Hopp til innhold

Framleis stor EU-motstand i Noreg

Motstanden mot norsk medlemskap i EU er framleis stor, ifølge ei ny undersøking som er gjort for NRK. Det er flest unge som er usikre i EU-saka.

Ja/Nei-måler EØS/EU

53,5 prosent stemte NEI i EF-avstemminga i 1972. Motstanden ville ha vore langt sterkare ved ei avstemming i dag, viser ei fersk Norstat-undersøking.

Etter eit nei i folkeavstemmingane i 1972 og 1994, er motstanden mot eit fullt medlemskap i unionen framleis stor.

Ifølge undersøkinga Norstat har gjort for NRK, ville 52 prosent av dei spurde stemt nei til norsk medlemskap dersom det hadde vore EU-avstemming i morgon.

27 prosent seier dei ville ha stemt ja, medan 21 prosent seier dei ikkje ville ha stemt.

Dersom me berre tar med dei som seier dei ville ha stemt i ei avstemming, ville denne målinga ifølge Norstat ha gjeve estimert 66,2 prosent nei og 33,8 prosent ja i eit faktisk val.

– Denne debatten har starta i feil ende, nemleg frå toppen. Det er jo ikkje eit folkekrav, for å seia det mildt, seier SVs Ingrid Fiskaa i Debatten torsdag kveld.

Høgre opnar for ny EU-kamp

Høgre-leiar Erna Solberg brukte delar av talen sin på landsmøtet førre helg til å prøve å vekke nytt liv i den norske EU-debatten. Ho sa at forholdet mellom Noreg og EU blir stadig viktigare, og at Noreg burde bli medlem.

– Noregs plass i Europa er ved bordet. Saman med våre næraste vennar. Saman med dei andre demokratia, sa ho.

Landsmøte-Høyre-2023-dag1

På Høgre sitt landsmøte sist helg understreka Erna Solberg at Noregs forhold til EU blir viktigare framover – og tok til orde for at Noreg burde vore medlem.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Solberg fekk støtte frå utanrikspolitisk talsperson Ine Eriksen Søreide, som bad regjeringa greie ut om eit fullt EU-medlemskap.

– Det har skjedd utruleg mykje i verda og EU som gjer at me må tenka nytt om korleis me skal vareta norske interesser, seier Søreide.

EU blir ein stadig viktigare arena for sikkerheitspolitikk. Søreide viser til at Noreg sluttar seg EU-sanksjonar mot Russland – sanksjonar Noreg ikkje kan vera med frå innsida.

Både Senterpartiet og Framstegspartiet er lunkne til ein ny EU-kamp no. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fryktar eit sterkt Høgre skal føre til ny runde om EU etter neste stortingsval i 2025.

På sikkerheitsområdet kontrar både han og stortingsrepresentant Hans Andreas Limi (Frp) med at viktige allierte som USA og Storbritannia ikkje er EU-medlem.

– Vår store sikkerheitsgaranti er Nato, og det norske folkestyret er godt tent med å ikkje vera med i EU, seier Vedum.

Fiskaa legg til at mange allereie opplever at det er for langt til makta og at det er for vanskeleg å påverka.

– Eit medlemskap vil berre forsterka dette mange gongar, meiner ho.

– Me meiner avgjerder som gjeld Noreg skal takast i Stortinget – ikkje Brussel, legg Limi.

Miljørørsla var ein del av neisida i 1994, men no går landsstyret i MDG inn for eit EU-medlemskap gjennom folkeavstemming. Stortingsrepresentant Lan Marie Berg var sju år den gong og meiner det er på tide med ein ny debatt i ei tid der verda og unionen ser annleis ut.

– Det er betre at me er innanfor å påverkar det som uansett endar med å påverka oss, meiner Berg.

Også Kristine Meek Stokke, leiar i Europeisk ungdom, påpeiker at det i dagens situasjon allereie blir vedtatt ei rekke avgjerder på våre vegner i Brussel.

– Me får meir innflytelse enn i dag, iallfall, seier Stokke.

– Det er riktig, men viktigare er det me gir frå oss, seier Frankie Solberg Rød, leiar i Ungdom mot EU.

Hen viser til handlingsrommet Noreg i dag har utanfor EU på område som fiskeri, landbruk, utanrikspolitikk og pengepolitikk.

Unge mest usikre

Undersøkinga viser at menn er meir EU-skeptiske enn kvinner. 57 prosent av mennene seier dei ville stemt nei, medan 47 prosent av kvinnene seier det same.

Ser vi på aldersfordelinga blant dei som har svart, er det flest som ville ha stemt nei i alle aldersgrupper, utanom dei over 80 år. Her ville 59 prosent ha stemt ja, medan 34 prosent ville stemt nei. Dette er også aldersgruppa med færrast svar.

Tala viser også at det er dei under 30 som er mest usikre i EU-spørsmålet. 35 prosent av desse seier dei ikkje ville ha stemt om det var avstemming i morgon. Blant dei som hadde bestemt seg og ville stemme, svarte 37 prosent at dei ville ha stemt nei, medan 28 prosent ville svart ja.

Undersøkinga er gjort av Norstat på vegner av NRK i veke 13. Eit nasjonalt representativt utval på 1000 personar har svart på kva dei ville ha stemt om det var EU-avstemming i morgon. Undersøkinga blei gjort på nett.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger