NRK Meny
Normal

Skuldar Synnøve Finden for å lyge om kor norske dei er

Synnøve Finden hevdar dei er ei heilnorsk merkevare, men likevel sender dei ostemasse til Tyskland og Irland som blir til burgarost for McDonald's og Burger King her i Norge

Synnøve Finden

UTENLANDS: Noko av ostemassen blir sendt til Tyskland der den blir til Burger King sin burgeaost og noko blir sendt til Irland der den blir til burgarost for Mc Donalds.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Meieriprodusenten Synnøve Finden profilerer seg med ei smilande budeie og på nettsidene oppmodar dei folk til å reise på besøk til garden Synnøve kjem frå.

Synnøve Finden er en helnorsk merkevare og Synnøve er ei smilende, lyshåret budeie på en stølsvoll med en stigende sol i bakgrunnen

Frå nettsidene til Synnøve Finden: "Om merkevaren"

Men NRK sin gjennomgang av den tollfrie kvota "utenlands bearbeiding", viser at Synnøve Finden sender ostemasse ut av landet for at den skal bli til hamburgarosten cheddar.

Noko av ostemassen blir sendt til Tyskland og blir til Burger King sin burgarost og noko blir sendt til Irland og laga til burgarost for Mc Donalds.

Så kjem den ferdige osten tilbake til Norge på den tollfrie kvota.

– Budeia er «tysk»

Runar Døving

KOMMUNIKASJONSPROBLEM: Professor Runar Døving trur Synnøve Finden vil tape på avstanden mellom det dei seier og det dei gjer.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Dette skurrar for professor Runar Døving ved Markedshøyskolen Christiania Campus.

Han underviser i forbrukarsosiologi og forskar blant anna på mat og kultur. Han meiner det er for stor avstand mellom det Synnøve Finden seier dei er og det dei gjer.

– I og med at dei seier dei er norske, men så er budeia egentlig «tysk», så får dei eit stort kommunikasjonsproblem

Runar Døving, professor ved Markedshøyskolen Christiania Campus

– Dei lyg, sjølv om det ikkje er ei juridisk løgn fordi det er lovleg, seier Døving.

– Men i og med at dei seier dei er norske, men så er budeia egentlig «tysk», så får dei eit stort kommunikasjonsproblem i framtida og det vil dei tape på i lengda, legg han til.

Marknadsfører ikkje burgarosten

Synnøve Finden hevdar på si side at Døving tek feil når professoren seier at dei marknadsfører seg som meir norske enn dei er.

I ein epost til NRK skriv administrerande direktør Magnus Tollefsen at:

«Alle produkter som markedsføres og selges til forbrukere som Synnøve-ost er produsert i Norge basert på norske råvarer. Synnøve Finden markedsfører ikke produkter med såkalt utenlandsk bearbeiding.»

Synnøve Finden meiner at så lenge dei ikkje marknadsfører at dei leverer ostemasse til Burger King og Mc Donalds, så blir skuldingande frå Døving feil.

Tollefsen skriv at dei har ein «industriavtale der vi selger osteråstoff som fraktes til utlandet for foredling iht kundens spesifikasjoner hvor bruk av merkvarebetegnelser ikke benyttes».

Utover dette vil ikkje Synnøve Finden kommentere saka.

McDonalds: Kan ikkje lage osten i Norge

McDonalds sin burgarost er laga av ostemasse frå Synnøve Finden og burgarkjeden hevdar det ikkje lar seg gjere å lage deira ost i Norge.

Likevel nyttar dei kvota for «utanlands bearbeiding» og fraktar den ferdige burgarosten tollfritt til Norge. Det kan dei gjere fordi dei kjøpte råvaren frå Synnøve Finden.

– Leverandøren (Synnøve Finden, red anm) har ikkje utstyr eller teknologi for å lage produktet ferdig i samsvar med våre krav, så difor sender vi dei til utlandet, seier kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto.

Meir enn burgerost

NRK har fått innsyn i alle produkt som vart tekne inn på kvota for «utenlands bearbeiding» i 2012. Den viser at Synnøve Finden også sender heil og ferdig gulost til Danmark for å skjere den i skiver, pakke den og så sende den tilbake til Norge.

Men det er vanskeleg å finne spor av noko form for utanlandsk produksjon på Synnøve Finden sine nettsider.

– De bruker denne budeia, Synnøve Finden, som fant opp pultosten på nytt igjen og satte i gang i Østerdalen med å utfordre Tine. Og dermed er det noe av det mest helnorske man kan tenke seg, seier Runar Døving.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger