NRK Meny
Normal

Pensjonsalderen kan bli fjerna

Arbeiderpartiet vurderer å heve pensjonsalderen til 75 år – eller kanskje fjerne aldersgrensa heilt.

Klager på kutt i pensjonen:

Yrkessjåførar kan etter vegtrafikkloven jobbe til de er 75 år. Grensa vart økt frå 70 år av Stortinget i 2008.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Steinar Gullvåg

– Alder bør ikkje vere noko kriterium for å forlate arbeidslivet, seier Steinar Gullvåg (Ap).

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Kari Østerud.

– Frykta for å få ein haug med senile gamlingar som ikkje forstår sitt eige beste i arbeidslivet, er sterkt overdrive. Eg trur folk flest forstår når det er på tide å gje seg, seier Kari Østerud ved Senter for seniorpolitikk.

Foto: Espen Øyen / NRK

– I dag verkar aldersgrensene som stengsel for pensjonsreforma. No kan folk gå av frå dei er 62 til 75 år gamle, og ein kan arbeide ved sida av pensjonen. Aldersgrensene er med å hindre dette, seier pensjonstalsmann i Arbeiderpartiet, Steinar Gullvåg til Politisk Kvarter.

Å sette opp pensjonsalderen til 75 år omtalar han som «ein god idé», men han er òg open for å gå lenger:

– Mange land har ikkje aldersgrenser i loven. Kanskje skal vi overlate dette til partane i arbeidslivet, foreslår Gullvåg.

Eit ekstra år gir 30 mrd

I dag legg Senter for Seniorpolitikk fram nye tal som viser at det vil vere særs lønsamt å få folk til å stå lengre i arbeid. Dersom folk står eit halvt år lenger i arbeid blir vinsten 15 milliardar i året. Står folk eit år lenger, blir talet nær det doble.

Kari Østerud, direktør i Senter for Seniorpolitikk, meiner å sjå mange positive politiske tendensar.

– Mange politiske parti har endra syn på aldersgrenser. Det er bra. Ein må ha med seg partane i arbeidslivet, men ikkje alle særaldersgrenser er avtalefesta. Nokre er lovregulerte, så dei har Stortinget høve til å gjere noko med, seier Østerud til Politisk Kvarter.

– Folk veit når dei skal gje seg

Ho meiner ein òg må vurdere eit sterkare diskrimineringsvern for eldre arbeidstakarar.

– Aldersgrensa kan vere med på å sementere ei oppfatning om at folk over 70 år går ut på dato eller sluttar å verke, seier Østerud.

– Men kvar enkelt kan vel ikkje bestemme kor lenge arbeidsgjevaren skal ha dei tilsett?

– Jo, det er ein del land som har den ordninga. Det krev at vi må tenkje nytt om korleis ein avsluttar eit arbeidsforhold. No kan leiaren berre sjå på kalenderen og seie «takk for innsatsen». Frykta for å få ein haug med senile gamlingar som ikkje forstår sitt eige beste i arbeidslivet, er sterkt overdrive. Eg trur folk flest forstår når det er på tide å gje seg, seier Østerud.

Kan bli Ap-politikk

Gullvåg (Ap) er einig. Han trur dette kan bli ny politikk for Ap etter landsmøtet.

– Ja, det kan det. Vi må opne for ein prosess der vi gjer noko med aldersgrensene. Det er for tidleg å seie kva, men alder bør ikkje vere noko kriterium for å forlate arbeidslivet, seier Gullvåg.

– Kor mykje hastar det?

– Det hastar rmeir og meir, for levealderen aukar med to månader kvart år. Da må vi auke aldersgrensa nokså fort.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger