Hopp til innhold

Støre usikker på det siste russiske trekket

Siste døgnet har det kome nyheiter om at russarane flyttar styrkar bort frå grensa mot Ukraina. Men statsminister Jonas Gahr Støre er usikker på kva Putins siste trekk betyr.

Spørretime på Stortinget

USIKKER: Statsminister Støre svarte om Ukraina-situasjonen i Stortinget onsdag.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Dette må vi analysere meir for å vite kva intensjonen bak er, sa statsminister Jonas Gahr Støre i spørretimen på Stortinget onsdag.

Statsministeren blei utfordra av Høgre-leiar Erna Solberg om den spente tryggingssituasjonen i Europa.

Positive teikn

Nyheitene frå aust onsdag morgon hadde eit positivt preg.

Russarane melde nemleg at dei forlet Krim-halvøya etter militærøving der og at styrkane blir trekte tilbake. Nyheitsbyrået Reuters melde også at det russiske forsvarsdepartement hadde publisert ein video som skal vise russiske militære køyrety i ferd med å reise frå Krim-halvøya.

MILITÆRTRANSPORT: Bilete frå ein video som det russiske forsvarsdepartementet har publisert i dag. Det skal vise stridsvogner som blir flytta bort frå Krim-halvøya på veg over Krimbrua til det russiske fastlandet aust for Ukraina.

TRANSPORT: Bilete frå ein video som det russiske forsvarsdepartementet har publisert i dag. Det skal vise stridsvogner som blir flytta bort frå Krim-halvøya på veg over Krimbrua til det russiske fastlandet aust for Ukraina.

Foto: HANDOUT / AFP

I tillegg til dette sa Russlands president Vladimir Putin i går at det blir ei delvis tilbaketrekking frå grenseområda mot Ukraina.

Trass nokre positive teikn, har vestlege stormakter vore tilbakehaldne inntil vidare.

USAs president Joe Biden og Frankrikes president Emmanuel Macron kravde i går bevis for tilbaketrekkinga frå grenseområda.

Faren ved militærøvingar

Støre vil heller ikkje konkludere for raskt om rørslene til dei russiske troppane, og minna Stortinget om at det fortsatt er ein kritisk situasjon.

– Det er fortsatt omfattande øvingar i Kviterussland tett på grensa til Ukraina, sa Støre.

Belgium NATO Ukraine Tensions

IKKJE TEIKN: Generalsekretær Jens Stoltenberg seier Nato ikkje har sett russisk nedtrapping.

Foto: Olivier Matthys / AP

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg uttrykte i går at meldingane om tilbaketrekking gir grunn til forsiktig optimisme, men sa i dag at Nato så langt ikkje har sett teikn til nedtrapping frå Russland.

Støre minna om at det faktisk også kan vere farar knytt til at ei militærøving blir avslutta.

– Det har også vore slik tidlegare at på tampen av øvingar har det kome militær aggresjon. Kapasiteten til å gjennomføre militære angrep mot Ukraina er der. Om viljen er der, er eit ope spørsmål, sa Støre.

Støre utdjupar til NRK skepsisen til kva troppeforflyttinga betyr:

– Dette er noko som er annonsert frå russisk side. Vi får analysere det grundig når vi ser effekten av det. Vi får sjå kva som skjer på bakken. Det er positivt viss det militære nærværet går ned, men det er jo etter at det har gått voldsomt opp.

– Er det vanskeleg å få stadfesta om det skjer russiske troppeforflyttingar?

– Vi kan iallfall ikkje gjere det basert på at Russland sender ut bilde av at det køyrer ein russisk tank over ei bru. Men ulike land og Nato har høve til å verifisere dette gjennom sattelittar og bilde av kvar troppane er.

– Så ein kan finne ut om dette er til å stole på ganske raskt?

– Ja, det kan ein.

Spørretime på Stortinget

TILLIT? Høgre-leiar Erna Solberg stolar ikkje på Putin.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Høgreleiar Erna Solberg er klar på at ein ikkje kan ha tillit til informasjon om at Russland flyttar troppar.

– Det ville vore fint om det var riktig. Samtidig ser vi at Nato seier det motsette, at dei ikkje har sett teikn til dette. Då kan det vere litt farleg å tru på det. Og vi veit at ein av og til gjer slike ting før ein gjer noko nytt.

– Stolar du på Putin?

– Nei. Eg har aldri stolt på Putin.

Budd på angrep

Seinast i går tidleg uttrykte den norske regjeringa at den fortsatt trur eit angrep mot Ukraina kan vere på gang.

– Eit russisk angrep mot Ukraina kan vere nært foreståande, var utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) sin analyse på ein pressekonferanse i Stortingets vandrehall i går føremiddag då ho kunngjorde at Noreg sender 50–60 nye soldatar til eit anna russisk naboland, Nato-landet Litauen.

Samtidig har regjeringa vore klar på at situasjonen er vanskeleg å analysere.

– Det er vanskeleg å seie kor stor risikoen er for at Russland invaderer Ukraina, sa forsvarsminister Odd Roger Enoksen i går.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger