Hopp til innhold

Medlemstala var på veg oppover igjen, så kom pandemien

Mista 3300 medlemmer i fjor: – Det var kjedeleg å ikkje møte nokon på øving.

Korpsmusikantar Horten skulekorps

KONSENTRERTE: f.v. Sofie Andresen, Olaf Mjøen Eriksen og Jenny Marie Hansen. Olaf slutta i korpset i løpet av 2020.

Foto: Privat

– Me har ikkje fått vist oss fram for potensielle nye medlemmar, seier Inge Mortensen, dirigent i Horten skulekorps.

I fjor haust hadde korpset ein jubileumskonsert på kulturhuset i Horten med eit lite, avgrensa publikum. I tillegg til eit julearrangement i kyrkja, var dette einaste konserten deira det semesteret.

På grunn av smittevernreglar får ikkje skulekorpsa vist seg fram gjennom konsertar og det går ut over rekrutteringa.

Horten skulekorps er ikkje aleine om desse utfordringane.

Fleire korps slit

Vanlegvis er hausten tida der korpsa byrjar med rekruttering gjennom kampanjar og konsertar.

Slik vart det ikkje i fjor.

Gjennom konsertar når musikkorpsa potensielle nye medlemmar, men no får dei ikkje bruke den viktigaste arenaen for ny rekruttering, seier Karl Ole Midtbø, generalsekretær i Noregs Musikkorps Forbund.

Karl Ole Midtbø, generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund

HÅPAR TRENDEN SNUR: Karl Ole Midtbø, generalsekretær i Noregs Musikkorps Forbund.

Foto: Privat

– Det er veldig vanskeleg å rekruttere til noko som ikkje er i aktivitet.

Auke i medlemstala før koronapandemien

Dei siste ti åra har det vore ein jamn nedgang i medlemmar i korpsa i Noreg. I 2011 var det nesten 63.000 medlemmar, ved utgangen av 2017 var talet nede i 58.000.

Likevel byrja utviklinga å snu i 2018. Det hald fram til slutten av 2019 då medlemstala var 59.300.

Så kom koronapandemien.

Då vart det heile 3300 færre medlemmar i løpet av 2020.

Lite ny rekruttering er den viktigaste grunnen til reduserte medlemstal. Det er nokre naturlege fråfall kvart år, men når det ikkje kjem nye, så blir totalen mindre, fortel Midtbø.

– Det som skil seg ut i 2020, er at me ikkje har fått det påfyllet i botn som me pleier å ha.

Utfordrande med smittevernreglar

Ein annan utfordring er strenge smittevernreglar som gjer det mindre sosialt på øvingar, seier Mortensen.

– Det sosiale er jo det viktigaste i eit korps. Når ein blir passa på i pausane og ikkje får lov til å vere så sosial som ein pleier, så er ikkje det bra. Det gjer noko med stemninga og miljøet.

Det merka Olaf Mjøen Eriksen, som slutta i skulekorpset i løpet av 2020.

– Eg synest det var vanskeleg og ikkje så moro med øving på Zoom. I tillegg synest eg det var kjedeleg å ikkje møte nokon på øving.

Korpsmusikanten Aurora Magnussen som framleis spelar i Horten skulekorps, synest det har gått fint.

– Men eg saknar det sosiale på øvingane.

Guten skal ikkje brukast

GØY MED KORPS: Aurora Magnussen likar godt å vere med i korpset.

Fleire korps har også hatt utfordringar med for små øvingslokale til å overhalde smittevernreglane og må øve saman på zoom. Midtbø håpar det ikkje får konsekvensar på sikt.

– Me håpar og trur at dette går over og at me gradvis kan gå tilbake til normal verksemd. Det er klart at jo lengre utfordringane varar, jo større konsekvensar får det for medlemstala.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark