Det blir seinsommarfest for prinsessa når familie, fadrar og venner samlast på slottet for å feire henne siste dagen i august. I pressemeldinga frå kongehuset står det at:
Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra skal konfirmerast i Slottskapellet på Det Kongelege Slott laurdag 31. august 2019.
Blir konfirmert åleine
Prinsessa blir konfirmert åleine, slik tradisjonen for norske tronfølgjarar er.
Men konfirmasjonsundervisninga følgjer ho saman med jamaldringar i Asker.
– Prinsessa følgjer konfirmasjonsundervisninga i Asker kyrkjelyd under leiing av prost Tor Øystein Våland, skriv kongehuset i pressemeldinga.
Det er Oslobiskop Kari Veiteberg og preses i Bispemøtet biskop Helga Haugland Byfuglien, som skal leie den kongelege konfirmasjonsgudstenesta.
Har i praksis ikkje noko val
Talet på dei som konfirmerer seg i kyrkja er på veg nedover. I 2017 valde knappe 58 prosent av 15-åringane denne formen for konfirmasjon, ifølgje tal frå SSB.
Men prinsesse Ingrid Alexandra har i praksis ikkje noko val. Som landets tronarving må ho tilhøyre den norske kyrkja. Paragraf fire i Grunnlova krev at monarken i Noreg bekjenner seg til den evangelisk-lutherske tru.
Kong Harald sjølv ønskte denne paragrafen i Grunnlova då forholdet mellom kyrkje og stat blei endra i 2012.
Les også:
Kongelege fadrar
Det var bestefar, kong Harald som bar prinsessa til dåpen for snart 15 år sidan. Blant fadrane elles er kongehusa i Europa godt representert.
No blir fadrane inviterte til konfirmasjon i Oslo; kong Felipe av Spania, kronprins Frederik av Danmark og kronprinsesse Victoria av Sverige.
Tante, prinsesse Märtha Louise og mormor, Marit Tjessem er også fadrar for arveprinsessa.
15 år
Prinsessa sine foreldre var konfirmantar i 1988.
Mor, Mette-Marit Tjessem Høiby, blei konfirmert i ny Rogalandsbunad ein vårdag på Sørlandet og fotografert av familien.
Far, den gong prins Haakon Magnus, blei følgt av presse frå heile landet på konfirmasjonsdagen. Han hadde tre skandinaviske monarkar på gjestelista og blei feira med gallamiddag på kvelden.
Kva slags feiring kongefamilien planlegg for prinsesse Ingrid Alexandra, seier ikkje kongehuset noko om enno.
Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 15 år måndag 21. januar.