Slik blei kvinnekampen markert i Noreg

Fleire tusen menneske møtte søndag opp utanfor Stortinget i Oslo for å markera kvinnedagen. I år er det hundre år sidan 8. mars blei markert for første gong i Noreg.

Flere tusen mennesker møtte opp foran Stortinget for å markere kvinnedagen søndag. Det er i år hundre år siden dagen ble markert for første gang i Norge.

Søndag blei kvinnedagen 8. mars markert rundt om i Noreg. Statsministeren peikar på vald mot kvinner og ein kjønnsdelt arbeidsmarknad som to av hovudutfordringane i den norske kvinnekampen.

Kvinnedagen blei markert for første gong i Noreg i 1915, då den russiske feministen Aleksandra Kollontaj gjekk på talarstolen under eit stort fredsmøte i Oslo.

I dag, hundre år etter, markerte både kvinner og menn 8.mars rundt om i heile Noreg. Like rettigheiter, likeløn og slutt på vald mot kvinner er blant dagens kampsaker.

– Kvinnekampen er like viktig i dag som det den har vore gjennom historia , seier Siavash Mobasheri, som var til stades under markeringa i hovudstaden.

Solberg: – Arbeidsmarknaden er for kjønnsdelt

Erna Solberg taler på kvinnekonferanse i Drammen 8.mars

Erna Solberg markerte 8.mars ved å opna kvinnekonferansen til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i Drammen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) feira dagen på kvinnekonferansen i Drammen.

Ho meiner me har ein veg å gå.

– Me har ein for kjønnsdelt arbeidsmarknad. Mange innvandrarkvinner får ikkje ta del i mange av dei rettane me har i samfunnet vårt, fordi dei ikkje har god nok utdanning eller deltek i arbeidslivet. I tillegg har me ei stor utfordring når det gjeld vald mot kvinner, seier Solberg til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger