Hopp til innhold

Regjeringa vil la private utføre politioppgåver

Vektarar og sivilt tilsette i politiet bør i større grad gjere fangetransportar og halde vakt i rettssaker. Det meiner regjeringa, som meiner tiltaket vil kunne frigjere tid og ressursar.

Politivakter i Oslo tinghus

PÅ VEKT: Politi til stades under eit fengslingsmøte i Oslo tingrett. No ønsker regjeringa å opne for at private kan frakte innsette mellom fengsel og rettssal, og vere vakter i saker med låg risiko.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB Scanpix

Når politimeldinga blir lagt fram på tysdag, er eitt av forslaga at private i større grad skal gjennomføre ein del oppgåver som politiet i dag utfører. Det kan blant anna vere fangetransport og halde vakt i rettssaker med låg risiko.

I 2004 blei det gjennomført eit forsøk dei tidlegare politidistrikta Søndre Buskerud, Vestfold og Telemark, der vektarfirmaet Hafslund Sikkerhet fekk oppdraget med å frakte innsette mellom fengsel og rettssal.

Hadfslund Sikkerhet gjennomførte fangestransporter i 2004.

Hafslund Sikkerhet fekk kontrakten då det blei gjort eit prøveprosjekt med privat fangetransport i 2004. Den raudgrøne regjeringa skrinla prosjektet då dei kom til makta året etter.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Erfaringane frå dette prosjektet var svært gode, seier justispolitisk talsmann i Høgre, Peter Christian Frølich.

– Då sparte dei 30.000 polititimar. Så vi trur at vi på sikt kan spare hundretusenvis av polititimar som kan brukast til etterforsking og gjere Noreg trygt, seier han til NRK.

Må gjere risikovurderingar

Forsøksprosjektet i 2004 blei skrinlagt året etter då den raudgrøne regjeringa kom til makta. Men no meiner Høgre det er på tide å gjere eit nytt forsøk. Frølich avviser at dette skal gå ut over tryggleiken.

– Vi skal gjere dette svært avgrensa, og sørge for god opplæring. Dei får heller ikkje store fullmakter. Det er framleis politiet som har monopol på maktbruk i Noreg. Men nokre justeringar som kan legge til rette for at vektarar kan gjere nokre av desse oppdraga, bør vere mogleg å få til, seier han.

Peter Christian Frølich

Justispolitisk talsmann, Peter Christian Frølich (H), meiner private kan avlaste politiet i ein del oppgåver, slik at norsk politi får meir tid til operativt arbeid.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Det skal vere opp til politiet å vurdere kva oppdrag som passar for private aktørar, og kva oppdrag politiet sjølve skal gjennomføre.

Meiner det ikkje gir effekt

Men forslaget møter motbør frå Politiets Fellesforbund. Forbundsleiar Sigve Bolstad meiner erfaringane frå førre forsøksrunde viste at tiltaket ikkje hadde den ønska effekten.

– Uansett kven som får oppgåva, skal dei ha betalt for jobben. Og då viser erfaringane at det er meir kostnadseffektivt at etaten som har oppgåvene i dag gjer det, enn at det blir sett bort.

Men blir ikkje dei som gjer desse oppgåvene i dag, frigjort til andre oppdrag?

– Då må vi få ei forsikring om at det ikkje skal gå pengar ut av norsk politi. Dersom det gjer det, som ei slik privatisering vil innebere, blir det eit nullsumspel, etter vår vurdering.

Sigve Bolstad i Politiets fellesforbund

Leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, er skeptisk til forslaget frå regjeringa, og fryktar det skal føre til mindre pengar til politiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Bolstad meiner etaten kan få lett tilgang til kompetente personar til å ta desse oppgåvene.

– Vi meiner dei som er ferdig uteksaminert, altså politistudentar, som ikkje har fått jobb, kan ta denne typen oppgåver. Vi har eit kull på rundt 700 som ikkje har fått jobb. I tillegg er det ein del sivilt utdanna i norsk politi, som også kan gjere det, seier han.

Politimeldinga blir lagt fram tysdag 23. juni, og skal opp i Stortinget til hausten.

AKTUELT NÅ