Skaut fyrverkeri mot romfolk

Fire menn er køyrd til arresten i Oslo etter å ha skote fyrverkeri mot romfolk-leiren på Årvoll i Oslo i natt.

To jenter har lagt utover madrasser på Årvoll

NY LEIR PÅ ÅRVOLL: Fleire romfolk flytta seg laurdag frå leiren ved Sofienberg kirke i Oslo til Årvoll.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

Ingen personar vart skadde av fyrverkeriet. Dei fire blir blant anna melde for skremmande og plagsam åtferd.

Me hadde patruljar ute i natt, og det var ein av desse som oppdaga fyrverkeriet og dei fire gjerningspersonane, fortel operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Ola Krokan.

I går, laurdag, flytta romfolk til den nye leiren på Årvoll. Fleire naboar var skeptiske til leiren.

Prøvde å stikka av

Dei fire mennene, som er mellom 48 og 39 år, prøvde å stikka frå staden. Ein av dei vart pågripen umiddelbart, medan dei tre andre kom seg inn i ein bil. Bilen vart stoppa etter kort tid av politiet. Ein eller fleire av gjerningspersonane blir også melde for vald mot politiet.

Sjåføren av bilen prøvde å pressa ein politimann med køyretyet sitt, fortel Krokan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger