Hopp til innhold

Sjeføkonom om Noregs Bank-rapport: – Første rentekutt vil dryge

Bedriftene melder om eit stabilt aktivitetsnivå og er meir optimistiske om tida framover, viser svara frå Noregs Bank sitt regionale nettverk.

Ida Wolden Bache

NYE TAL: Sentralbanksjef har no fått nye signal om den økonomiske situasjonen i næringslivet, som kan få betydning når ho og skal gjere ei ny renteavgjerd neste veke.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Fire gonger i året intervjuar Noregs Bank leiarane i 400 bedrifter, og spør dei om den økonomiske situasjonen og korleis dei ser for seg tida framover.

Svara er viktige fordi dei seier mykje om stoda i norsk økonomi, og er dermed viktige for Noregs Bank når dei skal setje renta.

I første kvartal i år melder no bedriftsleiarane at aktiviteten vil halde seg på eit stabilt nivå, og at den vil halde seg stabil også framover.

I førre runde venta dei ein nedgang i aktiviteten inn i det nye året, men bedriftsleiarane er no altså meir optimistiske for tida som kjem.

Aukar risikoen

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets, seier dette er nok ein statistikk som gir inntrykk av at norsk økonomi toler dagens rentenivå betre enn frykta.

– Dette støtter opp under vårt anslag av at første rentekutt vil dryge. Rentekuttet kjem i alle fall ikkje før i september i år, seier Haugland.

Haugland Rente

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets.

Foto: Tom Balgaard/NRK

Ho seier no at dei ferske bedriftssvara aukar risikoen for at rentekuttet vil dryge enda lenger enn september.

Hennar kollega i Nordea, seniorstrateg Dane Cekov, meiner rentekuttet kjem først i desember.

– Det er ingenting som tyder på at det må kome eit snarleg rentekutt, seier Cekov.

Noregs Bank har sett opp renta ein rekke gonger sidan sommaren og hausten 2022. Det har den gjort for å stagge den kraftige prisveksten. Styringsrenta ligg i dag på 4,5 prosent.

Ofte kan god fart og aktivitetet i økonomien, som desse bedriftsleiarane kan seie noko om, bidra til at prisveksten vil halde seg oppe.

Oppjusterer anslag for lønnsvekst

Bedriftene ventar også ein årslønnsvekst på 4,9 prosent i år, noko som er ei oppjustering frå anslaget i november, som var på 4,5 prosent.

Tidlegare i veka stod det tekniske berekningsutvalet (TBU) fast på at dei trur prisane vil stige med 4,1 prosent i år.

– Dersom det treff, så vil dette vere ei gledeleg nyheit for alle hushald, og bety reallønnsvekst, seier Cekov.

Han meiner også det er ei god nyheit for folk flest at bedriftene signaliserer at dei vil auke sysselsettinga noko i tida framover.

Store skilnader mellom bransjar

Trass i at bedriftsleiarane samla sett er litt meir optimistiske enn dei var i november, så er det framleis store skilnader mellom ulike næringar. Medan oljeleverandørane og tenesteytarane trur aktiviteten vil auke framover, ventar bygg- og anlegg fall i aktiviteten.

Dane Cekov

Seniorstrateg i Nordea, Dane Cekov.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Likevel merkar Haugland og Cekov seg at skilnaden er litt mindre enn dei har vore tidlegare. Også for bygg- og anlegg går ting i rett retning, ifølge dei to.

– Mitt inntrykk er at sjølv om renta overraskande vart sett opp i desember, så skremte det ikkje bedriftene. Det at Noregs Bank signaliserte at det ville vere rentetoppen, tok vekk mykje av usikkerheita som vi opplevde gjennom fjoråret, seier Cekov.

Haugland har også bite seg merke i skilnadane blant bedriftene i dei ulike regionane i landet.

Norges Bank regionale nettverk i mars.

Slik måler Noregs Bank temperaturen i bedriftene i dei ulike regionane.

Foto: Noregs Bank

Noregs Bank måler temperaturen i dei ulike regionane ved å gi dei ein raud (høg) eller blå (låg) farge.

– Sist gong var det berre sørvest som hadde raud farge. Men no er det ein vesentleg større andel som er raud, blant anna kysten i Sør-Noreg, som no er lyserosa, og viser ein betre aktivitet. Nord-Noreg har også blitt raud i fargen, seier Haugland.

AKTUELT NÅ