Hopp til innhold

Snø på E6 Saltfjellet

Oppdatert klokka 09:16: Ifølge statens vegvesen er vegen open for trafikk og per no er det låg sjanse for at vegen blir stengt.

Tidlegare i natt og i morgontimane har Statens vegvesen fortløpande vurdert om dei skal stenge vegen over Saltfjellet, skriv dei på sine nettsider.

Dei rår dei køyrande til å vurdere andre køyreruter.

Driftspersonell har vurdert det som sannsynleg at fjellovergangen blir stengt.

Årsaka er mykje snø på vegane.

– Det er kombinasjonen av sludd, sørpe, snø og vind som er den største utfordringa, men vinden skal løye. Om vegen stenger trur eg ikkje det vil vere av langvarig art, då er det for å få brøyta opp vegen der snøen har lagt seg raskt og tett.

Det seier Morten Fjellheim, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Nord, til NRK.

– Det er jo nokre køyretøy som ikkje er godt nok rusta på denne tida av året, så det er absolutt ikkje tilrådeleg å køyre over fjellet utan riktige dekk, seier Fjellheim.

snø på vei
Foto: Statens vegvesen