Hopp til innhold

Skuffa over Moen-avgjersle

Stortinget har endeleg lagt Fritz Moen-saka på hylla. Privatetterforskar Tore Sandberg er svært skuffa over avgjersla.

Fritz Moen
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Dermed vert ikkje høgsterettsdommarane som avviste gjenopptakinga av saka stilt for riksrett.

Slaget er tapt

Eit fleirtal i Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget har i dag bestemt at det ikkje er grunnlag for å gå til Riksrettssak.

- Me har gått nøye inn og sett på saka og sjølv om det ligg kritikk av høgsterettsdommarar i kjæremålsutvalet, er ikkje saka så alvorleg at me ser grunnlag for å gå vidare, seier Øystein Djupedal.

Privatetterforskar Tore Sandberg seier det ikkje kom som noko bombe. Han er skuffa over at fleirtallet ikkje vågar å gå vidare med saka.

- Hadde eg eller andre gjort det desse høgsterettsdommarane har gjort, så er eg ikkje i tvil om at me hadde blitt skulda for å handla mot betrevitande og sett til ansvar for det.

Frp er det einaste partiet som ynskjer å gå vidare med saka, men dei må innsjå at slaget no er tapt.

Opna saka i februar

Komiteen vedtok i februar å opna sak for å vurdera om høgsterettsdommarane Magnus Matningsdal, Karin Bruzelius og Eilert Stang Lund skulle stillast for riksrett i etterkant av Fritz Moen-saka.

Dei tre dommarane blei melde av Sandberg i 2006. Sandberg ville vurdera om dei var skuldige for grov uforstand i tenesta og om dei hadde handla mot betrevitande, då dei under handsaminga berre tok oppatt eitt av drapa Fritz Moen var dømt for.

Den døve og sterkt funksjonshemma Fritz Moen blei i 1978 og 1981 dømt til 21 års fengsel og ti års sikring for drapa på dei to 20 år gamle studentane Sigrid Heggheim i 1976 og Torunn Finstad i 1977.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger