Hopp til innhold

Norwegian-sjef til tidlegare tilsett: – Finn deg eit anna selskap å jobbe for om du ikkje er fornøgd

Toppsjefen i Norwegian provoserte medarbeidarar med ei krass melding på Linkedinprofilen sin. No innrømmer han at meldinga var støytande, etter å ha sletta ho i dag tidleg.

Norwegians konsernsjef Jacob Schram om bord i et av selskapets fly. En slettet LinkedIn-melding innfelt

BEKLAGAR: I ein oppheita diskusjon hissa Jacob Schram opp tilsette som står i fare for å miste jobbane sine.

Foto: NRK

NRK skreiv først at det var ein tilsett i Norwegian, Schram skreiv kommentaren sin til. På Linkedinprofilen hennar står det at ho er tidlegare tilsett i selskapet og jobba i Norwegian fram til desember 2019.

Fredag la administrerande direktør i flyselskapet Norwegian, Jacob Schram, ut eit brev til sine tilsette på det sosiale nettverket Linkedin.

I brevet til dei tilsette, som han publiserte på sin Linkedin-profil, seier han at selskapet truleg berre kjem til å halde oppe eit fåtal flygingar i Noreg fram til mars 2021.

Per i dag har Norwegian berre sju fly som er på vengene.

Linkedin kan samanliknast med ein profesjonell versjon av Facebook, og vert først og fremst brukt til å byggje seg nettverk og kommunisere i jobbsamanheng.

Del 1 av brev frå Schram på Linkedin.

BREV: Første del av brevet som provoserte fleire av Norwegian sine tilsette.

Foto: NRK
Noregian printscreen av brev frå Jacob Schram del 2.

BREV: Slutten på brevet.

Foto: NRK

Etter at Norwegian-sjefen la ut brevet på nettverket var det fleire skuffa tilsette som uttrykte meiningane sine.

Tusenvis av tilsette som har blitt utestengt frå Norwegian sine e-post og datasystem får beskjed om at dei frivillig kan registrere seg i ein «talent pool».

Der kan dei som vil få informasjon om utviklinga framover og bli kontakta dersom selskapet skal rekruttere igjen, står det i brevet signert Jacob Schram

I samtaletråden på Schram si Linkedin-side vart det ein hissig debatt etter at brevet vart offentleggjort.

Ei britisk kvinne som tidlegare skal ha jobba som kabinpersonell kommenterer innlegget med at oppførselen frå selskapet er «respektlaus mot alle deira britiske tilsette som framleis ikkje veit kva som vil skje med dei».

Når Schram svarar skriv han mellom anna:

– Om du ikkje er fornøgd med det vi gjer så foreslår eg at du finn deg eit anna flyselskap å jobbe for!

Jacob Schram svarar ein tilsett.

SLIK SVARAR HAN PÅ KRITIKKEN: Administrerande direktør i flyselskapet Norwegian, Jacob Schram, svarar ein tidlegare kabintilsett som kritiserer selskapet sin kommunikasjon med deira britiske personell

Foto: NRK

Svaret frå Schram vart lagt ut i natt og sletta i dag tidleg.

Ingen i Norwegian vil stille til intervju om framtidige kuttprosessar i selskapet, men Jacob Schram kommenterer sjølv ordvekslinga på Linkedin i ein e-post til NRK.

Schram skriv:

«Eg har sletta ei formulering som eg ser kunne oppfattast støytande, det var aldri meininga».

Schram meiner dei tilsette må få opp auga for utfordringane i selskapet:

«Mitt klare bodskap som eg har kommunisert til alle i Norwegian er at det er hjarteskjerande at så mange flotte kollegaer mister jobbane sine eller har blitt permittert. Det er brutalt, men vi er nøydd til å sjå verkelegheita i auga. Det er ingen trygg hamn for nokon av oss.»

Før han avsluttar e-posten:

«Vi overlever ikkje utan inntekter og har derfor ikkje noko anna val enn å kutte kostnader. Dette betyr at vi ikkje kan behalde folk som ikkje jobbar. Eg ser fram til å møte representantar for fagforeiningane på måndag.»

NRK har kontakta fagforeininga Norwegian Kabinforening om saka. Leiar René-Charles Gustavsen skriv at dei ikkje ønskjer å kommentere saka.

Alf Wilhelm Hansen, leiar i Norwegian-pilotane si fagforeining ønskjer heller ikkje å kommentere saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT