Det skal ikkje vere lommeboka som avgjer kvaliteten på utdanninga barn og unge skal få. Det seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK.
– Hovudmålet er å sørge for at vi har ein skule i Noreg der ulike barn møtast på tvers av ulik bakgrunn.
Regjeringa vil bremse veksten i talet privatskular. Frå 2013 har det vore ein auke på 29 prosent til totalt 346 privatskular i Noreg hausten 2021.
Om dei får det som dei vil, blir friskulelova erstatta med privatskulelova. Då blir moglegheita til å opprette nye private profilskular og yrkesfagskular fjerna.
Ville ikkje gå vanleg studiespesialisering
På den private skulen Create i Lillehammer studerer elevane musikk, dans og drama, med kulturentreprenørskap som profil.
– Eg var litt lei ungdomsskolen og tenkte eg ville ha noko litt alternativt. Då valte eg dramalinja her på Create, for eg hadde lyst på noko anna enn vanleg studiespesialisering.
Emil Strandheim og Ingrid Nordstoga er begge veldig fornøgde med å studere på dramalinja til profilskulen Create.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKDet seier Emil Strandheim (17) frå Lillehammer. Om det ikkje var for Create, ville nærmaste musikk, dans og drama-linje vere på Vinstra eller i Gjøvik.
– Her er vi litt meir oss sjølv, fordi det er meir folk med same interesser, seier Strandheim.
Dei nye forslaga til regjeringa vil ikkje ha veldig stor betydning for Create i dag, men det blir ikkje mogleg for dei å utvide med fleire klassar eller linjer, seier rektor Bjarne Nyrud.
Ifølge rektoren er det er eit titals elevar på venteliste til skulen, som kostar 18.000 i året.
– Det er jo synd for dei elevane som ønsker å ta del i vårt tilbod.
Rektor Bjarne Nyrud meiner dei fyller eit behov i Lillehammer. Ingen andre skular i byen tilbyr musikk, dans og drama.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK– Symboliserer fridom for nokre
For å få godkjenning må nye privatskular representere eit reelt supplement til den offentlege skulen, foreslår regjeringa.
– Friskular er eit politisk konstruert omgrep, i likskap med til dømes fritt skuleval. Det er typiske merkelappar som er meint til å symbolisere fridom for alle, men som i realiteten symboliserer fridom for nokre, seier Brenna.
– Det er jo ikkje slik at dei offentlege skulane er ufrie, medan privatskular er frie, legg ho til.
Høgre innførte profilskular og yrkesfagskular i 2015. Skulepolitisk talsperson i partiet, Margret Hagerup, meiner friskulane er eit godt supplement til den offentlege skulen.
Skulepolitisk talsperson i Høgre, Margret Hagerup, er ikkje fornøgd med at regjeringa varslar innstrammingar for privatskulane.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Det er trist for elevar som ønsker å fordjupe seg i for eksempel realfag, idrett eller entreprenørskap at regjeringa no set ideologi og struktur framfor den enkelte elev sine valmoglegheiter og kvalitet i tilbodet, seier Hagerup.
Meiner privatskular bidrar til å danne ulikskapar
Privatskular er dyrt for både foreldre og samfunn, seier Brenna.
– Mi hovudbekymring er at den enkelte familie betalar rundt 300.000 for eit grunnskuleløp for ein elev. Det er veldig mykje pengar, og det burde vere heilt unødvendig.
Staten støtter friskulane med 85 prosent tilsvarande det som blir brukt på offentlege skular, og kan ta imot 15 prosent i skulepengar frå elevane.
Sidan 2013 har tilskota til private skular nesten blitt dobla over statsbudsjettet, til 6,2 milliardar i 2021.
Kunnskapsministeren meiner privatiseringa av skulen bidrar til å splitte opp skulesystemet og danne ulikskapar.
Foto: Martin H. W. Zondag / NRKI dei åtte åra Erna Solberg var statsminister fekk 177 friskular godkjenning til å starte, viser tal NRK har fått frå Utdanningsdirektoratet.
I løpet av dei seks månadene Arbeidarpartiet og Senterpartiet har regjert, har sju skular fått godkjenning.
Talet elevar i private grunnskular auka frå 16.648 i 2011 til 29.037 i 2021. Det er nesten ein dobling på ti år, viser tal frå SSB.
Mindre profitt til private barnehagar
Stadig fleire barnehagar blir kjøpt opp av barnehagekjeder, som i mange år har gått med store overskot og tatt ut gevinstar. I tillegg har utanlandske investorar gått inn på eigarsida i konserna, og dagens reglar gjer det vanskeleg å følge pengestraumane, ifølge regjeringa.
– Vi vil sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til betre barnehagar for alle barn, og ikkje til profitt for eigarane, seier kunnskapsministeren.
Regjeringa vil også innføre krav om at kvar private barnehage skal vere eit eige selskap. Dei får forbod mot å drive med anna verksemd, og forbod mot å ta opp lån andre stadar enn i bank.
– Barnehagen skal ikkje lenger vere eit investeringsobjekt for dei som vil tene pengar, seier Brenna.
Direktør i Private barnehagers landsforbund (PBL), Jørn Tommy Schjelderup, seier dei stiller seg positive til meir openheit og meir kontroll.
– Nokre av regjeringa sine lovforslag er fornuftige, medan andre forslag tvinger barnehagar til å bruke meir pengar på administrasjon og byråkrati, utan at effekten av tiltaka står i samsvar med kostnadane, seier Schjelderup.
Meiner regjeringa ikkje leverer
SV meiner Brenna og Ap er langt unna eit oppgjer med kommersen i barnehagane.
– Vi må berekne betalingane til barnehagane ut frå kva dei faktisk brukar pengar på for å hindre profitt. Dette leverer ikkje Brenna på, seier Freddy André Øvstegård.
Frp er klar på at dei private barnehagane scorar best på kvalitet, og meiner dei nye forslaga kan føre til ei massenedlegging.
Himanshu Gulati i Frp meiner det trengst eit nytt barnehageforlik for å sikre valfridomen til dagens 300.000 barnehagebarn.
Foto: Bård Nafstad / NRK– Arbeidarpartiet vil rasere Noregs kanskje mest velfungerande sektor, nemleg barnehagesektoren, ved å ofre private barnehagar på ideologiens alters, seier partiets utdanningspolitiske talsperson, Himanshu Gulati.
Krev totalforbod mot profitt
Om lag 140.000 barn går i landets 2900 private barnehagar. Dei får like mykje tilskot som dei kommunale barnehagane, opplyser kunnskapsdepartementet.
I Hurdalsplattformen har regjeringa også lova å stramme inn regelverket for private barnehagar, for å sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til sjølve drifta av barnehagen.
SV og Raudt har også gått saman og kravd eit totalforbod mot profitt i barnehagesektoren.
Bjørnar Moxnes er klar på at regjeringa hopper over hovudproblemet: – Nemleg at barnehagar har blitt big business for kommersielle selskap.
Foto: Cicilie S. Andersen / NRKRaudt-leiar Bjørnar Moxnes kallar dei nye tiltaka for «justeringar i høgresida sin politikk».
– Brenna lovde ei storreingjering i barnehagepolitikken. Det regjeringa no kjem med er ikkje eingong ei runde med støvsugaren. Dette viser ei regjering som ikkje står opp for fellesskapsløysingane, men i staden framleis godtar profitt i velferda, seier Moxnes.