Per Fugelli fekk kreft i 2009, og gjekk igjennom fem operasjonar og fleire behandlingar etter at han den første diagnosen. Onsdag morgon døydde han. Det stadfestar familien overfor TV2.
– Ein trist dag, seier regissør Erik Poppe. Han laga film om dei siste dagane til Fugelli.
Tidlegare i år fekk Fugelli påvist nye svulstar, som blei behandla med stråling for å halde dei i sjakk. I ein kronikk i Aftenposten i august i år, tok han farvel til det norske folk. Han skreiv også at han hadde reist til Jæren, der han vaks opp, for å døy.
Sonen Aksel Fugelli la i ettermiddag ut ein post på Facebook, der han tek farvel med faren:
Her kan du se NRKs ekstrasending om Fugellis bortgang:
Open om sjukdommen
Fugelli var open om kreftsjukdommen, og snakka ofte om livet som sjuk. Blant anna i dokumentaren «Døden, skal vi danse?», som har vore vist på NRK fleire gongar. I 2013 blei han også portrettert i Lørdagsrevyen:
Han medverka i fleire TV-program for å snakke om livet og døden. Og hans siste store TV-intervju var i «Torp» i mars i fjor.
Per Fugelli var også ein ivrig samfunnsdebattant, og var kjent som eit talerøyr for dei svake i samfunnet. Mange blei provoserte over ein del av meiningane han hadde, men mange blei også rivne med.
- Les:
- Les:
Fugelli fekk også fleire prisar for det engasjementet han viste, blant anna Fritt Ords pris i 1993. I januar fekk han Menneskeverds Livsvernpris for måten han snakka naturleg og ærleg om døden, samtidig som han inspirerte til livsglede.
Engasjert
Per Fugelli blei fødd i Sandnes 7. desember i 1943. Han arbeidde som distriktslege i Nord-Norge på 70-talet, og blei etter kvart professor i sosialmedisin, først i Bergen, så i Oslo. Fugelli var også med i styringsgruppa til Verdikommisjonen, som Bondevik-regjeringa peika ut i 1998.
Dei siste åra var Per Fugelli gjest i fleire TV-program for å snakke om livet og døden. Her er han i Trygdekontoret.
Foto: Daniel Eriksen / NRKI samfunnsdebatten markerte hans eg som motstandar av byråkratiseringa av norske helseinstitusjonar, og arbeidde for å setje mennesket i sentrum i helse- og sosialpolitikken. Han var også oppteken av at god helse er avhengig av at ein er ein del av eit fellesskap med andre menneske. Eit av hans mest kjende sitat var:
– Ikkje ver eit eitt-tal på jorda. Bry deg om flokken din.