Avhørsrom på barnehuset i Stavanger
Foto: Anders Fehn / NRK

Avhøyret som gjekk gale

Dette er ikkje ei historie frå 80- og 90-talet, sjølv om avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew skulle ønske det. Dette er ei historie frå 2014.

Politiet i Stavanger manipulerte og pressa «Lars» (15) til å tilstå seksuelle handlingar mot ein lagkamerat. Det er konklusjonen til Asbjørn Rachlew, som er landets fremste avhøyrsekspert.

Rachlew, som er politioverbetjent med doktorgrad i justisfeil, var med å endre norske avhøyrsmetodar for drygt 15 år sidan. Dei siste åra har han og norsk politi fått internasjonal merksemd for arbeidet sitt.

Han trudde vi var ferdige med fleire avhøyr som i Birgitte Tengs-saka.

Men så såg han eit avhøyr tatt av ein kollega i Rogaland i august 2014. Avhøyret minner han om gamledagar, men også om avhøyra av Brendan Dassey i Netflix-serien «Making A Murderer».

Avhøyret er ulovleg og det bryt med menneskerettane. Etterforskaren skulle ha guten til å tilstå, og han var villig til å bruke press og manipulasjon for å få det til.

Asbjørn Rachlew, politioverbetjent, forskar og avhøyrsekspert

– Etterforskaren mista profesjonaliteten. Han falt tilbake til gamal tenking, seier Rachlew.

Politiaksjonen

Stavanger, 28. august 2014. Det er tidleg morgon, og fleire politifolk gjer seg klare til å aksjonere. Dei skal slå til fleire stader på same tid.

Politiadvokaten har gitt ordre om at fem 15-åringar – altså fem barn – skal arresterast og siktast for paragraf 192 i straffelova: Forsøk på valdtekt. Dei er akkurat gamle nok til å straffast, men dei er ikkje myndige, har ikkje stemmerett og er ikkje gamle nok til å kjøpe alkohol.

Asbjørn Rachlew

Avhøyrsspesialist Asbjørn Rachlew har vurdert avhøyret på oppdrag frå Stavanger tingrett, og er svært kritisk.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Gutane driv alle med same idrett. Det gjer også guten politiet meiner dei skal ha forsøkt å valdta. Ugjerninga skal ha skjedd på eit idrettsarrangement som dei var på saman tidlegare denne sommaren.

«Lars» som vi har valt å kalle han, ligg i senga si då politiet plutseleg dukkar opp på døra. På same tid blir dei andre lagkameratane arrestert andre stader i byen.

«Lars» blir tatt med av politiet, utan nokon andre vaksne med seg. Mora hans blir igjen heime. I ettertid har ho fortalt at ho ikkje forstod kva som skjedde, og at ho trudde sonen hennar skulle vitne i saka, ikkje at han var sikta og skulda for eit alvorleg lovbrot. Sidan ho ikkje er etnisk norsk, snakkar ho språket dårleg.

Skuldingane som var retta mot dei unge gutane var allereie kjent i miljøet, for faren til fornærma hadde kalla inn til møte med klubben om det som skulle ha skjedd på idrettsarrangementet. Dei påståtte handlingane skal ha blitt fortalt rundt.

Forsvararen til «Lars», advokat Inger Marie Sunde, seier han ikkje visste at han var ein del av skuldingane for han blei arrestert.

Det veit vi, at slike politiavhøyr kan føre til falske tilståingar.

Asbjørn Rachlew, politioverbetjent, forskar og avhøyrsekspert

Avhøyret

Barnehuset i Stavanger, litt seinare på dagen. «Lars» sit i ein stol i avhøyrsrommet. To stolar står mot kvarandre på skrått, med eit bord imellom. Den andre stolen er til avhøyraren, ein erfaren politioverbetjent med etterutdanning i avhøyr av fornærma barn. Han er spesialist på området.

«Lars» sit der utan verje og utan forsvarar, 15 år, og sikta for eit alvorleg straffbart forhold som kan ende med lang fengselsstraff om han blir dømt.

Avhøyret er tatt opp på video. Den sikta guten og mora hans har samtykka til at NRK kan få innsyn. Det gjer også dei fire andre medsikta gutane, men Sør-Vest politidistrikt nektar. Påtaleleiar Kristin Nord-Varhaug skriv i avslaget at dei ikkje kan utlevere videoavhøyret grunna teieplikta og av omsyn til den fornærma.

Rachlew har sett avhøyret, og har gått gjennom det steg for steg. Stavanger tingrett utnemnde han som sakkunnig, og bad han om å vurdere avhøyret. Konklusjonen hans er ikkje til å misforstå:

  • Avhøyret var ulovleg
  • Det blei brukt manipulasjon
  • Det blei brukt press
  • Det er i strid med menneskerettane
Asbjørn Rachlew

Rachlew seier politimannen starta avhøyret med å sei: «Dei andre gutane brukar ikkje forsvarar. Den einaste forskjellen er at det tar meir tid.»

Rachlew sukkar, og trekkjer pusten.

– Der sit altså ein ung gut, 15 år gamal, utan verje og får beskjed frå politiet om at den einaste forskjellen med å ha forsvarar til stades er at det vil ta meir tid. Der er ein uriktig opplysning, seier Rachlew.

– Visst ein analyserer avhøyret ser ein ganske raskt at rettane hans blei manipulert bort frå han.

Rachlew har brukt fleire månader på oppdraget han fekk frå tingretten, og har skrive ein rapport på rundt 100 sider. Politiet nektar NRK også innsyn i rapporten, og viser også her til teieplikta.

Rachlew meiner politimannen som avhøyrde «Lars» hadde bestemt seg for at han var skuldig. Han seier det var trist å analysere avhøyret:

Alt vi har jobba for og utvikla; lite kom til bruk i dette avhøyret. Snarare tvert imot. Vi var tilbake på 90-talet der formålet til kollegaen min openbart var å få den guten til å vedgå.

Asbjørn Rachlew, politioverbetjent, forskar og avhøyrsekspert

I starten blir «Lars» fortalt at han ikkje har plikt til å forklare seg for politiet.

– Politimannen brukte fem-seks sekund på å fortelje denne guten at han ikkje trengde å forklare seg for politiet, så brukte han to timar på å sei «no må du fortelje sanninga frå a til å. Eg vil ikkje ha noko tullsnakk,» seier Rachlew medan han bestemt slår den eine handa mot den andre.

Inger Marie Sunde

Forsvarsadvokaten til 15-åringen blei opprørt då ho fekk sjå avhøyret på video. – Eg blei rett og slett forbanna, seier Inger Marie Sunde.

Foto: Simon Solheim / NRK

«Tåkeheim og vissvass»

Rachlew og Sunde har begge gått gjennom avhøyret i detalj. Dei opplever at politimannen blei strengare og strengare i avhøyret, og sintare og sintare.

På videoen kan ein sjå ein gut som trekkjer seg lenger og lenger bak i stolen, ifølgje Sunde, og som blir meir og meir ubekvem med situasjonen.

Inger Marie Sunde

Forsvarsadvokat Inger Marie Sunde seier klienten hennar kunne sagt kva som helst i avhøyret, på grunn av presset han blei utsett for.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Klienten min starta i 50 til 60 minutt med å fortelje at han ikkje hadde vore med på noko som helst. Han trudde det var nok å fortelje ting slik det var, men det var ikkje godt nok, og han slapp ingen veg. Politimannen var veldig sint og køyrde over klienten min kvar gong han prøvde å forklare seg, seier Sunde.

Avhøyraren skal i avhøyret ha brukt formuleringar som dette:

  • «Du må fortelje langt meir enn dette.»
  • «Alt gale som har skjedd med A (fornærma) må du fortelje om. Det er ingen veg utanom.»
  • «Du må fortelje langt meir enn dette. Det du fortel er berre tåkeheim og vissvass.»
  • «Nei, det er du som skal fortelje.»

– Korleis kunne han forstå at han ikkje plikta å forklare seg for politiet, spør Sunde retorisk.

Klienten hennar skal deretter ha tatt nokre lange tenkepausar, før han kom med ei forklaring.

– Han får til ei historie som delvis korresponderer med noko av det fornærma har sagt, men også der får han det ikkje til godt nok, seier Sunde.

Ho fortel at når «Lars» forklarte at det var X som gjorde det, så braut etterforskaren inn og sa at fornærma hadde sagt at det var Y.

– Klienten min bytta då om på namna og tilpassa forklaringa si etter det han trudde politimannen ville høyre. Og til slutt blei etterforskaren nøgd, seier Sunde.

Ho seier at «Lars» dikta opp ei historie basert på det han har høyrt om det som skulle ha skjedd, berre for å komme seg ut av avhøyrsrommet.

– Han kunne sagt kva som helst, seier Sunde.

Det var ein erfaren avhøyrar, og han var sjølv ikkje nøgd med måten det blei gjennomført på. Men korleis det kan skje? Vi ser i alle fall i ettertid at ein burde gjort det på ein anna måte.

Kristin Nord-Varhaug, påtaleleiar i Sør-Vest politidistrikt

Etter avhøyret

Etter ein time og 54 minutt i avhøyr, utan pause, går «Lars» ut frå avhøyrsrommet. Han meiner han har gitt ei forklaring til politiet som ikkje er sann.

– Det første han gjorde då han, aleine, gjekk ut frå avhøyret var å ringe trenaren sin. Han sa at han hadde sagt ting som var heilt, heilt feil til politiet. Han hadde ikkje berre snakka feil om seg sjølv, men også om kompisane, seier Sunde.

Sunde seier guten følte seg pressa til å innrømme noko han meiner han ikkje har gjort.

Trenaren til «Lars» tok kontakt med Inger Marie Sunde og sørga for at han fekk bistand av forsvarar. Sunde seier ho nesten ikkje trudde på det ho fekk høyre.

– Det var sjokkerande, rett og slett.

– Politiet burde av eige tiltak forstått at guten skulle hatt forsvarar med seg anten ha bad om det eller ikkje, seier Sunde.

Ho bad umiddelbart politiet om å få utlevert videoavhøyret for å sjå om det hadde gått føre seg slik ho blei fortalt.

Forbanna advokat

Stavanger politistasjon, 19. september 2014. Det er fredag og advokat Inger Marie Sunde er på politistasjonen saman med «Lars». Det har gått rundt tre veker sidan avhøyret. No skal Sunde og «Lars» sjå opptaket av avhøyret for første gong.

Reaksjonen til Sunde kom umiddelbart:

– Eg blei rett og slett forbanna då eg fekk sjå avhøyret.

– Han blei grilla i ein time og 54 minutt utan pause, utan forsvarar og utan verje til stades. Avhøyret var sjokkerande. Det var uverkeleg å sjå at politiet brukte slike metodar i eit avhøyr i dag.

Sunde har sjølv jobba i påtalemakta i ei årrekkje. Sjølv om ho ikkje hadde noko direkte med Birgitte Tengs-saka, var ho statsadvokat i Rogaland medan saka heldt på.

– Ei tilståing var på den tida sjølve kronjuvelen i ei etterforsking. Eg hadde trudd og håpa på at den tida var forbi, seier Sunde.

Umiddelbart etter at ho fekk sjå avhøyret sende ho eit brev til politiet, der ho skreiv at ho var sjokkert og at ho meinte at avhøyret var kritikkverdig – og ulovleg.

«Hva NN («Lars») har sagt eller ikke sagt under slike forhold har ingen bevisverdi», skreiv ho i brevet.

Likevel skulle det vise seg at avhøyret av «Lars» blei eit viktig og avgjerande bevis for påtalemakta i det vidare arbeidet.

Sunde seier ho reagerte så sterkt på det ho meinte var openberre brot på menneskerettane og ulovlegheiter i avhøyret, at ho bad retten om å utnemne Rachlew som sakkunnig. Sunde har prosedert straffesaker i 23 år og seier dette er første gong ho har bede retten om sakkunnigvurdering av eit avhøyr.

Stavanger tingrett

Dei fem 15-åringane måtte møte i Stavanger tingrett i oktober i fjor, tiltalt for seksuelle handlingar mot lagkameraten.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Tiltalen

Stavanger statsadvokatembeter, juli 2015. Dei fem gutane var i starten skulda for forsøk på valdtekt. Det var det dei var sikta for i innleiinga.

