Hopp til innhold

Minst éin døydde etter kraftig turbulens på fly

71 personar vart skadde i turbulensen, seks av dei kritisk. Flydirektør beklagar etter kraftig turbulens.

The interior of Singapore Airline flight SG321 is pictured after an emergency landing at Bangkok's Suvarnabhumi International Airport

Flyet måtte naudlanda i Bangkok etter den kraftige turbulensen.

Foto: Stringer / Reuters

Minst ein person har mista livet etter kraftig turbulens under ei flyging frå London til Singapore.

Det opplyser flyselskapet Singapore Airlines.

Den omkomne er ein britisk mann i 70-åra og døydde truleg av hjarteinfarkt, ifølgje thailandske styresmakter.

Den thailandske avisa Khaosod skriv ifølgje NTB at ytterlegare ein person har døydd på sjukehus, men det er førebels ikkje stadfesta av andre kjelder.

Admistrerande direktør i Singapore Airlines beklagar den traumatiske hendinga i ein video natt til onsdag.

– Vi beklagar på det sterkaste til alle som er råka av denne hendinga, seier Goh Choon Phong, admistrerande direktør i Singapore Airlines.

Råka av «ekstrem turbulens»

71 personar er skadde, seks av dei kritisk. Det skriv nyheitsbyrået AFP klokka 18 norsk tid.

Tidlegare tysdag sa thailandske styresmakter at sju personar var kritisk skadde.

Ein av personalet er i tillegg innlagt på sjukehus, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

I ei oppdatering klokka 16.30 norsk tid skriv Singapore Airlines at flyet vart råka av «ekstrem turbulens» over Myanmar.

Ein BBC-meteorolog seier at det var varsla tordenskyer langs flyruta, men at det førebels er usikkert om piloten faktisk flaug gjennom desse.

Skadde passasjerar vert frakta ut av eit Singapore Airlines-fly som naudlanda i Bangkok etter kraftig turbulens.

Skadde passasjerar vart frakta ut av flyet etter naudlandinga.

Dramatiske augneblinkar

BBC har snakka med ein passasjer som var om bord på flyet. Han seier at flyet plutseleg mista mykje høgde, og at ting i kabinen vart kasta rundt på grunn av turbulensen.

– I løpet av dei få sekunda då flyet mista høgde, var det forferdeleg skriking og noko som høyrdest ut som eit dunk, beskriv Andrew Davies til kringkastaren.

Han seier eit medlem av kabinpersonalet fortalde han at dette var det verste ho hadde opplevd på 30 år, skriv kringkastaren. Davies rosar dei tilsette om bord og seier dei gjorde alt dei kunne for å hjelpa folk.

Ein annan passasjer seier til Sky News at flyet først vippa oppover, før det byrja å rista.

– Heilt plutseleg var det eit dramatisk fall, så alle som sat utan setebelte vart skotne opp i taket, seier Dzafran Amir til kanalen.

Ein svensk flyekspert trur turbulensen fekk så alvorlege konsekvensar fordi ikkje alle hadde på seg setebelte.

– Du må vere fastspent. Er du ikkje fastspent, hamnar du i taket og risikerer å brekka nakken. Andre vanlege skadar er på bein, armar og utslåtte tenner. Det er ganske store krefter, og det hjelper ikkje å halda seg fast, seier Jan Ohlsson til nyheitsbyrået TT, skriv NTB.

– Setebelte er det viktigaste

Mikael Eriksson, mangeårig pilot og administrerande direktør ved Pilot Flight Academy, seier at turbulens er vanskeleg å spå – spesielt på lange flygingar.

– Ein er veldig avhengig av rapportar frå andre fly òg, seier han til NRK.

– Kva gjer du som pilot når du kjem inn i ein slik kraftig turbulens?

Når ein skal ut på ei lang flyging, over Atlanteren til dømes, annonserer alle pilotar at når du sit, bør du ha på setebelte. Det er det viktigaste. Så høyrer me med andre fly om turbulens. Veit vi at det kjem, ber me alle spenna seg fast, svarar Eriksson.

Måtte naudlanda

Flyet tok av frå Heathrow i London like etter klokka 23 norsk tid måndag.

Tysdag føremiddag naudlanda det i Bangkok i Thailand.

Ambulanser ved flyplassen i Bangkok, Thailand etter at et Singapore Airlines-fly måtte nødlande etter kraftig turbulens

Fleire ambulansar venta ved flyplassen i Bangkok for å frakta passasjerar til sjukehus etter at flyet naudlanda.

Foto: Sakchai Lalit / AP

Flyselskapet har sendt ut ei melding der dei kondolerer til dei etterlatne og beklagar til både passasjerar og kabinpersonale.

– Me arbeider med å gi assistanse til alle passasjerar og crew om bord på flyet, skriv dei.

Flyselskapet seier òg at dei skal senda tilsette til Bangkok.

Det var totalt 211 passasjerar og 18 tilsette på flyet, som var av typen Boeing 777. Boeing seier dei har vore i kontakt med Singapore Airlines etter ulykka for å hjelpa til, ifølgje Reuters.

Dei har òg uttrykt sine kondolansar til alle som er råka av ulukka, skriv nyheitsbyrået AFP.

Om bord var det passasjerar frå 17 ulike land, mellom anna Australia, Indonesia, Irland, New Zealand og Singapore. Det var ingen nordmenn om bord, ifølgje flyselskapet.

AKTUELT NÅ