– Politihøgskolen ønsker gjennom dette studiet å bidra til å betre den tverrfaglege innsatsen mot hatkriminalitet. Det gjeld både førebygging og etterforskning, seier avdelingsleiar for etter- og vidareutdanningar ved Politihøgskolen, Siw Thokle.
Sjølv om det er ei aukande merksemd for denne type saker, er det eit forholdsvis lågt tal anmeldingar. Det skal vere bakgrunnen for opprettinga av det nye studietilbodet. Politiet meiner det truleg er store mørketal på området.
- Les også: – Politiet legger bort hatkriminalitet
– Kunnskap er avgjerande for riktig registrering og handtering av sakene, og for å kunne ivareta ofra, seier Thokle.
Hatkriminalitet er straffbare handlingar som er motivert av hat, fordommar eller negative haldningar mot mennesker på grunn av etnisitet, religion eller livssyn, seksuell orientering eller nedsett funksjonsevne.
Hatkriminalitet har ikkje berre konsekvenser for dei som rammast direkte, men også for dei som tilhører same "gruppe". Det kan også gå utover samfunnet.
Riksadvokaten har i ei årrekke bedt politiet vie hatkriminalitet særskild merksemd. Noreg har også hausta kritikk frå FN for å ikkje ta saksfeltet nok på alvor.