Hopp til innhold

Spotify-sjef fordømde Rogan-utsegn – men vil ikkje stoppe podkast

Sjefen for strøymegiganten Spotify vil ikkje kvitte seg meg Joe Rogan, men fordømde fleire av utsegnene hans. På same tid har Rogan fått tilbod om å flytte podkasten til ei anna plattform.

Spotify

Sjefen for strøymegiganten Spotify, Daniel Ek skriv at den rasistiske språkbruken til Rogan var sårande.

Foto: TORU YAMANAKA / Afp

I det siste har Spotify og den amerikanske programleiaren og komikaren Joe Rogan vore i hardt vêr.

Rogan har hatt stor suksess med podkasten «The Joe Rogan Experience» på Spotify, men der skal han ha skal spreidd vaksineskepsis og kome med feilinformasjon om vaksinar.

Dette har ført til at artistar har trekt musikken sin frå strøymetenesta i protest.

Rogan skal også ha brukt N-ordet fleire gongar i tidlegare episodar, noko som førte til at Spotify fjerna meir enn 70 episodar frå podkasten.

I eit Instagram-innlegg seier Rogan sjølv at dette stammar frå eldre episodar av podcasten, og at han i dag ønsker at han ikkje hadde sagt N-ordet.

– Eg forsøkte å vere underhaldande, absolutt ikkje rasistisk, seier Rogan.

Han meiner fråsegnene er tatt ut av kontekst, men kjem også med ein «audmjuk og djup orsaking».

– Sjølv om eg på det sterkaste fordømer det Joe har sagt, og er einig i avgjerda om å fjerne gamle episodar frå plattforma vår, ser eg at det er enkelte som vil gå enda lenger, skriv Spotify-sjefen i ei melding til dei tilsette i helga.

Han legg til:

– Men eg vil gjere ein ting klart – eg trur ikkje løysinga er å kneble Joe.

Meldinga frå Ek er det tydlegaste teiknet hittil på korleis Spotify stiller seg til Rogan sin skjebne, skriv NTB.

Var svært sårande

Ek skriv også at den rasistiske språkbruken til Rogan var «svært sårande».

I 2020 la Spotify, ifølge The Wall Street Journal, over 100 millionar dollar – nærare 900 millionar kroner – på bordet for å kunne tilby podkasten eksklusivt som ein del av podkast-satsinga til strøymetenesta.

Joe Rogan

«The Joe Rogan Experience» med Joe Rogan er ein av dei største podkastane på Spotify.

Foto: Rob Kim / Afp

Protestane påverkar både inntektene og selskapet sine ambisjonar om å samle alt lydinnhald på ein stad, skriv NTB.

– Vi bør setje klare genser for innhald og ta grep når desse grensene blir kryssa, men å stenge ute stemmer er ein farleg veg å gå, meiner Ek.

Han seier at «kritisk tenking og open debatt er krafta bak reelle og nødvendige framskritt».

Vil kjøpe podkasten

Trass i kritikken, er det ei annan plattform som har lyst å kjøpe podkasten.

– Hei Joe Rogan, vi er klare til å slåst ved sidan av deg, tvitrar video-plattforma Rumble.

Dei har tilbydt Rogan 100 millionar dollar for å flytte podkasten og alle episodane over til deira plattform.

Skjermdump av twittermeldinga til Rumble

Skjermdump frå Rumble sin Twitter den 7. februar 2022.

Foto: Skjermdump / Twitter

«Vi står med deg, dine gjestar, og dine fans i eit ønskje om ekte samtalar», skriv sjefen for plattforma, Chris Pavlovski i eit brev i Twitter-meldinga.

Han skriv vidare at «dette er vår sjanse til å redde verda. Og ja, dette er ekte».

Rumble er ei veksande kanadisk sosiale medium-bedrift som har ein sterk tilhengarskare blant konservative amerikanarar, skriv Forbes.

Video-plattforma vart grunnlagt i 2013 og omtalar seg sjølv som ei nøytral plattform.

Rogan har hittil ikkje svart på tilbodet.

AKTUELT NÅ