Hopp til innhold

SVT: Ein person etterlyst for drapet på Salwan Momika

Ein person er etterlyst mistenkt for drapet på koranbrennaren Salwan Momika, melder SVT.

– Det er ukjent kvar den mistenkte er, seier Rasmus Öman ved den svenske statsadvokatens kontor.

Han seier dei har eit godt bilete av kva som har skjedd då Momika blei drepen i Södertelje i slutten av januar.

Fem personar blei først gripne og mistenkte for å stå bak, men dei blei seinare sette fri.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no