Hopp til innhold

Retten godkjente politiavhøyr utan å ha sett dei

BERGEN (NRK): Forsvararen til ein valdssikta barnefar meiner politiet fekk sambuaren hans til å forklare seg slik at det passa med skadane til babyen. Retten konkluderte med at avhøyra var gode utan å ha sett eit einaste av dei.

Politihuset i Bergen

MOTSETTE SEG: Politiet i Hordaland ville ikkje at ein ekstern avhøyrsekspert skulle vurdere avhøyra av ein sikta barnefar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det er oppsiktsvekkjande at retten har konkludert slik utan å ha sett eit einaste avhøyr. Retten legg likevel til grunn at avhøyra er objektive og at metodikken dei har brukt er korrekt, seier advokat Jannicke Keller-Fløystad, partner hos Advokatfirmaet Elden.

Advokat Jannicke Keller-Fløystad

Advokat Jannicke Keller-Fløystad meiner avhøyra fører til falske minne.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Ho er forsvarar for barnefaren i 40-åra. I oktober 2014 blei han og sambuaren arrestert og sikta for å ha brukt grov vald mot sin seks veker gamle baby.

Då Keller-Fløystad fekk sjå gjennom videoavhøyra av kvinna, som er lettare psykisk utviklingshemma, reagerte ho med sjokk og vantru, fortel ho. Ho meiner politiet stilte svært leiande spørsmål til barnemora.

– Avhøyra er ikkje objektive og dei skapar forventingar om kva kvinna skal forklare. Eg reagerer på at politiet var på leit etter stadfesting på det dei trur skjedde, seier ho.

Keller-Fløystad meiner avhøyra i denne saka var så dårlege at ho ville ha utnemnt avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew som sakkunnig. Men dette motsette politiet seg. Dei ville ikkje at nokon uavhengige skulle granske avhøyra.

– Det reagerer eg veldig sterkt på. Eg kan ikkje forstå at dei sette seg imot dette. Eg har aldri opplevd liknande og eg kjenner heller ingen kollegaer som har det, seier Keller-Fløystad.

Retten: «Etter det opplyste er det brukt tradisjonelle avhøyrsmetodar»

Keller-Fløystad seier kvinna i avhøyr forklarte at barnefaren hadde brukt grov vald mot babyen.

– Då ho forklarte seg om massiv vald som ikkje passa med skadane til barnet, sa politiet at «dette er ikke forenlig med skadene», «dette er ikke forenlig med skadene», «dette er ikke forenlig med skadene», seier Keller-Fløystad.

– Kvinna forklarte seg også om seksuelle overgrep, som det ikkje var nokon bevis for, utan å følgje opp det ho sa. Det reagerer eg på, for det går på vurderinga av truverdet hennar. Politiet skapte ei forventning i avhøyret og prøvde å få kvinna til å forklare seg om at min klient hadde rista babyen, for det ville passe med skadane. Til slutt sa kvinna at babyen blei rista av min klient, seier Keller-Fløystad.

– Eg fryktar at kvinna tilpassar forklaringa si og seier det politiet vil høyre. Det er slik spørsmåla blir stilt.

Keller-Føystad gjekk til retten for å få Asbjørn Rachlew til å vurdere avhøyra. Han har doktorgrad i etterforskingsfeil, og blir sett på som ein av dei fremste avhøyrsekspertane i landet.

Hardanger tingrett avslo kravet til Keller-Fløystad. Det at avhøyraren var handplukka for oppgåva, brukar retten som argument for at avhøyra var objektive og har gått etter boka.

Slik konkluderte retten:

  • «Etter det opplyste er det brukt tradisjonelle avhøyrsmetodar og det er på den bakgrunn ikkje grunn til å mistenke at avhøyra har leda fram til uriktige forklaringar eller vore eigna til å skape falske minne hjå den sikta.»
  • «Retten finn å kunne leggje til grunn at avhøyra av A (mora, jour.mrk.) er gjennomført av personar som har nødvendig kompetanse (...).»
  • «Retten legg vidare til grunn at politiet på eit tidleg tidspunkt handplukka ein avhøyrer ut ifrå mistanken om at den sikta kunne ha ein diagnose som var ukjent for politiet.»

– Eg kan ikkje vere sikker

Keller-Fløystad klaga avslaget inn for Gulating lagmannsrett. Dei konkluderte med det same som tingretten:

«Lagmannsretten kan ikke se at det er grunn til å tro at politiets etterforsking ikke har vært objektiv, selv om politiet har motsatt seg begjæringen.»