3. juli 2015 blei dei tiltalt av Statsadvokatane i Rogaland. Handlingane blei i tiltalen nedjustert til å dreie seg om seksuell handling med barn under 16 år, paragraf 200 i straffelova.

Påtalemakta meinte dei fem 15-åringane – ved minst to høve – hadde gjort seksuelle handlingar mot lagkameraten på idrettsarrangementet dei var på saman i 2014.

Påtalemakta meinte dei hadde nok bevis, og var overbeviste om at dei fem gutane hadde gjort seg skuldig i det dei var tiltalt for. Dei skulle ha tatt eit kosteskaft og ein mobiltelefon mot rumpa til fornærma, medan han berre stod i underbuksa.

Avhøyret som politiet hadde tatt av «Lars» var eitt av dei viktigaste bevisa i saka, i tillegg til forklaringa frå den fornærma.

Rettssaka

Stavanger tingrett, 31. oktober til 12. november 2016. Bak lukka dører går hovudforhandlinga. Dei fem tiltalte gutane, som på dette tidspunktet var 17 år, møter i retten saman med sine advokatar.

Då «Lars» skulle forklare seg for retten sa han at han «følte seg så presset av avhøreren, at han valgte å dikte for å innfri avhørerens forventninger om å motta en forklaring som denne vurderte å stemme med As (fornærma) forklaring.»

Sitatet er henta frå dommen.

Aktor i straffesaka, konstituert statsadvokat Folke Åmlid, la i retten stor vekt på avhøyret politiet hadde gjort av «Lars». Om den påståtte kosteskaftepisoden uttalte aktor at forklaringa som «Lars» gav til politiet berre kunne blitt gitt av ein som var det då det skjedde.

Det er det same argumentet som blei brukt då Thomas Quick blei dømt for sju drap han ikkje hadde begått, påpeikar Rachlew.

Åmlid uttalte til retten at forklaringa til «Lars» var samanfallande med det fornærma hadde forklart, og at dei har gjennomgått punkt for punkt i begge forklaringane.

Dommen

Dei fem 15-åringane blei frikjent av dommarane i Stavanger tingrett.

Foto: Simon Solheim / NRK

Dommen

Stavanger tingrett, 18. november 2016. Ein tingrettsdommar og to meddommarar har signert dommen på 27 sider. På siste side står det:

«Frifinnes»

Ordet står bak namnet på alle dei fem tiltalte gutane. Retten har ikkje funne nokon bevis for at episoden med kosteskaftet har skjedd. Dommarane er tydelege på at det «ikke er noen konstatering fra rettens side at forholdet ikke har funnet sted.»

Retten fann bevis for at tre av dei tiltalte ved minst to høve hadde heldt fornærma fast og tok ein mobiltelefon mot rumpa hans utanpå kleda, men retten konkluderte med at dette skjedde under leik og utan seksuell motivasjon.

Det var ingen bevis på at «Lars» var med på dette, ifølgje dommen.

Rettens kritikk

Retten med kritikk av avhøyret

Avhøyret blei i sin heilskap spelt av under rettssaka, og retten tok imot forklaring frå Asbjørn Rachlew. Dei har også gått gjennom rapporten hans.

Det var berre ein gjerningsmann som kunne forklart seg slik «Lars» gjorde, meinte aktor. Dei var difor overtydde om at hendinga med kosteskaftet hadde skjedd, og at «Lars» var med.

Retten meiner det ikkje var usannsynleg at «Lars» hadde henta delar av forklaringa si frå diskusjonane som hadde vore i miljøet etter foreldremøtet i klubben.

Tingretten konkluderte slik:

Retten er enig i at det hefter betydelige mangler ved avhøret, herunder også hva gjelder objektiviteten ved gjennomføringen av dette.

Stavanger tingrett i dommen

Asbjørn Rachlew, som er spesialist i avhøyrsmetodikk, seier han er svært overraska over at påtalemakta brukte dette avhøyret som bevis.

– Avhøyret som bevis er ikkje påliteleg, og det påpeika eg med tung dokumentasjon i rapporten min, seier han.

– Eg må sei at eg er overraska over at påtalemakta brukte dette avhøyret som bevis. Påtalemakta hadde min sakkunnige utgreiing å stelle seg til. I den brukte eg mykje tid på å forklare manipulasjonen og presse, og kva det gjer med unge menneske. Eg peikte eksplisitt på den overhengande faren for sosial påverknad, både i og utanfor avhøyrsrommet. Like fullt la dei informasjonen frå avhøyret til grunn i si bevisvurdering, seier Rachlew.

– Anten har dei ei anna oppfatning av dette politiavhøyret enn meg, og det blir i så tilfelle spennande å høyre; om statsadvokaten meiner at dette var eit greitt avhøyr. Visst ikkje må ein spørje om påtalemakta fullt ut har forstått kvifor vi har dei reglane vi har, og kva dei er meint å beskytte.

– Dette handlar ikkje om vond vilje. Det er slurvete arbeid, utført med ein misforstått tru om at det var til det beste for samfunnet. Det vi derimot veit, er at slike politiavhøyr kan føre til falske tilståingar, seier Rachlew.

Før han skreiv rapporten, fekk han to andre spesialistar i avhøyrsmetodikk til å sjå gjennom videoavhøyret, for å unngå at han sjølv hadde fått tunnelsyn. Ein av dei er politioverbetjent og høgskulelektor Ivar Fahsing på Politihøgskolen, som også har doktorgrad i etterforsking. Begge støttar Rachlew sin konklusjon.

Odd Rune Torstrup er forsvarar for ein av dei fem gutane. Han seier avhøyraren i utgangspunktet er ein dyktig politimann.

– Men dette dagen gjekk det fullstendig gale. Eg håpar politiet brukar dette avhøyret i undervisning, for å unngå at liknande skjer igjen. Vi gjer alle feil. Eg gjer feil og du gjer feil. Men det undrar meg at vi måtte vente heilt til siste dagen av rettssaka før påtalemakta vedgjekk at det var gjort feil i dette avhøyret. Dei burde vore litt meir audmjuke, seier Torstrup.

Brendan Dassey fra Making a Murderer

Rachlew meiner politimannen som avhøyrde «Lars» brukte mange av dei same teknikkane som dei som avhøyrde Brendan Dassey.

Foto: Dan Powers / AP

Parallellar med «Making A Murderer»

Den populære Netflix-dokumentar «Making A Murderer» har skapt stor debatt om amerikansk rettsstell. Debatten rundt dommen mot Brendan Dassey, som var 16 år då han blei arrestert for drapet på Teresa Halbach, har vore stor. Dassey blei saman med onkelen sin, Steven Avery, dømt for drapet.

Forsvararane til 16-åringen meiner Dassey blei pressa og manipulert til å tilstå drapet.

På direkte spørsmål svarar Rachlew at politimannen som avhøyrde «Lars» brukte mange av dei same teknikkane som etterforskarane i Netflix-serien.

– Avhøyra av Dassey heldt på over lengre tid og dei brukte ikkje så subtile manipulative teknikkar. I straffesaka som eg har vurdert har etterforskaren akkurat det same tankesettet som i USA, nemleg å få den unge guten til å tilstå.

– Kva er parallellane?

– Det er mange parallellar mellom dei to sakene. Det er unge og sårbare gutar i begge sakene, svært sårbare.

– Etterforskarane framstiller seg sjølv den sikta sin venn, tar rolla som forsvarar – «det lønar seg for deg å gjere sånn og sånn» – og så plutseleg er etterforskar igjen, og så går inn og tar på seg rolla som verje. Dei tar på seg alle moglege roller med eitt mål for auge, nemleg å få gutane til å tilstå. Ein form for instrumentell omsorg. Parallellane er fleire, seier Rachlew.

– Etterforskarane har gjort seg opp ei meining om kva fasiten er, og slik var det også i den norske straffesaka, dessverre.

Kristin Nord-Varhaug

– Karakteristikkane til Rachlew vil eg ikkje gå inn på. Men at vi har gjennomført eit avhøyr som gir tvil om informasjonen, det er vi i alle fall samde om, seier påtaleleiar Kristin Nord-Varhaug.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Politiet: – Vi tek kritikken på alvor

Politiet tek sjølvkritikk for måten avhøyret blei gjennomført på. Påtaleleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kristin Nord-Varhaug, seier dei tek kritikken mot avhøyret på alvor, men ho er ikkje samd i at det var bevisst å ikkje ha med forsvarar, eller verje med i avhøyret.

– Politiet reiste heim til guten, og mora hans fekk moglegheit til å bli med i avhøyret, men takka nei, seier Nord-Varhaug.

– Her var det jo utfordringar med språk, og mora hans seier at ho trudde sonen skulle inn som vitne. Ho seier ho ikkje forstod at han var sikta i ei så alvorleg sak. Korleis forklarar du det?

– Sett i etterpåklokskapens lys, er det heilt klart uheldig. Slik eg har forstått politifolka som var involvert, blei siktinga presentert heime og at språket ikkje var ei problemstilling.

Men kvifor var det ingen forsvarar med i avhøyret? Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har tidlegare uttalt at det er i strid med menneskerettane i alvorlege saker med så unge lovbrytarar, sjølv om dei sjølve har sagt nei til forsvarar. EMD meiner dei er for unge til å forstå kva dei er skulda for, prosessen og konsekvensane, og straffa dei risikerer.

– Avhøyret av han blei gjennomført på Barnehuset i Stavanger og der fekk han spørsmål om han ville ha med seg forsvarar. Det sa han nei til, seier Nord-Varhaug.

– Sett i ettertid burde han ha hatt ein forsvarar med seg. Slik eg ser det var det ikkje slik at vi ikkje ville at det skulle vere med forsvarar, men at ein vurderte det der og då at det ikkje var naudsynt, seier Nord-Varhaug.

Men kvifor var det ingen forsvarar klar på førehand?

– Basert på erfaring gjort i denne saka, har vi endra praksis. I slike alvorlege saker legg vi no opp til at ein skal ha med forsvarar. I praksis vil dei sei at vi no vil ta kontakt med forsvarar i forkant, til dømes dagen før, og ber dei vere tilgjengelege.

Rachlew seier uttalane til Nord-Varhaug trekkjer rapporten hans i tvil.

– Alle som ser avhøyret oppdagar umiddelbart at politiet forsøker, og lukkast med, å manipulere vekk det menneskerettslege vernet den unge guten hadde krav på. Dersom påtalemakta meiner noko anna på dette punktet, trekkjer dei rapporten min i tvil. Spørsmålet er så viktig at det i så fall bør granskast av utanforståande, til dømes barneombodet, seier Rachlew.

Politimannen var ikkje nøgd med avhøyret

Nord-Varhaug seier at politimannen som avhøyrde «Lars» same dag som avhøyret skjedde, gjorde sine eigne refleksjonar rundt avhøyret og ikkje var nøgd med det.

– Bevisverdien til avhøyret blei svekka grunna måten det blei gjennomført på, og fekk betydning for den totale bevisvurderinga i saka.

– Men korleis kunne dette skje, at avhøyret gjekk som det gjorde?

– Det var ein erfaren avhøyrer, og han var som sagt ikkje nøgd med måten det blei gjennomført på. Men korleis det kan skje ... Vi ser i alle fall i ettertid at ein burde gjort det på ein anna måte for å forsikre oss om at vi fekk fram rett informasjon. Vi tek kritikken på alvor, og vi ser at det er stort lærepotensial i denne saka, seier Nord-Varhaug.

– Det blei ein frifinnande dom. Ville saka fått eit anna utfall dersom avhøyret hadde blitt tatt på ein skikkeleg måte?

– Det veit vi ikkje. For no er det gjennomført på den måten. Då får vi på ein måte ikkje den anledninga igjen. Så det blir berre spekulasjonar. Poenget er at vi må gjere det rett første gongen.

– Er du samd i det Rachlew seier om at det både er brukt press, manipulasjon og at menneskerettane til guten er sett til side?

– Karakteristikkane til Rachlew vil eg ikkje gå inn på. Men at vi har gjennomført eit avhøyr som gir tvil om informasjonen, det er vi i alle fall samde om.

– Ein ting er jo jobben som avhøyraren gjør, men så blir jo det tatt ei vurdering av avhøyret som bevis av ein påtalejurist, som har mange månader på seg. Kva tankar gjør du deg om det?

– Slik er systemet. Påtaleansvarleg er etterforskingsleiar sånn sett, og må gjere den bevisvurderinga. I denne saka vurderte ein kvaliteten på avhøyret sidan det var så sentralt. Det blei tidleg tatt opp at det var kritikkverdige forhold knytt til dette avhøyret, så det var ein del av den totale bevisvurderinga.

– Men likevel la ein vekt på bevisverdien i det avhøyret?

– Bevisverdien i det avhøyret blei svekka på grunn av måten det blei gjennomført på.

– Men påtalemakta har likevel lagt avhøyret til grunn?

– Saka blei sendt til statsadvokaten, og det var statsadvokaten som tok ut tiltale i saka.

Nord-Varhaug opplyser at Rachlew skal komme til politistasjonen i Stavanger for å gjennomgå rapporten sin med etterforskarane som jobbar på seksjonen som etterforska saka.

Folke Åmlid

– Eg oppfattar den sakkunnige som tendensiøs, seier konstituert statsadvokat Folke Åmlid.

Statsadvokaten: – Tendensiøs

Konstituert statsadvokat i Rogaland, Folke Åmlid, var aktor i saka. Det var ikkje han som tok ut tiltale, men det var han som førte saka mot dei fem 15-åringane i Stavanger tingrett.

Han har takka nei til å stille til tv-intervju i Brennpunkt-dokumentaren, men har svart på spørsmål frå NRK. Han seier at han reagerer på forma i rapporten til Rachlew.

– Rapporten hans er ikkje vurdert av ein kontrollkommisjon. Det verkar som at han ikkje har hatt den kjenslemessige avstanden til oppgåva. Eg oppfattar den sakkunnige som tendensiøs. Han burde vore meir nøktern og mindre konstaterande enn han var. Men kritikken av sjølve avhøyret er vi ikkje usamde i.

– Kva meiner du om utfallet i saka?

– Dommen er godteken av påtalemakta. I det ligg at påtalemakta tek dommen til orientering.

– Er dommen riktig?

– Påtalemakta har ikkje funne grunn til å anke dommen.

– Kor viktig var dette avhøyret som bevis?

– Hovudbeviset var fornærma si forklaring. Tilståinga i dette avhøyret var eit viktig støttebevis, særleg for hovudposten i tiltalevedtaket.

– Rachlew, som har vurdert avhøyret, meiner det ikkje har nokon verdi. Kva meiner du om det?

– Ein konstaterer at tingretten ikkje har lagt vekt på avhøyret.

– Rachlew er forundra over at du brukte avhøyret som bevis. Har du eit anna syn på eit godt politiavhøyr enn han?

– Utgangspunktet etter norsk straffeprosess er at det er fri bevisføring. Forsvarer sette ikkje fram krav om at avhøyret skulle nektast ført, men tok tvert imot initiativ til å spele av avhøyret. Slik saka stod meinte ein at retten måtte avgjere kva vekt beviset skulle ha.

– Rachlew meiner det blei brukt press og manipulasjon, og at målet til avhøyrer var å få den unge guten til å tilstå. Er du einig i det?

– Det var manglar ved avhøyret utan at ein finn grunn til å sette namn på dei. Eg stiller meg noko undrande til at ein kan konkludere slik utan å ha hatt samtale med avhøyrer om dette.

– Rapporten frå den sakkunnige gjev eit inntrykk av at han har hatt manglande distanse til oppdraget og er lite objektiv. Han brukar eit repetetivt og suggerande språk med ladde ord og omtalar tiltalte med førenamn i rapporten. Det er også mistenkeleggjerande utsagn om avhøyrar sine intensjonar, bruk av handjern og ordbruk utan at han sjølv har innhenta uttale frå vedkommande tenestemann, seier Åmlid.

Bistandsadvokaten til den fornærma guten ønskjer ikkje å kommentere saka.

Laster innhold, vennligst vent..