Hopp til innhold

Israel stadfestar identiteten til to døde gissel

Israelske styresmakter stadfestar torsdag morgon at dei har teke imot to døde gissel frå Gaza.

Kistene med dei to blei frakta av Røde Kors frå Gaza by og overlevert til den israelske hæren (IDF), skriv Times of Israel.

Identiteten til dei to er stadfesta ved eit rettsmedisinsk institutt i Tel Aviv.

Hamas seier dei inntil vidare ikkje er i stand til å finne fleire av dei døde gislane.

Nokre av desse er i område i Gaza som blir kontrollert av IDF, medan andre ligg i ruinar av bomba bygningar og tunnelar, og er vanskelege å finne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no