Hopp til innhold

Profilert advokat dømd for planting av bevis

Morten Andreassen er dømd til 30 dagars fengsel på vilkår for å ha vore med på å plante bevis i ei straffesak med hensikt å motarbeide politiet si etterforsking.

Morten Andreassen

Advokat Morten Andreassen er dømd til fengsel på vilkår for å ha vore delaktig i forsøk på å plante bevis.

Foto: Linda Vespestad / NRK

Andreassen, som er tilsett i advokatkontoret Elden, må også betale 30.000 kroner i bot, melder avisa VG .

Retten meiner at advokaten ringde til broren til ein ranssikta klient og bad han om å plante 37.000 kroner heime hos mor til brørne. Same kvelden tilstod klienten ran av 37.000 kroner og forklarte politiet kvar dei kunne finne pengane.

Fleire samtalar

I retten vart det spelt av fleire samtalar mellom Andreassen og broren til klienten hans, som politiet då avlytta.

Andreassen nekta straffskuld då saka var oppe i slutten av januar.

Han forklarte at han ikkje hadde instruert broren til å gjere noko med bevisa. Han meiner at klienten hans hadde tilstått ranet, men at han hadde vore uroa for at broren kunne ha rørt pengane.

Andreassen sa at han berre ville signalisere overfor broren at det var klientens sitt ynskje at pengane skulle bli funne.

– Ville hindre manipulering

Forsvarar Eling Olav Lyngtveit seier til VG at Andreassen er skuffa over dommen, og at det straks vart anka. Andreassen meiner at bevisa er vurdert feil og at han er dømt med urette.

Lyngtveit seier også at Andreassen er varsla om at Tilsynsrådet for advokatverksemd vurderer å suspendere advokatløyvet hans.

Andreassen seier at han berre hadde til hensikt å hindre manipulering av bevis, noko som er det motsette av det han er dømd for.

Bevispåverknad

I dommen heiter det at utgangspunktet for straffeutmålinga er at det er snakk om bevispåverknad i ei pågåande etterforsking av eit alvorleg straffbart forhold. Retten meiner at handlingane til advokaten først og fremst verkar å vere motiverte av å få klienten sin sett fri, så var det likevel snakk om forsøk på å påverke bevisbiletet i ei alvorleg sak.

Retten viser også til at domfelte er advokat, og at slike handlingar er med på å svekkje tilliten til advokatstanden blant folk, og i denne saka særleg forsvararar.

AKTUELT NÅ