Hopp til innhold

Stordalens råd til Støre-regjeringa: Sjå til Sverige i skattepolitikken

Hotelleigar Petter Stordalen og Akers konsernsjef Øyvind Eriksen spår at skatteflukta til Sveits vil halda fram.

Petter Stordalen på NHOs årskonferanse 2024

Hotell- og reiselivsinvestor Petter Stordalen skulle helst sett endringar i skattepolitikken for å unngå at fleire rømmar landet.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Fenomenet med at rike bedriftseigarar flyttar frå landet, kjem ikkje til å forsvinne før formuesskatten blir endra.

Det meiner hotelleigar Petter Stordalen og konsernsjef Øyvind Eriksen i industrikonsernet Aker.

Dei meiner Noreg bør vurdere å gjere som svenskane. Dei fjerna den omstridde skatten og stansa skatteflukta for 16 år sidan.

– Faktum er at dette er ikkje bra. Det er ikkje bra når ein som Kjell Inge Røkke flyttar ut. Ofte flyttar pengane da med, og han begynner å investere andre stader enn i Noreg. Det er ikkje bra for nokon, seier hotelleigar Petter Stordalen.

Kjell Inge Røkke

Akers hovudeigar Kjell Inge Røkke har flytta til Sveits til liks med titals formuande nordmenn.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

Peikar på formuesskatten

Noreg er eit godt land å drive bedrift i, men bør sjå til Sverige i skattepolitikken, meiner han. Gjennom Strawberry-konsernet eig Stordalen blant anna hotell i Norden og reiseselskapet Ving.

Etter at den raudgrøne regjeringa nær dobla skattetrykket for formuande norske bedriftseigarar, har fleire titals rike nordmenn flytta til Sveits for å bryte skattebanda til heimlandet.

Forklaringa på flyttestraumen er openberr slik Stordalen ser det:

– Dei har gjort det av ei årsak. Det er korleis formuesskatten slår ut for dei. Svenskane endra på det. Vi har fornuftige politikarar og eit fornuftig embetsverk. Da får ein skru på dei tinga og endre på det, slik at den straumen minkar, seier Stordalen.

Les også Svensker tror Norge taper når de rike flytter

Kjell Inge Røkke

Fekk Ikea-sjefen til å flytte «heim»

For fleire tiår sidan rømte rike svenskar landa på grunn av skattesystemet. Etter at formuesskatten blei fjerna i 2007, flytta blant anna Ikeas grunnleggar Ingvar Kamprad tilbake til heimlandet nokre år seinare.

NRK har tidlegare fortalt at ingen politiske parti i Sverige har programfesta å innføre på nytt formuesskatten.

Konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker

– Noreg har eit langsiktig problem med utflytting, meiner konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Konsernsjef Øyvind Eriksen i industrikonsernet Aker meiner Noreg vil ha eit problem på lang sikt når store private kapitaleigarar forsvinn.

– Det er mykje å lære av Sverige. Dei klarte å snu trenden ved å endre skattesystemet, og har i dag ein innovasjon og oppstartsverksemd som vi bør beundre dei for og som vi bør lære frå, seier han.

Kjell Inge Røkke er hovudeigar i Aker. Aker er blant anna største eigar i energiselskapet Aker BP. Ifølge rekneskapane betalte Aker BP tilsvarande 85 milliardar kroner i skatt i løpet av dei tre første kvartala av fjoråret. Det er særskatten på olje- og gassutvinning som gjer at skatterekninga blir så enorm.

Peggy Hessen Følsvik på NHOs årskonferanse 2024

– Bekymrar ikkje meg at ein blir så rik at ein ikkje har råd til å bu i Noreg, seier LO-sjef Peggy Følsvik

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Det som kjem til å bli eit langsiktig problem i Noreg er eigarmiljøet i Noreg. Det var få, og blir færre på grunn av utflytting. Det bør vere eit politisk mål å få menneske som vil investere og skape industri i Noreg tilbake hit, for å gjere det, seier Eriksen.

LO-sjefen: – Bekymrar ikkje meg

LO-leiar Peggy Følsvik seier at organisasjonen er open for å diskutere skattesystemet, men seier at det å endre formuesskatten ikkje har prioritet.

– Det bekymrar ikkje meg i særleg stor grad. At ein blir så rik at ein ikkje har råd til å bu i Noreg lenger. Det er ikkje noko som opptar meg veldig mykje om dagen, seier ho.

Kari Elisabeth Kaski

Finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski meiner politikarane må fokusere meir på å tette skattehol.

Foto: William Jobling / NRK

Heller ikkje hos støttepartiet i regjeringa Sosialistisk Venstreparti møtest oppfordringa om å endre formuesskatten med jubel, ifølge finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski.

– Det er ikkje noko grunnlag nå for å svartmåle situasjonen, men det vi bør gjere er å tette skattehol som gjer det ekstra lukrativt og lett å flytte til skatteparadis som Sveits.

– Men det er vel å stenge døra. Det gjer vel ikkje noko med den grunnleggande utfordringa?

– Eg er ikkje einig i at det er ei grunnleggande utfordring at skattesystemet i Noreg er urimeleg høgt. Så kjem det til å vere milliardærar som meiner at dei betaler for mykje i skatt. Men det er ingen grunn til at norske politikarar skal lytte til det, seier Kaski.

NHOS ÅRSKONFERANSE

– Vi må ta vare på dei i staden for å skremme dei ut av landet, meiner Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Men å lytte, det gjer Frp-leiar Sylvi Listhaug. Ho vil endre skattesystemet slik at dei rike som framleis bur i Noreg blir verande.

– Dei bidrar til å finansiere idrettslaget. Er med på å bygge lokalsamfunnet. Sysselset naboen. Er ein del av samfunnet. Vi må ta vare på dei i staden for å skremme dei ut av landet slik LO og den sittande regjeringa bidrar til, seier Listhaug.

AKTUELT NÅ