Det var i ein artikkel i
at den erfarne politimannen gjekk ut og bad om ein debatt om dette, også i politiet. For det er mykje som ikkje fungerer i den norske narkotikapolitikken i dag, meiner han.I kveld var Dyrdal gjest i Dagsnytt 18, der han møtte generalsekretæren i Norsk
, Lars Holmen, til debatt.– Det same i 30 år
Bård Dyrdal meiner det er på høg tid med ein debatt om i politiet om legalisering av lettare narkotiske stoff.
Foto: NRK– I staden for å spørje om kva som ikkje fungerer, kan vi heller spørje om kva som fungerer med norsk narkotikapolitikk. Vi har gjort det same i 30 år. Vi har brukt store ressursar på å flytte brukarar og seljarar. Det einaste vi har oppnådd er å presse opp prisen på narkotika, sa Dyrdal i debatten.
Han la vekt på at trass i at det er brukt store politiressursar og mykje pengar på å kjempe mot narkotika, så har Noreg likevel eitt av dei høgste tala på overdosar i verda. Ein tredel av alle som sit i fengsel er dømde for narkotikarelaterte brotsverk, og mange av dei som brukar narkotika har dårleg helse.
– Det er problematisk at vår narkotikapolitikk gir eit sterkt grunnlag for organisert kriminalitet. Ved å legalisere av lettare stoff, vil mykje av grunnlaget for denne verksemda forsvinne. Legalisering vil gjere det mogleg å kontrollere marknaden, slik det blir gjort med alkohol og tobakk, sa politietterforskaren blant anna.
VIDEO: Sjå debatten i Dagsnytt 18
– På høg tid
Bård Dyrdal meiner det er på høg tid at debatten om legalisering no kjem opp også internt i politiet. Han har opplevd at det tidlegare ikkje har vore rom for ein slik debatt i etaten.
Han meiner også at mange ungdomar som prøver desse lettare narkotiske stoffa, og som blir tekne av politiet, kan få framtida si øydelagt. Han trekte også inn toppolitikarar som har vedgått at dei har prøvd hasj eller marihuana.
– Kva hadde skjedd med karrierane med Jens Stoltenberg og Barack Obama om dei hadde vorte tekne av politiet den gongen?
Nei til legalisering
Lars Holmen seier kategorisk nei til legalisering av lettare narkotiske stoff.
Foto: NRKGeneralsekretær Lars Holmen i Norsk narkotikapolitiforening (NNPF) er samd med Dyrdal om at det er viktig med ein debatt om dette spørsmålet, men han meiner at legalisering er feil veg å gå.
– Eg er samd i at mykje kan gjerast betre i norsk narkotikapolitikk, og eg ynskjer debatten velkomen. Vi må sjå på kva vi kan gjere for at dei tyngste misbrukarane skal få det betre, og det er viktig å gjere meir for å hindre nyrekruttering til miljøet. Men vi må ikkje tru at organisert kriminalisert vil forsvinne om vi legaliserer lettare stoff, sa Holmen i debatten.
Ulovleg marknad
Han viser til at det i dag finst ein ulovleg marknad for både medikament, alkohol og tobakk, sjølv om omsetninga av desse stoffa er regulert ved lov.
– Dette handlar om menneske i vanskelege situasjonar, men det handlar også om familiane til misbrukarane. Vi treng alternative reaksjonar, og ungdomsoppfølging og ungdomsstraff er gode tiltak. Målet må vere at færrast mogleg skal få problem med narkotika, sa Lars Holmen.