NRK Meny
Normal

Same vektar utsett for tre drapsforsøk

Skytinga mot ein vektar på Blindern i Oslo tysdag kveld, var det tredje drapsforsøket mot den same vektaren på tre år. – Han har vore svært uheldig, opplyser Nokas.

Vektere Blindern

Tre gonger på tre år skal den same vektaren ha blitt angripen medan han var på jobb på universitetsområdet Blindern i Oslo.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Tre gonger på tre år har den same vektaren blitt angripen medan han var på jobb på universitetsområdet Blindern, stadfestar arbeidsgjevaren Nokas overfor NRK:

Nokas: – Har vore svært uheldig

Ådne Mauritzen, Nokas

Vektaren har ifølgje Nokas-pressekontakt Ådne Mauritzen følgt alle gjeldande prosedyrar og rutinar under alle dei tre drapsforsøka.

Foto: NOKAS

Nokas har over 1100 vektarar i Oslo og om lag 3000 på landsbasis. Aldri før har selskapet sine vektarar blitt skotne. Det var TV2 som først melde om at den same vektaren er offer for alle dei nemnde drapsforsøka.

– Det er sterkt beklageleg at ein og same vektar er utsett for trugande hendingar fleire gonger. Statistisk sett skjer det svært sjeldan, han har vore svært uheldig, seier pressekontakt i Nokas, Ådne Mauritzen til NRK.

Vektaren har jobba for Nokas i mange år, og har i lengre tid gått kvelds- og nattevakter på oppdrag for universitetet. I samband med alle dei tre drapsforsøka har han ifølgje arbeidsgjevaren følgt gjeldande prosedyrar og tryggingsrutinar.

– Han er ein erfaren vektar med god kjennskap til oppdraget han er sett til å gjera. Det er ein oppegåande kar som me berre har gode erfaringar med. No er me opptekne av å ivareta han på best mogleg måte, fortel Mauritzen i Nokas.

I avhøyr

Grete Lien Metlid

Grete Lien Metlid leier seksjonen for valds- og seksuallovbrot i Oslo politidistrikt.

Foto: Simon Skjelbostad Yset / NRK

Kulene trefte mannen i brystet. Vektaren melde sjølv frå om skytinga og er ikkje alvorleg såra, ettersom arbeidsgjevaren NOKAS innførte vernevest etter fjorårets overfall.

Nokas opplyser overfor NRK at dei etter dette vil gå gjennom tryggingsrutinane sine nok ein gong.

Vektaren sit onsdag kveld i avhøyr nummer to med politiet. Dei to gjerningsmennene er framleis på frifot.

– Me jobbar for fullt med ei rekkje etterforskingsskritt. Vektaren er eit sentralt og viktig vitne for politiet og me håpar han kan bidra med fleire opplysingar, seier leiaren for valdsavsnittet i Oslo politidistrikt, Grete Lien Metlid til NRK.

Politiet har også fått inn fleire tips frå publikum i saka.

Kallar inn til møte om vernetiltak

Terje Mikkelsen i Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF)

Terje Mikkelsen er forbundssekretær og ansvarleg for vektarbransjen i Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF).

Foto: Arbeidsmanden

– Me skal vera glade for at det gjekk så bra som det gjekk. At nokre av medlemmene våre blir skotne på jobb er noko av det verste som kan skje, seier forbundssekretær og ansvarleg for vektarbransjen i Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF), Terje Mikkelsen

Om lag halvparten av vektarane i Noreg er fagorganiserte. Det store fleirtalet av desse, 4300, er organiserte gjennom NAF.

I kjølvatnet av skytinga mot vektaren tysdag kveld, kjem NAF til å kalla inn tillitsvalde innan vaktbransjen til eit møte.

– Å vera vektar kan vera ein tøff og utsett jobb. Me må diskutera om det er behov for tryggingstiltak og då er innspel frå dei tillitsvalde som er ute i bedriftene verdifulle. Dei har den mest inngåande kjennskapen til kva som trengst av verneutstyr og prosedyrar på utsette oppdrag, seier Mikkelsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger