Hopp til innhold

Professor kritisk til at studentar blir straffa strengare enn professorar

Det må vere ein større margin for studentar når det gjeld gløymsle og misforståingar, meiner jusprofessor.

Studenter på lesesal på Universitetet i Oslo

Studentar på ein lesesal på Universitetet i Oslo.

Foto: Jarli & Jordan / Jarli & Jordan/UiO

– Slik regelverket er nå, kan ein student bli tatt for fusk for handlingar som eg som professor ikkje ville blitt sanksjonert for.

Det seier Johan Giertsen, jusprofessor ved Universitetet i Bergen.

I kjølvatnet av sakene om fusket til statsråda og moglege fusk, sende Giertsen eit brev til Stortinget.

I dag opererer nemleg høgskolar og universitet med ulike tersklar for kva dei meiner er fusk.

Som fleire andre er Giertsen kritisk til at lova for universitet og høgskolar opnar for at studentar blir behandla ulikt seg imellom.

Kor ein student har valt å studere, bør ikkje ha noko å seie for reglane for fusk, seier Giertsen til NRK.

Les også Over 60 tekstlikskapar – professor trur oppgåva får stryk

Kjerkol

– Ville blitt møtt med eit skuldertrekk

I lova Giertsen som professor er underlagd, heiter det ikkje fusk, men «vitskapleg snusk».

I denne lova blir snusk knytt til «alvorlege brot på anerkjente forskingsetiske normer». Dette inneber at ein forskar ikkje ville blitt sanksjonert for mindre slurvefeil, meiner Giertsen.

Dette er i motsetning til lova studentane må forhalde seg til. Kva som er «fusk» er nemleg ikkje definert.

Giertsen reagerer på at nokre universitet og høgskolar har veldig strenge reglar når det gjeld kva dei reknar som fusk.

Ein kan umogleg stille same krav til studentar på eit par og tjue år, som til dei som har jobba her i fleire tiår. Det må vere ein større margin for studentar når det gjeld gløymsle og misforståingar.

Men nå er det altså omvendt?

På nokre felt er det faktisk slik. Det høyrest heilt uverkeleg ut. Jakta til myndigheita på studentar har hatt dei utslaga at for ein del handlingar blir ramma studentar med strengare reaksjonar enn det ein eksempelvis hadde gjort om ein professor hadde gjort noko tilsvarande.

Arendalsuka 2018

Jusprofessor Johan Giertsen meiner det er feil at studentar blir straffa strengare enn han sjølv ville blitt. Her frå Arendalsveka i 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjølvplagiering, korleis hadde ein reagert mot ein forskar?

– Ein ville sjeldan reagert på det, med mindre det var massive brot. Der ein hentar ei avgrensa mengde tekst, ville ein nok berre blitt møtte med eit skuldertrekk.

Giertsen meiner at saka som staten anka til Høgsterett om sjølvplagiering ved Høgskolen i Innlandet (HINN), ikkje ville blitt ei sak i det heile om det var ein tilsett som hadde gjort det same.

Det kjem av at HINN har eit strengare regelverk for studentane sine, enn det som vil gjelde for dei tilsette på høgskolen.

Også slurv som feilsitering, blir straffa for strengt, meiner Giertsen. Han meiner det er heilt urimeleg at ein slik feil kan føre til annullert eksamen og utestenging.

Ein professor ville aldri blitt utestengd frå arbeidsplassen i eit heilt år på grunn av ein sånn feil. Det ville aldri skjedd, seier Giertsen.

Les også Etterlyser felles fuskeregler: – Loven må definere forskjellen på fusk og slurv

FUSK ELLER SLURV? NSO-leder Oline Sæther sier det kan være vanskelig å sette seg inn i regler for fusk - spesielt siden definisjonen varierer.

Meiner alle feil umogleg kan vere fusk

Giertsens kollega, jusprofessor Jan Fridtjof Bernt, stiller spørsmålsteikn ved om forskriftene kvar enkelte høgskolen og universiteta lagar, i det heile har heimel i lov.

– Ein kan ikkje ha reglar om at alle feil utan vidare er å rekne som fusk, meiner Bernt.

Jan Fridtjof Bernt

Jusprofessor Jan Fridtjof Bernt meiner universiteta og høgskolane må forhalde seg til den etablerte forståinga av kva som er fusk.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

Han understrekar at det er ein forskjell mellom kritikkverdig og dårleg kjeldebruk og fusk.

Det er ikkje gitt at alle brot som blir gjorde på desse lokale, heimestrikka reglane, skal kunne oppfattast som fusk etter universitets- og høgskoleloven, med dei alvorlege verknadene det får for studenten.

Bernt meiner Kunnskapsdepartementet har hatt både rett og plikt til å gripe inn og gjere noko med praksisen på dette området.

Når regjeringa seier at dei vil ikkje meine noko om det Felles klagenemnd gjer, så har den svikta sitt ansvar, seier jusprofessoren.

Les også Kjerkol-informant er Ap-politiker

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol avbildet i det hun presenterer helseberedskapsmeldingen i november 2023.

– Må det bli betre balanse mellom handling og reaksjon

Den ferske forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) er einig i at dagens praksis kan ramme noko skeivt.

– Eg meiner me skal slå hardt ned på alvorleg fusk, men på same tid må det bli betre balanse mellom handling og reaksjon, avhengig av kor alvorleg fuskehandlinga er. Derfor har me foreslått fleire endringar i forslaget til ny universitets- og høgskulelov. Me ønskjer oss mildare reaksjonar for dei minst alvorslege tilfella og strengare reaksjonar for dei aller grovaste, seier han til NRK.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Foto: Milana Knezevic / NRK

Han trur at meir bruk av heimeeksamen og digitale hjelpemiddel har ført til meir fusk.

– Me veit at fleire har etterspurt eit nasjonalt regelverk. Me trur ikkje det er nokon god løysing. Tvert om vil det vere både uheldig og tungrodd med ein detaljert sentralstyrt regulering av kva som er fusk. Dette er fordi utviklinga på feltet går raskt, noko bruken av kunstig intelligens er eit godt døme på. I tillegg er institusjonane og fagområda ulike. Me meiner det er best at dei som er nærast faget og studentane lagar reglar, som er tilpassa kvar enkelt institusjon og fagområde, seier Hoel.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger