Hopp til innhold

Denne danske pølsa er norsk

OSLO/AALBORG/BAD FALLINGBOSTEL (NRK): For å verne norske bønder reiser kjøtet og mjølka deira ut av landet, blir til matvarer i europeiske land, for så å reise tilbake til Norge. Alt for å sleppe toll.

Dagsrevyen-innslag om hvordan norsk kjøtt reiser ut i Europa for å bli bearbeidet.

VIDEO: Sjå heile reportasjen frå Dagsrevyen her.

Matvarene er kjende på norske frukostbord. Men mindre kjend er det at dei har vore på ei fleire hundre kilometer lang utanlandsreise før dei hamnar i handlekorga.

For å verne norsk landbruk held dansk salami liv i norske svinebønder og den erkeamerikanske kremosten Philadelphia er livsgrunnlaget for fleire norske mjølkebønder.

Men produksjonen skjer i Danmark og Tyskland. Gevinsten for produsenten er null toll.

NRK Nyheter har tatt følge med delar av den omfattande transportetappen for norsk svinekjøt og mjølk for å forstå korleis produsentar nyttar ei relativt ukjent, men heilt lovleg, ordning i det norske landbrukstollregimet.

Saka fortset under bildet

Tvinga til å bruke ordninga

Norsk kjøtt blir til dansk salami

FRÅ NORGE TIL DANMARK: Slik blir norsk svinekjøtt gjort til dansk salami. På fabrikken ved Aalborg i Danmark blir kjøtfarse gjort klar for røyking og tørking.

Foto: NRK

På eit norsk slakteri og kjøtlager i Oslo blir svineskrottane skore opp, pakka og sendt av garde. 392 kilometer seinare parkerer traileren hos Tulip sin salamifabrikk i Svenstrup, Danmark.

Her blir kjøtet malt til farse, tilsett krydder og kvitlauk, røykt, tørka, skore i skiver og pakka i emballasjen du kjenner frå butikkhylla.

Årsaka til den lange transporten heiter «kvote for utanlands tilarbeiding».

Norske landbruksstyremakter vil gje norske råvarer ein økonomisk fordel og har difor laga ei tollfri kvote. Kvoten gjer at det blir billegare for produsenten av den danske klassikaren å la hovudingrediensen reise tur retur Norge, framfor å selje dansk salami med dansk kjøt til den norske marknaden.

– Har de noko anna val, dersom de skal selje dansk salami i Norge?

– Nei, det har vi ikkje. Og vi vil jo gjerne selje dansk salami til Norge og nordmenn vil gjerne ete den, så difor gjer vi det slik no. Men vi håper sjølvsagt at ein kan finne ei anna løysing som er betre for norske forbrukarar, for miljøet og kanskje også for oss, seier Rune Jungberg Pedersen, kommunikasjonssjef i Tulip Food Company til NRK.

Her er heile lista over norsk mat produsert i utlandet

Den årlege produksjonen av 450 tonn dansk salami til Norge er ressurskrevjande på fleire måtar. Det norske kjøtet får si heilt eiga produksjonslinje og fabrikken må planlegge nøye kor tid den skal lage dansk salami til Norge.

Kvotereglane krev at det er nøyaktig den same norske råvara som kjem tilbake til Norge.

– Eg samanliknar det litt med halalproduksjon. Norske råvarer skal produserast på fullstendig reine linjer, så det er litt tungvint, seier Jungberg Pedersen.

Mondelez, eller Kraft Foods, brukar same kvote og sender litervis av norsk mjølk til Tyskland frå Hallingdal og Valdres. Fabrikken, som ligg midt i eit landbruksområde nord for Hamburg, tek i mot mjølka som blir til den tradisjonelle kremosten.

Mondelez held med dette liv i eit 20-tals Tine-bønder i Valdres og Hallingdal som årleg sel to millionar liter mjølk til det multinasjonale konsernet. Mjølk frå 250 norske kyr blir til 1400 tonn Philadelphia-ost for den norske marknaden.

– Kvifor kan de ikkje berre bruke tysk mjølk?

– Vi kunne brukt tysk mjølk, men per i dag er ikkje det noko alternativ på grunn av ostetoll og avgifter for å importere ferdige produkt til Noreg, seier kommunikasjonssjef for Mondelez i Norden, Celin Huseby.

Se grafikk over korleis de ulike matvarene reiser nedst i saka.

Meint for innovasjon – brukt til fast produksjon

«Utanlands tilarbeiding»-ordninga vart endra i 2007 og fekk då for første gong eit tydeleg føremål:

«Formålet med tollnedsettelser etter denne forskrifta er å legge til rette for at verksemder kan gjennomføre produksjonstilpasninger (red. utheving) gjennom utanlands tilarbeiding av landbruksvarer»

Landbruksdepartementet, under leiing av Terje Riis-Johansen (Sp), hadde sett at ordninga førte til «at meir av foredlinga av norske landbruksvarer flyttast ut av landet» og uroa arbeidstakarorganisasjonar, næringsorganisasjonar og næringsmiddelverksemder slo alarm.

Dermed vart ordninga stramma inn og landbruksministeren gav i sitt høyringsbrev uttrykk for at ho berre skulle gjelde mindre produksjonstilpassingar.

Saka fortset under bildet

Philadelphia og Tulip dansk salami

Salamiproduksjon Danmark

KLAR FOR HEIMREISE: Den «danske» salamien blir pakka og sendt tilbake til Norge. Råvarene i pølsa er norske.

Foto: NRK

I sjølve forskrifta er ordet «mindre» forsvunne, men han som styrer ordninga legg likevel dette til grunn.

– Ideen bak det her var at ein skulle ha mindre produksjonstilpassingar i utlandet, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Statens Landbruksforvaltning.

– Kva betyr det?

– Det betyr at i staden for å investere i store, nye maskiner i Norge, med tanke på ny produktlansering eller ein mindre produksjon av eit produkt, så kan ein nytte anlegg i utlandet for å produsere vara der, forklarer Rolfsen.

– Trur du Philadelphia-ost har kome for å bli?

– Eh … Ja, den har jo vore på marknaden ei god stund, så eg antar at det vil vare, seier Rolfsen.

– Kvifor har Tulip alltid hatt desse kvotane i mange år?

– Det er fordi dei har delteke i auksjonane og då har det vore mogleg å få kvotar, seier Rolfsen.

– Då er det jo konstant?

– Det er det ikkje. Fordi dette er tidsavgrensa og det er ingen garanti for at ein får dei neste gang kvotane blir lagt ut, forklarer Rolfsen.

Produsenten av den raude salamien frå Danmark lanserte pålegget i Norge i år 2000 og Tulip fortel til NRK at dei har kjøpt kvotar sidan 2007.

Ostekakeosten Philadelphia har vore til sals i Norge sidan 1987.

Kjente merkevarer

NRK har fått innsyn i lista over produkt som vart teke inn til landet på kvote for utanlands tilarbeiding i 2011 og 2012.

Den viser i all hovudsak at store, veletablerte verksemder brukar kvoten til sin faste produksjon.

På lista finn vi kjente merkenamn som Tulip, Kraft og Havi Logistics som er eigd av McDonald's.

– Leverandørane våre har ikkje utstyr for å lage produkt i samsvar til våre spesifikasjonar. Så vi har eit mål og ein praksis om å bruke norske råvarer. Derfor gjer vi det på denne måten, seier Margaret Brusletto, kommunikasjonsdirektør i McDonald’s.

Alle følgjer altså ei lovleg ordning og har fått kvote frå Statens Landbruksforvaltning. Kvotane er på til saman 20 000 tonn kjøt og 10 000 tonn mjølk og gjeld for tre år om gongen.

Laster innhold, vennligst vent..

AKTUELT NÅ