Hopp til innhold

Skrotar Solberg sin plan om fritt skuleval i heile landet

Solberg-regjeringa sin draum om fritt skuleval i heile landet blir no lagt vekk av den nye regjeringa. – Karakterar skal ikkje aleine kunne bestemme kvar du kan gå på skule, seier kunnskapsministeren.

Tonje Brenna

NY PLAN: Kunnskapsminister Tonje Brenna vil ikkje vere med på å la karakterar aleine avgjerde kvar du kan gå på vidaregåande.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Fylka skal framleis ha ansvaret for inntaket, seier kunnskapsministeren.

Dermed ryk den avgåtte Solberg-regjeringa sin draum om felles, nasjonale reglar for inntak til vidaregåande utdanning.

– Vi meiner at det er fylka som er tettast på og som er best i stand til å organisere og bestemme dette, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK.

Ho ryk dermed rett i tottane på den borgarlege opposisjonen, som lenge har jobba for å fjerne dette ansvaret frå fylka.

– Vi meiner at det ikkje er rett som Erna Solberg ville at ein berre skulle tevle om karakterar. Det er også andre omsyn som takast omsyn til når du skal velje skule, seier Brenna.

– Har behov for eit skifte

Dermed opnar det opp for at fylka kan velje nærskulemodellen som gjer at elevar ikkje fritt kan velje kvar dei vil søke seg inn.

– Eg er oppteken av at elevane skal gå i ein best mogleg skule. Målet er at alle skulane skal vere gode og at færrast mogleg elevar skal vere nøydde til å reise langt for å kome til skulen kvar dag, slår statsråden fast.

Regjeringa si avgjerd får nyleg avgått kunnskapsminister Gurli Melby (V) til å sjå raudt. Ho meiner dei heller burde gje grønt lys til dei elevane som vil velje sjølve.

– Vi veit at veldig mange i denne alderen har behov for eit skifte og for å utvide perspektiv. Så det å få ei moglegheit til miljøforandring er viktig og vi ønskjer å sikre dette for alle elevar i heile landet.

Regjeringskifte 2021

Tonje Brenna (Ap) får nøkkelkortet til kunnskapsdepartementet av Guri Melby (V) 14. oktober. No skrotar Brenna Melby sine planar om fritt skuleval.

Foto: Ali Zare / NTB

Vil ha fritt skuleval

Ho kallar reverseringa av skulevalet «eit tap for elevane».

– Eg trur vi får eit system som ikkje set behovet til eleven i sentrum, det set behovet til fylkespolitikarane i sentrum, seier Guri Melby.

Sofia Piene (16) og Cille Gresseth Kvarme (15) går førsteåret på Byåsen skule i Trondheim. Ein bør kunne søkje seg til den skulen ein vil, seier jentene.

– Ein vil kanskje søkje seg inn på diverse linjer som ikkje finst på nærskulen sin, eller komme seg unna eit miljø ein er i no, seier Kvarme.

Piene er samd og held fram:

– Du har kanskje lyst på nye venner fordi du har andre interesser enn dei vennene du hadde på ungdomsskulen, seier ho.

Elever på vgs snakker om inntaksregler.

Sofia Piene (t.v.) og Cille Gresseth Kvarme (t.h) på Byåsen skule i Trondheim synest reglane om fritt skuleval skulle vore innført.

Foto: Jøte Toftaker / nrk

Nærskule gir meir poeng

Men Tonje Brenna presiserer at det ikkje er regjeringa som skal bestemme kva inntaksmodell dei ulike fylka skal bruke.

Men fleire fylke som til dømes Vestland har innført nærskuleprinsippet.

Då vil ikkje det berre vere karakterane som gir grunnlag for kva skule eleven kan gå på. Elevar som søker på ein skule i sitt eige område, vil få ekstrapoeng når dei søkjer.

– Vi trur at dette blir meir rettferdig. Nokon bur stadar der det er mange skular i nærleiken, andre bur stadar der dei må reise langt. Dilemmaet med reint karakterbasert inntak til skule er at det skaper nokon som vinn og nokon som taper kampen om plassane.

AKTUELT NÅ