Hopp til innhold

Russlands ambassadør om fengsla droneførarar: – Dette er hysteri

Russlands ambassadør til Noreg reagerer på at russiske droneflygarar er gripne i Noreg og meiner dei blir behandla som spionar. Han trur alle dei gripne blir sette fri utan at norske styresmakter finn noko ulovleg.

Russlands ambassadør Teimuraz Otarovich Ramishvili

Russlands ambassadør til Noreg, Teimuraz Otarovich Ramishvili, meiner russiske turistar blir mistenkeleggjort i Noreg.

Foto: Margret Helland / NRK

Sju russarar er i oktober gripne i Noreg i samband med foto- eller droneaktivitet. PST meiner formålet med aktiviteten anten var spionasje eller å skape frykt.

I eit intervju med Debatten torsdag hevdar Russlands ambassadør til Noreg, Teimuraz Otarovich Ramishvili, at dei ikkje veit kven dei sju er, og at ingen av dei har søkt bistand frå ambassaden.

– Vi veit ikkje kven dei gripne er. Dei kom til Noreg som enkeltpersonar eller som del av ei gruppe. Dei kom på turistvisum, og vi må difor gå ut frå at dei er turistar, hevdar han.

Sju russarar er i oktober gripne i Noreg i samband med foto- eller droneaktivitet. PST meiner formålet med aktiviteten anten var spionasje eller å skape frykt.

Sju russarar er i oktober gripne i Noreg i samband med foto- eller droneaktivitet. PST meiner formålet med aktiviteten anten var spionasje eller å skape frykt.

Ramishvili meiner regelverket er uklart, og stussar over at dronar blir kategorisert som luftfartøy.

– Reglane seier ikkje noko om dronar eller fotoutstyr. Dei handlar om luftfartøy.

Men det avviser leiar for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit, Sofie Nystrøm. Ho meiner regelverket er tydeleg, og at dronar er fly.

– Det at han prøver å så tvil om regelverket vårt er interessant i seg sjølv. Dette er eit verkemiddel for å skape uvisse rundt kva som gjeld. Dette er ein del av hybride verkemiddel som blir brukt for å skape splid og uvisse blant nordmenn.

Du kan sjå heile Debatten i NRK TV:

Teimauraz Ramashvili sier det kun er Norges feil at forholdet til Russland er dårlig.

Teimauraz Ramashvili seier det berre er Noregs feil at forholdet til Russland er dårleg.

PST tek over etterforsking

PST skal no sjå på dei sju sakene samla, men dei kan foreløpig ikkje seie noko om kven som tår bak, og om det er nokon samanheng mellom sakene.

– For å sikre ei heilskapleg undersøking av desse ulike hendingane har riksadvokaten avgjort at PST skal ha eit sentralisert etterforskingsansvar når det gjeld ulovleg droneaktivitet på landsbasis, sa assisterande PST-sjef Hedvig Moe på ein pressekonferanse onsdag.

Hedvig Moe, assisterende Politiets sikkerhetstjeneste (PST)-sjef under pressekonferanse om etterretningstrusselen mot Norge.

Assisterande PST-sjef Hedvig Moe under pressekonferansen onsdag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

PST har tidlegare åtvara mot aukande russiske etterretningsaktivitet på grunn av krigen i Ukraina. Men Moe sa i Debatten torsdag at det kan bli vanskeleg å knytte russiske styresmakter direkte til slik aktivitet.

– Vi meiner at dersom det skjer noko, trur vi det blir vanskeleg å «pinpointe» at det er Russland som står bak. Eit slikt angrep vil truleg vere mogeleg å fornekte, at det er gjort på ein måte som gjer det vanskeleg å skulde på Russland. Det er for å unngå at eit sabotasjeangrep blir sett på som ei krigserklæring.

Trur dei blir sette fri

Russarar har ikkje lov å flyge i Noreg, verken med fly eller dronar. I samband med sanksjonane som blei sett inn etter at Russland invaderte Ukraina, kom det ei forskrift. Ho forbyr russarar å flyge over det norske fastlandet, Svalbard, Jan Mayen og luftrommet over norsk sjøterritorium.

Ramishvili hevdar norske styresmakter diskriminerer når det berre er russarar som blir stoppa og hindra frå å bruke dronar i Noreg.

– Styresmaktene kan ikkje bruke desse reglane for å mistenke alle russarar for å vere spionar. Dette er hysteri.

Les også Flytårnet etter droneobservasjon: – Vi har ikke kontroll

Flytårnet ved Stavanger lufthavn Sola. Rundt tårnet er et stillas.

Han trur ikkje norske styresmakter kjem til å finne straffbare handlingar, og seier han er sikker på at alle snart blir sette fri.

– Politiet kjem ikkje til å finne noko på harddiskane. Difor blir alle sette fri, men dei kjem ikkje til å få noko orsaking frå styresmaktene, hevdar han.

Torsdag kveld melder VG at tre av russarane er sette fri. Det er forsvararane deira som opplyser dette til avisa og til NRK. Også ein fjerde person blir truleg sett fri. Dei fire blei gripne i Mosjøen i Nordland i førre veke, og seier dei var på ferie i Noreg.

Det er ikkje kjent om siktingane mot dei også blir frafalle.

Samlar informasjon

På direkte spørsmål om Russland spionerer på Noreg, tek Ramishvili ei lita tenkepause før han svarar.

– Vi samlar informasjon om alt frå tryggingsspørsmål til kultursaker. Akkurat slik som den norske ambassaden i Moskva også gjer. Vi observerer og analyserer og samlar informasjon.

Teimuraz Otarovich Ramishvili

Ramishvili seier alle land samlar informasjon om kvarandre.

Foto: Margret Helland / NRK

Han seier at både Noreg og Russland følger med på kvarandre over grensa. Og hevdar det er ubåtaktivitetar på begge sider av grensa.

– Men på norsk side er heile Nato med, inkludert USA, retta mot eitt enkelt land.

Justisministeren ventar på svar

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier til NRK at det er opp til politiet, påtalemakta og domstolane å vurdere korleis flygeforbodet for russarar rammar i tilfella med dei sju fengsla russarane.

– Som justis- og beredskapsminister kan eg ikkje kommentere dei enkelte sakene, eller vite noko om kva som ligg bak desse. Det er det PST som skal etterforske, og så får vi fleire svar då.

Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Men dersom det skulle vise seg at russarane kom for å samle informasjon, er det alvorleg, meiner Mehl.

– Det er uakseptabelt for norske styresmakter at russarar driv med spionasje mot Noreg, eller utgjer ein trussel mot sikkerheita vår, dersom det er tilfelle. Det har vi sagt heilt tydeleg, og det er ein beskjed som det er viktig at vi sender til Russland.

AKTUELT NÅ