Hopp til innhold

Strammar kraftig inn på tilgangen til rådyr og populær «slanke­medisin»

Regjeringa vil no strupe inn tilgangen til den populære medisinen Ozempic. Det har rett og slett blitt for dyrt. Legar fryktar meirarbeid.

Ozempic

POPULÆR: Det er rekna på at mellom 150.000 og 200.000 nordmenn brukar slankemedisin som til dømes Ozempic.

Foto: David J. Phillip / AP

I det såkalla revidert nasjonalbudsjett kjem regjeringa blant anna med forslag om rasjonering i apotek for Ozempic.

Medisinar med «slankande effekt» som Ozempic utgjer no 10 prosent av folketrygda sine samla utgifter til legemiddel på blå resept.

Ozempic er ein medisn utvikla mot diabetes 2 og det er stor mangel på denne no.

Staten betalar minst 5 gonger så mykje for desse medisinane no samanlikna med i fjor. Import frå andre europeiske land er ei av årsakene.

Må rasjonere

– Regjeringa vil sikre tilgangen til diabeteslegemiddel og redusere folketrygda sine utgifter, slår helseminister Jan Christian Vestre (Ap) fast.

I revidert budsjett kjem dei med forslag om fire tiltak som skal gjelde frå 1. juli i år.

  • Individuell stønad til dei som treng medisinane
  • Ingen refusjon for pakningar som er importert frå utlandet
  • Apoteka må rasjonere Ozempic
  • Ei eiga ny lov om beredskap for å sikre tilgang på medisinar

Direktoratet for medisinske produkter meinte at staten kom til å bruke rundt 21 millionar kroner på medisinen i 2024.

Men over 60.000 nordmenn fekk desse medisinane på blå resept i fjor. Det kosta staten nærare 1,4 milliardar kroner.

Helse pk

Helseminister Jan Christian Vestre.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Strammar inn

Regjeringa meiner at tidlegare tiltak har ikkje klart å hindre at pasientar utan diabetes har fått enorme mengder av desse medisinane på blårespt.

No skal diabetespasientane prioriterast hardare framfor dei som ikkje har den alvorlege sjukdomen.

– Desse tiltaka vil gi eit større utval av tilgjengelege diabeteslegemiddel til den aktuelle pasientgruppa, og avgrense behovet for bruk av kostbare, utanlandske pakningar av Ozempic, seier Vestre.

Utanlandske pakningar kan koste tre til sju gonger så mykje som dei norske pakningane, fordi utsalsprisen kan bli sett fritt av aktørane.

– Rasjonering i apotek vil gje moglegheit for å prioritere pasientar som treng Ozempic mest, melder regjeringa.

Helsedepartementet opplyser at dei i løpet av dei tre første månadane i år har brukt over 600 millionar kroner på refusjon av «slankemedisin».

Dersom denne utvikla hadde halde fram har NRK rekna ut at utgiftene vill passert 2 milliardar mot 1,4 i fjor.

Meirarbeid for legane

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, seier innstrammingane ikkje er overraskande.

Marte Kvittum Tangen, leder i Norsk forening for allmennmedisin.

Marte Kvittum Tangen, leder i Norsk forening for allmennmedisin.

Foto: Legeforeningen

– Men at ein nå vel å innføre individuell refusjon for all forskriving av Ozempic, vil medføre ei stor meirbelastning for fastlegane, seier ho.

Mens legemiddelet i dag har førehandsgodkjent refusjon på blå resept, må nå legen søke om refusjon kvar gong ein skal skrive ut resept eller endre dose.

At diabetespasientane skal prioriterast, er Tangen heilt einig i. Slik har det også vore lenge, og legane støttar at Ozempic blir brukte til behandling av diabetes type 2.

– Ved vektreduksjon er det Wegovy som skal føreskrivast, som er akkurat det same verkestoffet, men ikkje blir gitt på refusjon, seier allmennmedisin-leiaren.

Ønsker presisering av vilkår

Tangen skulle ønske tydelege vilkår for å skrive ut Ozempic hadde vore testa før individuell refusjon blei innført.

– Vi har ønskt oss ei presisering av vilkåra. Eg har tru på at det ville blitt meir rett forskriving med tydelegare vilkår, seier ho.

For rasjonering

Hanne Andresen er fagdirektør i Apotekarforeininga. Ho seier dei har forståing for at det blir sett inn tiltak som skal sikre levering av legemiddelet til pasientane som treng det mest. Ho meiner rasjonering kan vere eit godt tiltak.

– Vi har i lengre tid etterlyst rasjonering som eit tiltak som kan bidra til at legemiddel blir reserverte til dei som har størst behov for dei legemidla, seier Andresen.

Hanne Andresen, fagdirektør i Apotekerforeningen.

Hanne Andresen, fagdirektør i Apotekerforeningen.

Foto: Kubrix / Apotekforeningen

Fagdirektøren legg til at det føreset at myndigheitene går i dialog med legane og apotek for å finne best mogleg måte å handtere og etterleve tiltaka på.

– Målet med rasjonering i apotek er jo ikkje å lage problem. Vi ønsker å få det innført, sånn at vi kan sikre at alle som har behov for legemiddelet får. Og så vi får fordelt den avgrensa mengda legemiddel tilgjengeleg til flest mogleg, understrekar Andresen.

Legar er uroa

Situasjonen med mangel på til dømes Ozempic er like i mange land. Her i Noreg er legane uroa for utviklinga.

– Eg er uroa over det store omfanget, og kor mange pasientar som brukar vektreduserande medikament i Noreg no, seier Tangen.

– Betyr dette at fleire enn dei som absolutt treng det, brukar det?

– Ja, det trur eg det er ein klar indikasjon på. Det er ikkje slik at alle med lett overvekt vil ha helsegevinst eller nytte av å bruke desse medisinane, seier ho.

Ei utfordring for politikarane

Mari-Mette Graff er leiar i Landsforeningen for overvektige (LFO). Ho meiner omfanget av Ozempic-bruken speglar det ho kallar «den enorme tyngda av stigmaet rundt å leve med overvekt og fedme.»

Mari-Mette Graff, leder i Landsforeningen for overvektige.

Mari-Mette Graff, leder i Landsforeningen for overvektige.

Foto: Maria Langaard / LFO

– Folk er desperate etter gode hjelpemiddel som gjer at det ikkje berre i forhold til kilo blir lettare å leve ute i verda, men også med tanke på stigmaet, seier Graff.

Ho meiner innstrammingane peikar på ei utfordring for politikarane, når det gjeld å sørge for at alle som treng det skal ha tilgang til behandling dei opplever som god.

Til påpeikinga i legeforeininga av at Wegovy, som ikkje blir refundert, skal skrivast ut til vektreduksjon og ikkje Ozempic, seier Graff:

– Det er jo den som føreskriv ein medisin som har ansvar for at han blir gitt på rett indikasjon og at formalkrava blir etterlevde. Samtidig så er det sånn at Wegovy er dyrt, og det er slett ikkje alle som har råd til å betale det av eiga lomme med dei ordningane som er i dag. Og det er klart at vi ikkje ønsker at det skal vere sånn i Noreg at forskjellane i helse blir forsterka på grunn av forskjellane i økonomi.

Les også Frøya må gi fra seg 13.000 kr per innbygger

Sula i Frøya

AKTUELT NÅ