Hopp til innhold

Orkanen «Ian» på veg mot Florida: 2,5 millionar bedne om å evakuere

Tysdag kveld gjorde stormen at heile Cuba blei mørklagt. No har den gått opp i styrke til kategori 4, melder det amerikanske orkansenteret.

Tropical Weather Florida

«Ian» er på veg til det amerikanske fastlandet.

Foto: AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein video publisert av CBS på Twitter viser to barn som leikar i flaumvatnet, som rekk dei langt over knea. Vassmengdene kastar seg att og fram, og eitt av dei mister brått fotfestet.

Her, i Key West på sørspissen av Florida, samla mange seg i går kveld for å sjå på dei store bølgene.

Samtidig åtvarar Amerikanske meteorologar om at vinden vil auke og ta med seg meir kraftig nedbør.

Styresmaktene fryktar store flaumar og har bede 2,5 millionar innbyggarar om å evakuere medan dei enno har tid.

Unntakstilstand i alle fylka

Allereie har ein tornado øydelagt fleire fly og hangarar på flyplassen North Berry, opplyser ordførar Michael Udine på Twitter.

Guvernør Ron DeSantis har erklært unntakstilstand i alle Florida sine 67 fylke. Alt utanom naudetatar vil vere ute av drift til klokka seks torsdag morgon.

Orkanen Ian nærmer seg Florida. Bildet fra Key West 27. sept.

I Key West, Florida, samlar folk seg for å sjå på bølgene.

Foto: GWEN FILOSA / Reuters

Det er venta at «Ian» vil lande i Florida onsdag kveld lokal tid, mellom Sarasota og Port Charlotte, som ein tropisk storm i kategori 3 eller 4.

Det er venta store øydeleggingar, ifølge det amerikanske orkansenteret. President Joe Biden seier at Ian kan bli «livstrugande og totaløydeleggande».

Les også Tampa har sluppet unna i over 100 år – nå kommer orkanen «Ian»

Orkanen "Ian" nådde tirsdag Key West på det sørligste punktet i Florida.

Mørkla heile Cuba

Straumnettet på Cuba har brote saman som følge av orkanen. Uvêret brukte fem timar på å krysse landet tidleg tysdag morgon.

Då det igjen tok til sjøs var heile øya utan straum, opplyser styresmaktene i landet ifølge nyheitsbyrået AP.

«Ian» har ført til flaumar, øydelagt bygg og velta mange tre. Det er ikkje meldt om omkomne.

Cubans face Hurricane Ian in Pinar del Rio, Cuba

Øydeleggingar i Pinar del Rio, Cuba.

Foto: ALEXANDRE MENEGHINI / Reuters

– Det var nokre skremmande timar. Det er ingenting igjen her, seier ein 70 år gamal innbyggar i Rio del Rio, gjennom sonen sin profil på sosiale medium.

Kring 40.000 menneske blei evakuerte frå denne provinsen, som blei hardast råka av stormen, melder lokale styresmakter.

I Consolacion del Sur, sørvest for Havana, sa Caridad Fernandez på 65 at taket hennar hadde blitt utsett for store skader, og at vatn hadde flauma inn gjennom ytterdøra.

– Alt vi eig er skada, men vi kjem oss igjennom det. Vi må berre halde fram, seier ho til AFP.

Sentralt at havtemperaturen har stige

«Ian» kjem berre ei veke etter orkanen «Fiona», som førte til store øydeleggingar på Puerto Rico og fleire andre karibiske øyar.

I helga herja også «Fiona» i Canada, og skadane der vil det ta mange veker å rydde opp i.

Ei kvinne går gjennom ei flaumråka gate i Batabano, Cuba.

Ei kvinne går gjennom ei flaumråka gate i Batabano, Cuba.

Foto: YAMIL LAGE / AFP

Klimaforskarar seier til Reuters at klimaendringane vil føre til at orkanane blir våtare, villare og meir intense.

Verdshava har teke til seg kring 90 prosent av oppvarminga som har kome frå klimagassar dei siste 40 åra.

Altså har dei blitt varmare, og nettopp varme hav er det som driv orkanar.

AKTUELT NÅ