NRK Meny
Normal

Solvik-Olsen vil rydde opp i parkeringsbransjen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lovar ei opprydding i parkeringsbransjen. I eit nytt lovforslag, som blir sendt over til Stortinget i dag, blir det blant anna skissert felles reglar for private og offentlege parkeringsselskap.

Intervju med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)

VIDEO: Nytt lovforslag skal gi enklare parkering.

Dermed blir det slutt på at private parkeringsselskap kan operere med heilt andre gebyrsatsar enn selskap eigde av det offentlege. For Solvik-Olsen har det vore viktig å få til eit system som er meir forbrukarvenleg.

– Arbeidet med både lov og forskrift vart starta opp alt i 2005. Det stadfestar at behovet har vore kjent lenge, men dessverre var det lite framdrift i saka i lang tid. For oss har det vore svært viktig å få på plass eit meir forbrukarvenleg parkeringssystem, seier Frp-statsråden.

Lik skilting

Dette betyr blant anna at det blir like reglar for skilting av parkeringsplassar. Forvirrande og mangelfull skilting er årsak til mange feilparkeringar, og dette ynskjer samferdsleministeren å rydde opp i.

Han vil setje klare krav til parkeringsbransjen, blant anna ved å etablere ei felles parkeringsklagenemnd. Det skal også bli felles reglar for utskriving av gebyr, og det blir lagt opp til tre felles gebyrsatsar på 300, 600 og 900 kroner.

Han trur dei nye reglane vil gjere det vanskeleg for cowboyane i bransjen å drive vidare.

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland.

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland, er godt nøgd med forslaget til nytt lovverk for parkering.

Foto: NRK

Det skal framleis vere gratis å parkere for bilistar med forflyttingsvanskar på kommunale parkeringsplassar. Den enkelte kommune skal sjølv avgjere om dei vil vidareføre gratis parkering for elbilar og hydrogendrivne bilar på dei kommunale parkeringsplassane.

Lovforslaget skal også gjere det mogleg å innføre ei plikt til ål tilby lading for elbilar på alle parkeringsplassar i ein kommune.

– Skal feire med kake

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland, seier at ho er godt nøgd med forslaget til nytt lovverk. Det viktigaste er med, seier ho, men saknar ei lovfesting av at det skal bli mogleg å betale i ettertid, når ein veit kor lenge ein har stått parkert.

Ketil Solvik-Olsen seier at det er praktiske årsaker til at dette ikkje blir gjennomført no.

Dagleg leiar i Norpark, Lars Monsen.

– Dette skal vi feire med kake, seier dagleg leiar i Norpark, Lars Monsen.

Foto: NRK

– Dette skal vi feire med kake. Vi har venta på ei formalisert statleg forskrift for alle parkeringsselskap i mange år, seier dagleg leiar Lars Monsen i Norges Parkeringsforening (Norpark), bransjeforeininga for offentlege og private parkeringsselskap her i landet.

Han seier at Norpark i all hovudsak er godt nøgd med dei nye reglane, men at dei har nokre små innvendingar når det kjem ned på detaljnivå. Det gjeld blant anna dette med at det skal bli lik skilting på private og offentlege parkeringsplassar.

Les heile lovforslaget her

Fryktar forvirring

– Vi er redde for at det kan skape forvirring så lenge handikappa og elbilar framleis skal parkere gratis på offentlege plassar, medan dei må betale på private parkeringsplassar, seier Monsen til NRK.

Norpark-medlemene har også vore usikre på om gebyrminstesatsen på 300 kroner er for låg, men at dette er detaljar som heilt sikkert vil gå seg til etter kvart. Han ser på det nye lovforslaget som godt nytt for heile den seriøse delen av parkeringsbransjen.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) møtte pressa på ein parkeringsplass i Oslo sentrum i dag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger