Hopp til innhold

Steinras råka hus i Sunndal – kan ikkje flytte heim endå

Fem hus blei evakuerte etter at eit steinsprang trefte eit hus i Tredalen i Sunndal fredag kveld. Huset var tomt, men dei næraste naboane blei også evakuerte.

Laurdag er kommunen på plass på staden for å undersøke område. Dei har mellom anna brukt ei drone for å få meir oversikt.

– Politiet har bestemt at dei evakuerte ikkje kan flytte heim før søndag, seier Bjørn Flemmen Steinland, kommunedirektør i Sunndal.

I mellomtida er dei evakuerte innlosjerte andre stadar.

Ein geolog skal etter planen kome og undersøke område søndag.

– Det er meldt så mykje regn i dag at vi fann ut at det var lurt å avvente undersøkingane til i morgon, seier Steinsland.

Steinsprang i Tredalen i Sunndal

Steinras råka hus i Sunndal: Evakuerte får ikkje flytte heim før søndag

Fleire blei evakuerte etter at steinsprang trefte eit hus i Sunndal. Dei får truleg ikkje flytte heim før søndag.