NRK Meny
Normal

Rekordmange i kø for å hjelpe barn på flukt

Redd Barna og Røde Kors har så stort trykk at dei set opp ekstra informasjonsmøte der folk står i kø for hjelpe. – Vi er her fordi vi ikkje kan noko anna, seier småbarnspappa Karl Fredrik Lind.

Frivillige Redd Barna

MÅ HJELPE: – Vi vert svært påverka av det vi ser av flyktningekrisa og vil gjerne bidra, seier Karl Fredrik Lind og Victoria Ytterland. Johan på eitt år var yngste deltakar på møtet, og vil truleg treffe andre på sin alder når foreldra skal hjelpe til på transittmottaka på Refstad og Torshov.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Vi ser grufulle bilete kvar einaste dag. Den som ikkje vert påverka av det, forstår ikkje eg. Og vi har moglegheit til å hjelpe, seier Karl Fredrik Lind.

Ekstra informasjonsmøter
Redd barna

LANG KØ: Redd barna har aldri opplevd så stort trykk som no. Folk stod i kø for å bli frivillege i Oslo tysdag.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Dei har med seg vesle Johan på eitt år som kryp rundt på golvet, nysgjerrig på alt og alle.

– Vi har tid og moglegheit og lyst til å gjere noko frivillig. Og så er det litt fordi vi har fått ein son, og då skjer det noko med deg. Då får ein lyst til å hjelpe dei som ikkje har det så bra som han, seier Lind.

Saman med over 60 personar var familien på informasjonsmøtet til Redd Barna i Oslo.

Annicken Lundgård

RUSH: – Det er fantastisk og viktig at folk melder seg som frivillige, seier Annicken Lundgård i Redd Barna. Ho fortalde dei frammøtte om kvar organisasjonen jobbar i verda, og korleis dei frivillige kan bidra her i Norge.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Pågangen av frivillige har vore så stor at møtet tysdag vart sett opp ekstra.

– Vi opplever eit rush av folk vil hjelpe og bidra, og for å klare å ta imot alle må vi halde fleire informasjonsmøte. Det er heilt fantastisk! seier Annicken Lundgård i Redd Barna.

Skal til transittmottak for leik og moro

Barn på flukt i Syria

TRENG ALT: Dei har reist frå heimlanda sine utan det mest naudsynte. No vil stadig fleire nordmenn hjelpe, vere frivillige og delta for å vise empati og varme.

Foto: Arne Grieg Riisnæs / Kirkens Nødhjelp

Dei sterke bileta og historiene frå flyktningane dei siste vekene har fått folk til å strøyme til hjelpeorganisasjonane for å bidra.

Det har vore ei historisk pågang frå folk som vil arbeide som frivillig gjennom Redd Barna.

– Vi fortel om kva arbeid som frivillig inneber og kva aktivitetar ein kan vere med på som frivillige for asylantar på Refstad transittmottak og Torshov transittmottak i Oslo. Det norske folket har endeleg vakna og ser kva som skjer i Europa. Det er eit auka engasjement, og folk kjenner dei vil hjelpe.

Klare for alt

Redd Barna

SPENTE: Regine Karlsen og Pedro Alejandro Soto Ramos er spente på kva som ventar dei som frivillige, men er klare for det meste.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Det er i hovudstaden presset er størst akkurat no, og dei frivillige fekk informasjon om kva dei kan vente seg, og gle seg til.

Også Røde Kors hadde køar tysdag. Der var over 200 møtt opp for å få informasjon om korleis dei kan hjelpe .

– Eg har alltid tenkt at eg skulle melde meg som frivillig, og no har eg moglegheit. Det er alltid mange som treng litt merksemd, seier Camilla Åsgård frå Askim.

Ho vil bidra med det som trengst. Med bakgrunn frå barnehage er ho klar til å leike med barna på mottaket.

– Eg er god på å perle, ler ho og seier det blir spennande.

Camilla Åsgård

FØRST: Camilla Åsgård var den første som kom på informasjonsmøtet tysdag, og gler seg til å kunne bruke kunnskapen frå jobben sin i barnehage i møte med flyktningbarna på mottaket.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Studentane Regine Karlsen frå Harstad og Pedro Alejandro Soto Ramos frå Chile vert svært påverka av bileta kjem frå Europa.

– Vil vil bidra, og synest det er forferdeleg å sjå familiane som prøver å overleve og som ikkje har noko. Vi lurer veldig på korleis dette blir, og vil gjerne komme i gang, smiler dei.

Syrisk barn sover i Hellas

REAKSJON: Alle bileta og sakene frå flyktningane som kjem til Europa får folk til å reagere. Røde Kors hadde tysdag ekstra informasjonsmøte med over 200 i kø utanfor lokala sine i Oslo.

Foto: Petros Giannakouris / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger