Hopp til innhold

Opprør før kvinnedagen: Berre kvinner får stemme

Organisasjonane som endra stemmeretten i 8. mars-komiteen, avviser skuldingane om at dei ekskluderer ikkje-binære transpersonar.

Kvinnedagen

8. MARS: Kvinnedagsfeiringa i 2022 kan truleg arrangerast på normalt vis, i motsetning til i 2021. Her frå før nedstenginga i 2020.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Kven har rett til å seie kva slags politiske saker som er viktige for kvinner, og som skal med i toget på kvinnedagen 8. mars?

Det er kanskje nokre som vil seie at menn ikkje treng å vere den høgaste stemma i ein slik diskusjon. Men kva med transpersonar?

Kvinnefronten og Kvinnegruppa Ottar i Oslo fremma i fjor eit forslag om at alle som definerer seg som kvinner, skulle ha stemmerett på møta som planlegg 8. mars i Oslo.

Klassekampen var den første som dekka denne saka.

Forslaget vart vedteke på konstitueringsmøtet i oktober.

Dei gamle vedtektene sa at alle som ikkje definerer seg som menn har stemmerett. Det vil seie at både ciskvinner, transkvinner, og ikkje-binære personar kunne vere med på stemminga.

Endringa fekk hard kritikk for å stengje ute ikkje-binære personar, blant anna frå likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

– Ufeministisk

Leona Imperatori er ikkje-binær, og var på parolemøtet onsdag, der kva saker som skulle stå på banner og plakatar skulle stemmast over. Hen seier dei nye vedtektene er ekskluderande.

Leona Imperatori

FÅR IKKJE STEMME: Leona synest det var kaotisk på det digitale parolemøtet, og oppfattar endringane som at hen ikkje får stemme.

Foto: Privat

– Det einaste som er annleis er at ikkje-binære no ikkje får stemme. Dersom dei ikkje ville ta utgangspunkt i menn, kunne dei ha funne ei betre formulering, seier hen.

Imperatori påpeiker at hen møter på mykje av den same diskrimineringa som personar som definerer seg som kvinner.

– Det blir for dumt å seie at eg skal ta opp det på ein eigen dag for ikkje-binære, når det går inn i dei same kampsakene.

Hen meiner endringa gjer at viktige minoritetsstemmer blir borte.

– Eg synest 8. mars-komiteen slik det er no er ufeministisk, og køyrer over dei minoritetane som treng mest hjelp.

Les også Transkvinne hetsa – mann dømd etter Facebook-kommentarar

Collage transdom

Melder seg ut

På parolemøtet i Tromsø har alle stemmerett, inkludert menn.

Hanne Stenvaag har vore i 8. mars-komiteen for Tromsø sidan 90-talet, og vore ein del av Kvinnefronten like lenge.

No melder ho seg ut, etter organisasjonen var med og fremma forslaget i Oslo.

Hanne Stenvaag

FRAMLEIS ENGASJERT: Stenvaag vil ha fleire med til å kjempe for likestilling og mot undertrykkande strukturar.

Foto: Vilde Kristine Malmo / NRK

– Det handlar ikkje berre om denne enkeltsaka. I dagens debatt er det stemmer som brukar feminisme og kvinnekamp mot transpersonar. Då er det tonedøvt av organisasjonane å ikkje sjå på endringa i den samanhengen.

Stenvaag seier ho har forståing for at ein ikkje vil definere stemmegivinga ut frå menn som norm. Likevel meiner ho det er verre å ekskludere engasjerte folk.

Ho håpar at fleire vil engasjere seg i inkluderande feministisk arbeid i åra framover. Då inkluderer ho ungdommen hennar på 15 år som er ikkje-binær.

– Hen er jo ein av dei som tek opp arven med å kjempe mot kjønnsnormer, på same måte som eg gjorde på 90-talet, men med eit litt anna språk. Vi har prata mykje om at ein heilt klart kan vere ikkje-binær og feminist.

Det er framleis berre to juridiske kjønn, men det kan endre seg Emre er ikkje mann eller kvinne – ny minister ser på eit tredje kjønn

Emre Lundmark, styremedlem i Fri Innlandet

Meiner debatten har sklidd ut

Ayat Majbel Saeid, Oslo Rødt

KVINNESAK: Saeid synest det var greitt å endre på ei litt rar formulering.

Foto: Paula Lorentzen

– Det var allereie innspel om å sjå på kva som sto i stemmeparagrafen i mai i fjor, seier Ayat Majbel Saeid.

Ho er Raudt sin representant i arbeidsutvalet for 8. mars i Oslo.

– Det var litt rart at kven som skulle stemme om parolar til kvinnedagen vart definert ut frå menn.

Personleg meiner Saeid at debatten no har sklidd ut.

Ho skulle gjerne hatt eit større fokus på dei faktiske parolane dei skal gå under.

I år er ho spesielt oppteken av internasjonal solidaritet med kvinner rundt om i verda som er påverka av pandemien.

Ho understrekar at dei enno har romslege vedtekter som ikkje tek utgangspunkt i biologisk kjønn.

– Arbeidsutvalet fungerer ikkje som kjønnspoliti på møter.

Betre forsking på kvinnehelse har også vore ei kampsak dei siste åra Malene (25) måtte fjerne eggstokken – mener hun ble oversett av helsevesenet

Malene Pedersen

– Må argumentere ut frå eit kvinneperspektiv

Hanne Størset, tidlegare leiar i Kvinnegruppa Ottar sitt lokallag i Oslo, er tydeleg på at dei ikkje har som intensjon å ekskludere ikkje-binære.

Ho meiner kvar enkeltperson sjølv må vurdere om det er rett at dei stemmer.

Hanne Størset frå Kvinnegruppa Ottar

KVINNEKAMP: Størset peikar på at dei har dei største, mest opne 8. mars-arrangementa, der halve befolkninga kan vere med og bestemme.

Foto: Kvinnegruppa Ottar

– Dei som føler dei kan gå inn under ein definisjon som kvinne, uansett kva dei identifiserer seg som til dagleg, må gjerne bli med å bestemme.

Det er altså opp til den enkelte ikkje-binære personen om dei møter definisjonen godt nok.

Ho påpeiker at det tradisjonelt har vore kvinner som har møtt opp og bestemt kva slags saker som skulle bli fronta på 8. mars i Oslo. Etter kvart som arrangementa vart meir omfattande og oppmøtet større, vart det nødvendig med vedtekter.

Endringane som kom no seier ho er eit resultat av ei større opprydding i desse originale vedtektene. Det inkluderer ikkje berre stemmerett.

Til sjuande og sist er dette politiske arrangement som heilt tydeleg handlar om kvinner, seier Størset.

– Så kan vi diskutere masse om kva kvinnesaker eigentleg inkluderer, og det er difor alle møta våre er opne, ikkje lukka for berre kvinneorganisasjonar. Men då må ein argumentere ut frå eit kvinneperspektiv.

Ei av hovudsakene i arets 8. mars-tog er abortnemndene Unge gynekologer vil bli kvitt abortnemndene – de eldre er uenige

AKTUELT NÅ