Hopp til innhold

Spanske tilsette meiner dei har rett på fleire hundre millionar av Norwegian – truar med rettssak

Store delar av Norwegian sine flymannskap vert ikkje rekna som tilsette i selskapet. No truar spanske fagforeiningar med rettssak. Dei meiner den kan koste Norwegian fleire hundre millionar kroner.

odIma_651mE

FÅ FLY I LUFTA: Norwegian vil etter planen halde fram med svært få flygingar fram til mars neste år, opplyste Norwegian i førre veke. Per i dag har det norske flyselskapet berre sju fly på vengene.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

– Norwegian kan ikkje gøyme seg bak ein selskapsstruktur som er ulovleg i Spania, seier Ernesto Iglesias,

Iglesias leiar den spanske fagforeininga USO sitt arbeid innan luftfart.

Han snakkar for rundt 1300 spanske pilotar og kabintilsette frå fagforeiningane USO (kabintilsette) og SEPLA (pilotar) som har jobba på Norwegian sine fly gjennom eit spansk dotterselskap.

– Vi synest det er rart at fagforeininga kjem med dette no. Dei har vore fast tilsette i fleire år. Tariffavtalen er såleis mellom den spanske fagforeininga og NAR ES, svarar informasjonsdirektøri Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.

Børsen skreiv først om saka.

Truar med rettssak

Fagforeiningane er «fly forbanna» på at Norwegian ikkje tar ansvar for trygd og etterløn for tilsette i dotterselskapet som har flydd med dei i ei årrekke, og som no er permitterte på grunn av koronakrisa i flybransjen.

Fagforeiningane er redde for at Norwegian skal slå dotterselskapet konkurs og dumpe det økonomiske ansvaret på spanske myndigheiter. Den redsla stammar igjen frå usikkerheit om kva som då vil skje med dei om Spania opphevar dei statlege permitteringsordningane dei har innført som følgje av koronaviruset.

Den 20. mai tar derfor fagforeiningane til dei permitterte spanske pilotane og kabintilsette sine første rettslege steg mot moderselskapet. Målet deira er at Norwegian skal vedkjenne dei som sine tilsette og forplikte seg økonomisk ved oppseiing.

Ernesto Iglesias, fagforeiningsleiaren i USO, meiner Norwegian kan tape store summar på gå til retten framfor å ta økonomisk ansvar i form av etterløn og trygd ved framtidige oppseiingar av tilsette i NAR ES.

– Det kjem an på om dei vil gjere det enkelt eller vanskeleg, seier Ernesto Iglesias.

I første omgang må fagforeiningane til dei tilsette, USO og SEPLA, møte representantar frå Norwegian og dotterselskapet i ei mekling. Det er obligatorisk i Spania før ei slik rettssak. Om Norwegian ikkje vedkjenner seg dei tilsette tar fagforeininga saka til retten. Og det kan bli dyrt, hevdar fagforeininga.

Iglesias meiner Norwegian kan sleppe billegare unna med å løyve dei rett til etterløn og trygd før det skjer. Vert dei rekna som tilsette av Norwegian og sagt opp no meiner han det vil koste selskapet rundt 21 millionar euro, tilsvarande 230 millionar kroner.

– Rettssaka kan derimot vare i fleire månadar. Vinn vi vil Norwegian risikere eit over dobbelt så stort betalingskrav, opp mot 45 millionar euro, seier Iglesias.

Ernesto Iglesias, USO

FRYKTAR ØKONOMISK RUIN: Ernesto Iglesias, fagforeiningsleiar for luftfart i USO, meiner Norwegian kan bli økonomisk ruinert om det vert rettssak mellom dei.

Foto: Privat

Skal mekle med fagforeiningane

Informasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen stiller seg undrande til USO sine krav.

– Vi meiner det ikkje er grunnlag for dette. Vi har ingen moglegheit til å gje garantiar til nokon av våre medarbeidarar om kva framtida vil bringe, og det har konsernsjefen vore svært tydeleg på overfor alle våre kollegaer, seier han.

Sandaker-Nielsen meiner fagforeininga treng å opne auga for situasjonen i flybransjen som følgje av koronakrisa.

– Norwegian gjekk frå å fly 160 fly til 7 fly i løpet av nokre veker. Talet på tilsette vart redusert frå 10.000 til nokon hundre. Det seier noko om den kritiske situasjonen vi er i.

Han understrekar at alle medarbeidarane i NAR ES framleis er tilsette i det spanske selskapet og at dei under permisjonen får pengar gjennom krisepakkane til den spanske regjeringa.

– Permitteringa er godkjent av den spanske stat og dei får løn frå staten medan dei er permitterte.

– Kva som vil skje når og om spanske styresmakter endrar permitteringsreglane vert rein spekulasjon, seier han.

Sandaker-Nielsen fortel vidare at Norwegian skal stille med representantar under meklinga på onsdag.

Han meiner kommunikasjonen mellom dei tilsette og fagforeiningane knytte opp mot Norwegian stort sett har vore konstruktiv under den pågåande krisa.

– Dialogen med tilsette og fagforeiningane har stort sett vore svært konstruktiv heile vegen. Heile bransjen opplev no den største krisa nokon gong og alle selskapa har måtte seie opp eller permittere tilsette.

CEO i Norwegian ASA

MØTER PÅ MEKLINGA: Norwegian sin informasjonsdirektør, Lasse Sandaker-Nielsen seier at Norwegian vil stille med representantar under meklinga med fagforeiningane på onsdag.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Har sendt brev til norske statsrådar

Sentrale politikarar frå parlamentsgruppa til det spanske regjeringspartiet Unidas Podemos og på Kanariøyene gjekk i førre veke ut i spanske aviser og støtta landsmennene sine i konflikten med Norwegian.

Flyselskapet er ikkje bekymra for det aukande politiske trykket frå Spania:

– Dei er fast tilsette i et spansk selskap, som betyr at dei må følgje spanske lovar og reglar. Det er vi trygge på at spanske styresmakter forstår, seier informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen.

Fagforeiningane har og søkt støtte frå norske styresmakter. Dei meiner Norwegian-leiinga risikerer å køyre seg sjølve og fleire hundre millionar kroner i statlege krisepakkar i grøfta.

– Handlingane til leiarane er uforsiktige og kan øydeleggje heile Norwegian gruppa. Dei risikerer pengane til norske skattebetalarar, seier fagforeiningsleiar Iglesias.

Sandaker-Nielsen i Norwegian meiner derimot at leiinga har gjort ein god jobb med å berge selskapet og arbeidsplassane.

– Vi synest det er synd at fagforeininga ikkje innrettar seg etter røynda, seier han og utdjupar:

– Norwegian si leiing har jobba dag og natt for at selskapet skal kome gjennom denne krisa slik at vi kan trygge så mange framtidige arbeidsplassar som mogleg.

AKTUELT NÅ