Kravet om å få utnemnt ein sakkunnig for å vurdere avhøyra er eit såkalla «rettergangsskritt». Både tingretten og lagmannsretten skriv i sine avgjerder at føremålet med eit slikt rettergangsskritt er å få avkrefta eller redusert mistanken mot den sikta. Begge rettsinstansane meiner at gransking av avhøyra ikkje er eigna til å redusere mistanken om vald mot eige barn, og er eit sentralt argument i avslaga.

Asbjørn Rachlew

Asbjørn Rachlew, politioverbetjent og avhøyrsekspert, har tidlegare vurdert avhøyr på oppdrag frå retten.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Feil avhøyrsmetodikk kan føre til uriktige dommar. Problemstillinga er framleis høgaktuell, seier Keller-Fløystad, og viser til avhøyrssaka som nyleg blei omtalt i ein Brennpunkt-dokumentar.

I programmet avdekkjer Brennpunkt korleis politiet i Stavanger avhøyrde ein sikta 15-åring utan foreldre og forsvarar. I den saka var avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew utnemnt av Stavanger tingrett, og konkluderte med at politiet manipulerte og pressa 15-åringen til å tilstå noko han seinare blei frikjent for.

Også i den saka var avhøyraren handplukka. Han hadde vidareutdanning i avhøyr av barn, og hadde lang erfaring. Likevel gjekk det gale.

Brennpunkt er med inn i avhøyrsrommet når politiet i Oslo etterforskar eit nytt drap. Går drapsetterforskarane feil fram kan det øydeleggje saka. Norske avhøyrsmetodar vekkjer internasjonal merksemd, men framleis skjer det grove feil i norske avhøyrsrom.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren her.

– Korleis kan du vere sikker på at avhøyra ikkje er gode nok? Dei som avhøyrde var jo handplukka, slik tingretten skriv.

– Eg kan ikkje vere sikker. Det er difor eg vil at det skal oppnevnast ein objektiv sakkunnig. Eg har tidlegare arbeidd som politiadvokat i fire år og har vore på seminar om avhøyrsmetodikk. Disse avhøyra er ikkje gjennomført slik vi lærte at dei skal, svarar Keller-Fløystad.

– Babyen har fått skader. Har det ikkje skjedd noko straffbart?

– Det er vanskeleg å vite. Det kan også ha vore ei ulukke. Det er tvil om det er risteskade babyen har fått, og at babyen har blitt rista i det heile. Avhøyra er sentrale bevis i saka, og dersom opplysningane har kome fram på feil måte, så har politiet øydelagt saka for seg sjølv, seier ho.

– Kan ikke kommentere

NRK har ikkje fått innsyn i avhøyra. Politiet innstilte på tiltale mot begge foreldra, men statsadvokaten la bort saka etter «bevisets stilling». Riksadvokaten har beordra i juni i fjor etterforskinga gjenopptatt. Den er enno ikkje avslutta.

Vest politidistrikt seier dei ikkje kan kommentere saka fordi den ligg hos Riksadvokaten.

Dommaren som behandla saka i Hardanger tingrett seier ho ikkje kan kommentere saka, og viser til avgjerda. Ein av dommarane som behandla saka i lagmannsretten skriv i ein e-post til NRK:

«Vi kan bekrefte at vi ikke fant det nødvendig å se noen av de aktuelle avhørene for å kunne undergi anken.» Han meiner avgjerda er «forsvarlig og rettferdig.»

Saka har også blitt klaga til Høgsterett, men dei har forkasta anken.

Professor: – Spesielt

Professor i rettsvitenskap på Universitetet i Bergen, Jon Petter Rui, seier det er kritikkverdig at domstolen har konkludert som dei har gjort utan å ha sett avhøyra.

– Ein treng ikkje å ha spesialkompetanse på jus og straffeprosess for å konstatere at ein bør ha innsikt i det ein uttaler seg om. Alle forstår at å gjere materielle vurderingar av eit bevis som ein ikkje har sett, er spesielt, seier Rui.

Likevel meiner han at det ikkje er noko kritikkverdig i at retten har avslått kravet om å utnemne ein sakkunnig, reint juridisk.

– Her har retten eit stort skjønn. Det er opp til påtalemakta, og eventuelt retten å vurdere bevisverdien av avhøyret. Det har dei kompetanse til. Det vil også bli fleire moglegheiter for å utnemne ein sakkunnig, dersom det blir tatt ut tiltale. Men her er det jo ikkje sikkert at det blir det ein gang, seier Rui.

AKTUELT NÅ