Hopp til innhold

Organisasjonar for barn og unge er i fritt korona-fall

Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar fryktar låge medlemstal vil ha store konsekvensar for den frivillige innsatsen.

Munchrevyen 2020

MUNCHREVYEN 2020: I fjor rakk elevane ved Edvard Munch vidaregåande skule akkurat å gjennomføre revyen før koronapandemien slo inn og stengde ned landet. I år blir scena ståande tom.

Foto: Marte Nås Kristiansen/Munchrevyen

Øvingslokala på Edvard Munch Vidaregåande skule står tomme. Her skulle Munchrevyen sine deltakarar vore i full aktivitet med årets revy. Slik blei det ikkje.

Revyen er eitt døme på kor vanskeleg det har vore for barn og unge å delta i fritidsordningar under koronapandemien.

– I eit vanleg revyår pleier me vere rundt 400 deltakarar. I år har me vore 200, som framleis er ganske mange, seier revysjef Clara Brente.

clara brente

REVYSJEF: Møteplassane har stort sett vore digitale siste året, men det er framleis kjekt å vere med i eit fellesskap, seier revysjef Clara Brente. Ho synest det er synd om andre har gått glipp av moglegheita siste året.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Teaterorganisasjonen Frilynt får også merke den manglande aktiviteten på scenene rundt om i landet. Dei har revyar og teatergrupper som medlemmar, og har mista om lag 2000 medlemmer siste året.

– Eg håpar og trur at laga kjem tilbake igjen etter korona, men eg er redd for at mange lag har hatt så store økonomiske konsekvensar at dei brekk ryggen og rett og slett ikkje vil eksistere lenger, seier generalsekretær Joachim Svendsrød.

Dystre medlemstal for 2020

Sidan 2011 har fleire og fleire barn og unge engasjert seg i frivillige organisasjonar. Ifølgje Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), har medlemstala stige med om lag 10.000 nye medlemmer kvart år.

Medlemsorganisasjonane deira inkluderer alt frå 4H og Noregs speidarforbund til Elevorganisasjonen og KFUM.

Men det siste året har vore annleis. Strenge koronarestriksjonar og få høve til å treffast, har hatt stor innverknad på barn og unge si deltaking i organisasjonslivet.

I ei ny undersøking melder 58 prosent av LNU sine medlemsorganisasjonar at dei har mista medlemmer under korona, på til saman 22.581 betalande medlemmer.

Sjølv om nokre organisasjonar har hatt ein auke i medlemmer, på til saman 2603 medlemmer, meiner LNU at den samla nedgangen er urovekkande.

– Tala er nedslåande. Det er berre 56 av 98 medlemsorganisasjonar som har svart på undersøkinga, så her er det nok store mørketal, seier Isa Maline Isene, styreleiar i LNU.

Isa Maline Isene (styreleder LNU)

MEDLEMSFRÅFALL: Styreleiar i LNU, Isa Maline Isene, er uroa for det store medlemsfråfallet i barne- og ungdomsorganisasjonar under korona.

Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU

Fryktar tilbod vil forsvinne

Frivillige organisasjonar er avhengig av aktivitet og medlemmar for å overleve. Låg aktivitet gjev færre høve til å rekruttere nye medlemmar.

For andre år på rad har Noregs Bygdeungdomslag vore nøydd til å avlyse sitt landsstemne. Det siste året har dei mista over 1000 medlemmer. Dette uroar styreleiar Inger Johanne Brandsrud.

Inger Johanne Brandsrud

NOREGS BYGDEUNGDOMSLAG: Inger Johanne Brandsrud er styreleiar i Noregs Bygdeungdomslag, som arbeider for å sikre levande bygder i heile Noreg.

Foto: Emma Gerritsen

– Det vil ta lang tid å få opp igjen medlemstalet vårt etter pandemien.

Ikkje berre er medlemmene ei viktig inntektskjelde for organisasjonen, men ho er redd for korleis det vil påverke arbeidet til organisasjonen.

– Me er redd for at det blir vanskeleg for oss å gje eit tilbod, og for at me ikkje skal nå ut til alle delar av Bygde-Noreg, seier ho.

Ber om betre ordningar

Denne uroa deler LNU, som fryktar det blir vanskeleg for organisasjonar å kome seg på beina igjen utan betre støtteordningar, etter eitt år med lite aktivitet og stort medlemsfråfall.

– Færre medlemmer betyr at det er færre som driv organisasjonen og færre som tar på seg verv, seier Isa Maline Isene.

– Me treng betre ordningar for frie midlar for organisasjonane, der dei sjølv får bestemme korleis dei brukar midlane.

Slike frie midlar får organisasjonar i form av grunnstøtte frå staten. Det er eit tilskot basert på medlemstal. I år blir tilskotet rekna ut frå medlemstal frå 2019, og før pandemien. Men fleire organisasjonar fryktar at låge medlemstal vil påverke dei i mange år framover, og ber om føreseielege ordningar.

– Me treng meir tilskot i åra framover for å få laga i gang igjen. Alt er veldig usikkert slik det er no. Me må snart vite meir om korleis desse ordningane blir i framtida, seier Svendsrød i Frilynt.

Takkar for innspelet

Det er barne- og familiedepartementet som har ansvar for ordningane med grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Ingvild Ofte Arntsen

TAR MED SEG INNSPELET: Statssekretær, Ingvild Ofte Arntsen (KrF), seier dei vil ta med seg innspelet frå LNU i arbeidet med budsjettet.

Foto: Privat

Statssekretær, Ingvild Ofte Arntsen (KrF), seier dei delar bekymringa for dei langsiktige konsekvensane av pandemien. Ho kan ikkje love at dei vil auke grunnstøtta i framtida, men takkar for innspelet.

– Slike innspel er viktig for oss å ha med framover når me ser på tiltak for å motverke dei langsiktige konsekvensane.

AKTUELT NÅ