Hopp til innhold

Solberg meir populær enn Støre

46,2 prosent av dei spurde meiner at Erna Solberg (H) er best skikka til å vere statsminister her i landet. Det er ein framgang på 3,7 prosentpoeng sidan januar.

VIDEO: Erna Solberg mest populær.

38,7 prosent av dei spurde meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre er best skikka, ein tilbakegang på 1,1 pst sidan januar, viser målinga, som er gjort for NRK av Norstat. 15,1 prosent seier dei ikkje veit kven som egnar seg best som statsminister

Så seint som i mai i fjor hadde Jonas Gahr Støre ei oppslutning på 50,8 prosent, medan Erna Solberg fekk 32,9 prosent. Veit ikkje-gruppa var då på 16,4 prosent. Støre har altså på denne tida tapt støtte på nesten 12 prosentpoeng, medan støtta til Erna Solberg har stige med over 13 prosentpoeng.

– Eg ser på det som eit bevis på at regjeringa leverer resultat. Helsekøane er på veg ned, vi behandlar fleire, vi byggjer fleire vegar og vi er i gang med ei omstilling av økonomien. Vi er no inne i det tredje året vårt i regjering, og no kjem resultata, seier ein tydeleg nøgd statsminister til NRK.

Ho ser ikkje på den gode målinga som uttrykk for at folk likar henne og stilen hennar spesielt godt, men heller at dei kjenner seg trygge på at regjeringa fører ein politikk som er bra for landet.

– Vi treff betre

Om motstandaren Jonas Gahr Støre seier Solberg at han er flink, og at han står for dei løysingane Arbeidarpartiet har.

– Når så veljarane tek andre val, så viser det at vi treff betre enn Arbeidarpartiet med våre saker, seier ho. Solberg legg til at ho er glad for målinga, og at det alltid er hyggjeleg å få høyre at ein får det til.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre hadde torsdag kveld ikkje høve til å kommentere meiningsmålinga.

NRK og Norstat har sidan oktober 2014 kvar månad, bortsett frå juli, gjennomført målingar om forholdet mellom Jonas Gahr Støre og Erna Solberg. På den første målinga meinte 43 prosent at Støre eigna seg best som statsminister, medan 41,1 prosent heldt på Solberg.

Snudde i januar

Så var Jonas Gahr Støre i føringa heilt fram til januar i år. Så seint som i desembermålinga hadde Støre ei oppslutning på 46,5 prosent, medan Solberg då fekk støtte frå 38,2 prosent.

Så snudde det i januar. Då meinte 42,5 prosent av dei spurde at Erna Solberg eigna seg best som statsminister, medan 39,8 prosent heldt på Jonas Gahr Støre. Februarmålinga forsterkar denne trenden med 46,2 prosent til Solberg og 38,7 prosent til Støre.

Statsministermålingane frå november 2014 til februar 2016.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger