Hopp til innhold

Dette er Mattilsynet sine seks kylling-råd

Mattilsynet støttar ikkje forslaget om å risikomerka norsk kyllingkjøtt på grunn av antibiotikaresistens, men ber folk om å følgja seks råd når dei skal ha kylling til middag.

Kyllingproduksjon

Mange reagerer med frykt og vantru på forslaget om å risikomerka norsk kylling fordi så mykje av kjøttet inneheld antibiotikaresistente bakteriar.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Styresmaktene bør vurdera å merkja norsk kylling som eit risikoprodukt på grunn av omfanget av antibiotikaresistente bakteriar, seier forskar ved Folkehelseinstituttet Marianne Sunde til Nationen torsdag.

Reaksjonane kom raskt då NRK la ut saka i sosiale media:

«Hva er det vi spiser?», «På tide å gjøre noe drastisk med matproduksjonen» og «Hvor er den rene sunne norske maten. Nei kyss meg i r- - -.» er blant kommentarane frå norske forbrukarar på Facebook og Twitter.

Meiner god hygienetiltak er nok

Ole Fjetland

Mattilsynet følgjer tett med på fjørfenøringa sine tiltak mot antibiotikaresistens framover, seier assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland.

Foto: Mattilsynet

– Så langt har me berre fått høyra innspelet om risikomerking gjennom media. Me baserer oss på faglege råd frå Folkehelseinstituttet, seier assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet Ole Fjetland til NRK.

Resistensen heiter på fagspråket ESBL (sjå faktaboks) og kan føra til at menneske ikkje lenger får effekt av vanlege antibiotikatypar som penicillin.

Ifølgje Mattilsynet er det mogleg å beskytta seg mot smitte frå ESBL-bærande bakteriar dersom ein følgjer desse seks hygieneråda for behandling av rått fjørfe- og kyllingkjøtt:

  • Hugs god hygiene når du handterer rått kyllingkjøtt
  • Vask hendene
  • Bruk reine reiskapar og klutar
  • Bruk eigne reiskapar, skjerefjøler og fat til rått kjøtt.
  • Hald rå og ferdiglaga mat frå kvarandre
  • Gje kjøttet ei grundig varmebehandling, slik at bakteriane døyr. Kjøttet skal vera gjennomsteikt / gjennomkokt

– Folkehelsefaren er vurdert som at desse hygienetiltaka er tilstrekkelege. Men me vurderer fortløpande kva som er riktige råd å gå ut med, seier Fjetland.

– Bør ein bruka hanskar når ein skal ta i rå kylling?

– Vår vurdering i samråd med FHI er at det er nok å vaska hendene. Me lever ikkje i ei steril verd, så det er viktig å vaska hendene før ein handterer alle typar mat, poengterer tilsynsdirektøren.

Fryktar unødvendig hysteri

Bakgrunnen for forslaget om risikomerking av norsk kylling er Veterinærinstituttet sine funn av antibiotikaresistent E. coli i over 32 prosent av alle kyllingfiletar i 2012.

Animalia, fagsenter for kjøtt- og eggproduksjon, forstår at folk blir redde.

– Ja sjølvsagt. Forbrukarane oppfattar i for stor grad norsk mat som 110 prosent ufarleg. Alt som peikar på risiko blir difor møtt med uro. Heilt risikofri er den jo ikkje, men den er tryggare enn nærmast all annan mat i verda, seier fagdirektøren for husdyr i Animalia, Ola Nafstad.

Han meiner at framstillingane i media gir feil inntrykk av kor farleg det er å eta norsk kylling. Den høge førekomsten av ESBL i norsk kylling er ikkje eit sakleg grunnlag for å gje den stempel som potensielt helsefarleg, ifølgje fagdirektøren.

– Ja, me har påvist ein høgare førekomst av ESBL-produserande bakteriar hos kylling enn tidlegare, men det skjer ikkje fordi situasjonen har forverra seg. Me har fått nye laboratorie-metodar som er meir sensitive. Situasjonen har truleg vore den same dei siste 15 åra men me har ikkje visst om det før no, seier Nafstad.

Kylling

Vask hendene og bruk separate reiskapar til gjera i stand kyllingfiletane, er nokre av Mattilsynet sine hygieneråd for å unngå smitte frå antibiotikaresistent fjørfe.

Foto: Maria Elsness / NRK

Manglar kunnskap

Fjørfenæringa har nyleg laga ein handlingsplan og sett i verk tiltak for å redusera førekomsten av ESBL i kyllingen.

Blant tiltaka er streng kontroll med importen av avlsdyr, som ein meiner er kjelda til resistent kylling i Noreg, grundig vask og desinfeksjon hos produsentane og meir forsking på spreiing av ESBL frå kylling til menneske og spreiing i kyllingpopulasjonen.

Det er nemleg ikkje dokumentert at menneske blir smitta av antibiotikaresistente bakteriar frå kylling.

– Dette veit me svært lite om. Me veit at det er ein risiko for smitte, men me veit ikkje i kva grad me faktisk blir smitta eller kva det betyr for folkehelsa, fortel overlege Martin Steinbakk i Folkehelseinstituttet.

Han var leiaren i ekspertgruppa som nyleg la fram ein rapport om antibiotikaresistens for regjeringa.

I verste fall kan ein pasient som er smitta av ein motstandsdyktig bakterie døy av sjukdomar som me i dag er i stand til å behandla.

– Ein blærekatarr kan til dømes flytta seg opp til nyra og gje infeksjon i nyra og nyrebekkenet. Det er farleg. Dersom ein ikkje kan behandla dette med antibiotika, risikerer pasienten å døy, forklarar Steinbekk.

Mattilsynet seier til NRK at dei kjem til å følgja svært tett med på fjørfenæringa sine tiltak framover.

AKTUELT NÅ