Hopp til innhold

Pelsdyrsaka i Debatten i kveld

Pelsdyrnæringa - å vera eller ikkje vera? I «Debatten» på NRK1 i kveld skal politikarar, næringa, aktivistar og andre diskutera peldyroppdrett «så bysta fyk».

Nokon av paneldeltakarane i Debatten

I kveldens panel sit både forkjemparar og motstandarar av pelsdyrindustrien. Frå venstre: pelsdyrveterinær Gorm Sanson, landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), Odd Harald Eidsmo i Dyrebeskyttelsen og SV-leiar Kristin Halvorsen.

Foto: NRK/ Scanpix

Sjokkbileta frå pelsdyrfarmar reiser ein ny debatt om pelsdyrnæringa i Noreg. Dei siste vekene har det vore ein mediestorm kring landbruksminister Lars Peder Brekk og pelsoppdrettarane.

Fleire har fremja krav om å avliva heile næringa. Landbruksministeren seier verstingane må lukast ut, medan dyrevernsaktivistar hevdar det ikkje er snakk om nokre eple men heile korga som er roten.

Kor alvorleg er det som har vorte vist dei siste vekene frå norske pelsdyrfarmar? Er dette unntaket eller regelen? Kva bør skje med pelsdyrnæringa no?

Sei di meining nederst i artikkelen allereie no!

Landbruksministeren i panelet

I kveldens panel sit landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), Brita Skallerud frå Norges Bondelag, veterinær Trude Moestue, SV-leiar Kristin Halvorsen, pelsdyrveterinær Gorm Sanson og jurdisk rådgjevar i Dyrevernalliansen Live Kleveland.

Blant publikumsgjestene er pelsdyroppdrettar Odd Einar Friheim, Odd Harald Eidsmo i Dyrebeskyttelsen og pelsforhandlar Morten Sauer.

I kveldens program vil programleiar Erik Wold også spørja om det er moralsk forkasteleg å gå med pels, og om import er betre enn sjølvforsyning.

Debatten vert send direkte frå Litteraturhuset i Oslo kl. 21.30.

Se debatten i Nett-TV fra 21.30.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger