Hopp til innhold

Raymond Johansen smitta med omikron-varianten

Byrådsleiaren i Oslo har fått påvist covid-19, skriv han sjølv på Facebook. Fredag kveld vart det bekrefta at det er omikron-varianten han er smitta med.

Byrådet i Oslo holder pressekonferanse om koronasituasjonen

Byrådsleiar Raymond Johansen har fått påvist korona.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Onsdag kveld fekk eg forkjølingssymptom og tok ein korona-hurtigtest som var positiv. PCR-testen i etterkant var også positiv, skriv Raymond Johansen (Ap) i eit Facebook-innlegg.

Fredag kveld vart det bekrefta at byrådsleiaren er smitta med omikronvarianten av koronaviruset.

Det opplyser byrådssekretær Kaia Storvik (Ap) til NTB.

– Alle nærkontaktar er informerte og blir oppmoda til å følgja gjeldande smittevernreglar for omikron, som er annleis og strengare enn ved normalt utbrot, seier Storvik.

Storvik seier at ho ikkje har den totale oversikta over kor mange som har hamna i karantene på grunn av byrådsleiaren, men seier at han ikkje har hatt veldig mange nærkontaktar.

God form

Ein av hans medarbeidarar har også testa positivt for viruset. Resten har avlagt negative testar, men har likevel gått i karantene.

– Andre eg har møtt er også varsla. Eg er i ganske god form, opplyser han.

Raymond Johansen skriv på Facebook: Onsdag kveld fikk jeg forkjølelsessymptomer og tok en korona hurtigtest som var positiv. PCR - testen i etterkant var også positiv. Torsdag varslet vi journalister som var tilstede på pressekonferansen vår på tirsdag at de burde teste seg. En av mine medarbeidere er også smittet, men utover det har alle andre avlagt negative tester. De har likevel gått i karantene regnet fra tirsdag kveld. Andre jeg har møtt er også varslet. Jeg er i ganske god form. Prøvene er til sekvensering så jeg vet ikke om det er Omikron, men jeg er uansett i isolasjon til svar foreligger.

Mange ønsker Johansen god betring etter han delte nyheita om at han er smitta.

Foto: Skjermdump frå Facebook, tatt kl. 15 10.12.2021

Testa positivt etter pressekonferanse

Tysdag 7. desember heldt han ein pressekonferanse på Rådhuset i Oslo. I etterkant varsla dei journalistar som var til stades at dei burde følge med på symptom.

«Nokon som var til stades har oppgitt å ha avlagt positiv koronatest. Vi anbefaler alle som var til stade å vere ekstra merksame på symptom, halde seg heime ved sjukdom og ha låg terskel for å teste seg», stod det i e-posten sendt til dei som var på pressekonferansen.

E-posten som har blitt sendt rundt etter pressekonferansen: "Du får denne eposten fordi du sto på liste over tilstedeværende på pressekonferansen i Rådhuset tirsdag 7.12. Noen som var til stede har oppgitt å ha avlagt positiv koronatest. Vi anbefaler alle som var til stede å være ekstra oppmerksomme på symptomer, holde seg hjemme ved sykdom og ha lav terskel for å teste seg"
Foto: Skjermdump

Raymond Johansen seier til NRK at han ikkje ønsker å kommentere saka utover det han har skrive på Facebook.

Høge smittetal

Det siste døgnet er det registrert 5355 koronasmitta i Noreg. Det er ny rekord, og 1215 fleire enn same dag førre veke.

Torsdag var 316 koronapasientar innlagt på sjukehus. Det var ni fleire enn dagen før.

På torsdag blei det kjent at tidlegare statsminister Erna Solberg (H) måtte gå i karantene, fordi ektemannen Sindre Finnes fekk påvist covid-19.

AKTUELT NÅ