dei ulike nivåa ut frå den poengsummen dei oppnådde på prøvane.

Video nsps_upload_2008_11_12_13_14_50_795.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Jentene flinkest til å lese.

Oslo best

Elevane i Oslo, Akershus, Troms og Sør-Trøndelag kjem ut som dei beste til å lese.

Oslo og Bærum ligg høgt over snittet i engelsk og matematikk.

Finnmark skil seg ut med flest elevar som kjem under landsgjennomsnittet, men også elevane i Østfold, Nordland og Nord-Trøndelag hamnar ofte i den nedre delen av skalaen.

Som før viser det seg at utdanninga til foreldra og sosial bakgrunn er viktig for koreis elevane gjer det.

Sjølv om enkeltskular og kommunar har målbar endring frå i fjor, gir resultata på nasjonalt nivå i hovudsak det same biletet som i fjor.

Ikkje eintydige kjønsskilnader

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell var oppteken av å få fram at kjønsskilnadene ikkje er eintydige. Det er ikkje slik at jentene er flinke og gutane dårlege.

Prøvane for 2008 viser at det er små skilnader mellom jenter og gutar på 5. årstrinn. På 8. trinn er gutane flinkare enn jentene i rekning, medan jentene er flinkare i lesing.

Prøvane viser også at det er fleire tydeleg svake eller tydeleg sterke elevar blant gutane. Mellom jentene ligg fleire på gjennomsnittsnivået.

Ei av dei viktigaste utfordringane framover blir å betre leseresultata for gutar, meinte Solhjell.

Obligatorisk

Dei nasjonale prøvane er obligatoriske for elevane på 5. og 8. årstrinn. Til saman er det rundt 123.000 elvar på dei to trinna. Av desse har 97 prosent delteke i prøvane, som blei gjennomførte i september i år.

Sjekk resultata for heile landet, fylke og kommunar her: Skoleporten

Utdanningsdirektoratet har også laga ein grundig analyse av dei nasjonale prøvane for 2007

Målet med prøvane er å kartleggje kor flinke elevane er for så å kunne bruke dette i arbeidet med å utvikle opplæringa.

Resultata frå enkeltskular og mange små kommunar er ikkje offentleggjorde fordi det kan vere mogeleg å identifisere enkeltelevar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger