Soldat drap minst 20 – mogleg gisseldrama i kjøpesenter

Minst 20 menneske blei drepne då ein soldat gjekk amok med våpen på eit kjøpesenter i Thailand. Politi og soldatar har i ettermiddag storma senteret og hjelpt ut fleire hundre menneske.

Skyting Thailand

Fleire hundre er evakuerte frå kjøpesenteret.

Foto: Amarin News

Den pågåande dramaet skjer i byen Nakhon Ratchasima, som også bli kalla Korat. Soldaten brukte automatgevær, og det verkar som om han skaut på heilt tilfeldige menneske inne på kjøpesenteret Terminal 21 Korat.

Thailandsk politi har identifisert gjerningsmannen som Jakrapanth Thomma (32).

Etterlyst i Thailand

Thailandsk politi har etterlyst soldaten Jakrapanth Thomma (32)

Foto: Thailandsk politi

Det er meldingar i lokale medium om at han har tatt 16 gislar i fjerde etasje på kjøpesenteret, men forsvarsdepartementet kan ikkje stadfeste dette.

Like før klokka 17 norsk tid blei senteret storma av politi og spesialstyrkar, ifølgje fleire medium. Fleire hundre menneske er blitt redda ut.

Styrkar frå politiet og forsvaret skal ha kontroll over 1. etasje i kjøpesenteret.

Mange drepne og såra

Laurdag ettermiddag opplyste Kongcheep Tantravanich, talsperson for det thailandske forsvarsdepartementet, at minst 20 er døde. Det er uvisst kor mange som er såra.

Byen, som har rundt 200.000 innbyggjarar, ligg rundt 250 kilometer nordaust for hovudstaden Bangkok.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje Bangkok Post skaut soldaten først tre menneske, ein oberst, ein medsoldat og ei 63 år gammal kvinne, inne på ein militærbase.

Deretter tok han seg til kjøpesenteret i ein stolen bil, og heldt fram med skytinga der. Han sende skytinga direkte på Facebook Live og har lagt ut eit bilete av seg sjølv med eit våpen.

Forsvarsdepartementet opplyste tidlegare til BBC at soldaten også fyrte av skot inne på eit buddhisttempel, før han køyrde til kjøpesenteret.

Skyting i Thailand

Bilete frå et overvakingskamera skal vise soldaten som vandrar rundt i kjøpesenteret med eit automatvåpen i handa.

Foto: Overvåkingsvideo / Privat

Vil du ha vekebrev frå Urix? Klikk her

Laster Twitter-innhold

Ukjent motiv

Lokale nyheitsmedium har vist bilete av at soldaten kom ut av bilen utanfor kjøpesenteret og byrja skyte rundt seg. Mange sprang i panikk bort frå staden. Det er over 200 butikkar, kinosenter, skøytebane og fleire restaurantar inne på senteret.

Det er ikkje kjent kva motiv soldaten kunne ha hatt for ugjerninga.

Facebook-kontoen til soldaten er no stengt ned. Tidlegare i dag la han ut eit bilete av ein pistol med teksten: «It is time to get excited». (Det er på tide med spenning).

Thai PBS News melder at det var eit møte mellom gjerningspersonen og ein oberst og ei 63 år gammal kvinne inne på militærbasen før skytinga fann stad. Møtet var meint å skulle rydde opp i det som blir kalla «eit problem med gjeld».

Møtet enda i ein krangel, og det var då soldaten henta eit våpen og byrja å skyte.

Restaurantavdelinga

Svenske Anna Göranson jobbar i ein restaurant inne på kjøpesenteret. Ho var ikkje på jobb då dette hende, men ho har fått fleire meldingar frå kollegaer som var. Ho fortel til SVT at skytinga skjedde i restaurantavdelinga på kjøpesenteret, og at kollegaene hennar var svært redde.

Ved 15-tida hadde ho ikkje høyrt noko frå kollegaene på eit par timar, og at ho fryktar at dei er tekne som gislar.

Skyting i byen Nakhon Ratchasima - også kjent som Korat. Foto: Nattaya Nganiem via Reuters.

Skyting i byen Nakhon Ratchasima – også kjent som Korat. Foto: Nattaya Nganiem via Reuters.

Laster kart, vennligst vent...

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger