Hopp til innhold

VG: Familiemedlem varsla om Team Ingebrigtsen

I varselet vart det hevda at TV-serien viste eit bilde av livet til familien Ingebrigtsen som var langt unna sanninga.

Team ingebrigtsen s6.2 kurator

Siste sesong av serien hadde premiere 3. desember 2021.

20. januar 2021 sende eit familiemedlem av familien Ingebrigtsen varsel til skaparane av serien, skriv VG.

Det var ti månadar før siste sesong av TV-serien Team Ingebrigtsen vart sendt på NRK.

«De skal tenke dykk grundig om korleis de viser Gjert spesielt», stod det i varselet.

VM i friidrett 2019 i Doha i Qatar

Brødrene Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Langt unna sanninga

Det var produksjonsselskapet Zapaca Films som tok imot e-posten.

I den vart det også hevda at biletet som vart teikna av Gjert Ingebrigtsen spesielt og familielivet generelt var «så heilt utanfor sanninga som det går an å kome».

Det vart også hevda at folk ikkje ville sett på serien dersom dei visste den ekte sanninga.

Avsendaren forklarte varselet med at det føregjekk ting i familien som «ikkje er bra».

Siste sesong av serien hadde premiere 3. desember 2021. I februar 2022 vart det klart at brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen avslutta trenarforholdet med far Gjert.

I oktober i år stod dei fram og fortalde om både vald og trugslar i oppveksten.

Gjert Ingebrigtsen har heile vegen nekta all skuld i saka, og kjenner seg ikkje igjen i mistankegrunnlaget.

Følgde opp

Linn Therese Amundsen er regissør og fotograf i serien. Ho seier til VG at dei følgde opp e-posten.

– På det tidspunktet hadde vi i Zapaca Film brukt fem år med familien. I løpet av denne tida har vi hatt mange lange, og det vi oppfatta som fortrulege samtalar med dei fleste familiemedlemmene. Det var i denne konteksten mailen vart lest og handtert av oss.

Ifølgje henne vart varslaren sjølv filma, og fekk tilsendt episodar i ettertid for å kunne gi tilbakemelding. Selskapet seier dei også kommuniserte med NRK om saka.

Jon Ola Sand er strategi- og utviklingssjef for eksternavdelinga i NRK, og har ansvar for det som blir kjøpt inn frå andre. Han seier NRK vart kjent med innhaldet i e-posten tysdag 28. november.

Han seier dei har hatt tett dialog med produksjonen over mange år, men kan ikkje hugse ein konkret samtale om denne e-posten.

Jon Ola Sand

Jon Ola Sand er strategi- og utviklingssjef for eksternavdelinga i NRK.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Han seier til VG at dei heller ikkje fekk tilsendt e-posten.

– Men, produksjonsselskapet vurderte aldri at desse konfliktane var så alvorlege som det verkar no i ettertid.

Gjert Ingebrigtsen sin advokat, John Christian Elden, er informert om saka. Heidi Reisvang i Elden Advokatfirma seier til NRK at dei ikkje vil kommentere saka.

Les også Bistandsadvokat: Bekrefter anmeldelse mot Gjert Ingebrigtsen - familiemedlemmer i avhør

Gjert Ingebrigtsen

Dette har skjedd i Ingebrigtsen-konflikten

Fra gullglis, realityshow og jubel, til familiebråk og beskyldninger om vold. Her er tidslinjen i Ingebrigtsen-konflikten.

AKTUELT NÅ